Føreslår byggeforbod: Arkitekt Sigrid Vesaas har saman med arealplanleggar Signe Vinje sendt brev til partileiarar og planutval i Vinje, der dei mellom anna oppmodar til mellombels byggeforbod på Billagstomta i Åmot.

Ønskjer mellombels byggeforbod på Billagstomta

Arkitekt Sigrid Vesaas og arealplanleggar Signe Vinje er uroa over signala frå utbyggar om at planane for nytt Bratlandbygg ligg fast, og ein ikkje ser føre seg å flytte verken bygg eller parkering.

Dei to har sendt eit brev til partileiarar og planutval i Vinje, der dei argumenterer for viktigheita av trafikkfrie møtestadar både med tanke på folketalsvekst og aldersvenleg stadutvikling. Her viser dei mellom anna til at kommunen er med i eit prosjekt for aldersvenleg stadutvikling. I samband med dette vart eit moglegheitsstudium nyleg lagt fram for kommunestyret.

– Kommunestyret vedtok no i september, med stort fleirtal, at dei tok mogelegheitsstudiet til etterretning og at kommunen jobbar vidare med aldersvenleg, sentrumsnær bustadutvikling i Haukeli, Rauland og Åmot. Dette moglegheitsstudiet legg fram eit heilt anna bilete av Åmot sentrum enn det som er på veg til å bli byggesøkt, skriv Vinje og Vesaas.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit grønt sentrum: Vinje og Vesaas har tatt med denne skissa frå moglegheitsstudiet i brevet sitt. Her viser den djupt grøne fargen «førebels plan over framtidig grøntstruktur»

Dei to spør om det er politisk vilje til å heve kvalitetane i Åmot sentrum. I så fall vil dei tilrå at politikarane for det fyrste ber om å få sjå dei innspela som kom inn i høyringa, og få eit svar på korleis innspela skal handterast. Vidare tilrår dei at politikarane vedtek mellombels byggeforbod på Billagstomta i samsvar med plan- og bygningslova § 13-1. Til sist rår dei politikarane til å ta eigarskap til innhaldet i den planen som blir lagt til grunn.

– Det kan mellom anna vera gjennom eit arbeidsmøte med administrasjonen/utbyggar der de drøftar kva kvalitetar som må sikrast i Åmot sentrum, som seinare blir politisk vedtekne. På den måten vil dei som utarbeider planen ha meir konkrete føringar å arbeide etter, skriv dei to forslagsstillarane.

KNF vil også ha tun mellom handelshusa

Då teikningane av det nye Bratlandbygget vart lagt ut på høyring i sommar skreiv også administrasjonen i kommunen ei uttale, nærare bestemt avdelinga for kultur, næring og fritid (KNF). Dei føreslår, som Vinje og Vesaas, å plassere det nye bygget på ein annan måte, slik kan ein få plassert biltrafikken og parkeringsplassane rundt bygningane i området i staden for midt mellom dei.

– Dette kan skape rom for eit «tun» mellom Fristadsenteret og det nye handelssenteret. Eit slikt tun vil ikkje berre kunne bli ein god sosial møteplass for vinbyggjar i alle aldrar, men bør også vere ei kommersielt fordelaktig løysing som kan auke attraktiviteten på bustadane og næringslokala rundt tunet. Tilrettelegging av gode tun har lange tradisjonar i Vinje, så her kan ein også spele på tradisjon og gode erfaringar frå generasjonar før oss, men i nye rammer. «Vinjetunet» kan marknadsførast som ein destinasjon i seg sjølv og skape stoppeffekt for reisande langs E134, skriv KNF i sitt høyringsinnspel.

Dei har også eit konkret forslag til kva ein kan gjere vidare.

– Basert på våre og andre innspel til byggeplanane, meiner KNF at kommunen bør ta initiativ til og finansiere skisser til ei eller fleire alternative løysingar for det nye handelshuset, i samråd med utbyggjarane. Oppgåva kan utførast av arkitektane til utbyggjarane, i samarbeid med Fristadsenteret og kommunen.

Påtroppande planutvalsleiar avventar

Påtroppande planutvalseiar John Kleiv (Ap) er ein av politikarane som har mottatt brevet frå Vesaas og Vinje. Han forklarar at han har bedt kommunen om å svare han på kva som er vidare handsaming og eventuelt kva innverknad politikarane kan ha på dette. Ut over dette avventar han til han veit meir om saka.

– Eg har ikkje gjort meg opp noko meining enno før eg får alle sider av saka. Eg har høyrt på Sigrid si betraktning men ikkje utbyggar si side av saka. Det er også slik at eg ikkje vil seie noko om dette før eg får fleire opplysningar samt er vald som leiar av planutvalet, skriv Kleiv i ein e-post til VTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Dette er planane for det nye handelssenteret
Les også
Nye Åmot sentrum. – Få kafeen på solsida og ha uteservering og ein leikeplass. Det er eit minimum av kva ein må få til
Les også
Det nye Bratlandbygget vert i hovudsak som på teikningane
Les også
Åmot sentrum: Politikarane avgjer kva som skjer med handelshuset