Statsråd Lene – velkomen til meg!

Me har møtt vesttelen som nå sit ved Kongens bord kvar fredag. I dette intervjuet fortel barne- og familieminister Lene Vågslid (40) om alt frå turar i regjeringsbil til eit underkommunisert talent.

Publisert

– Det har gått kjempefort, det kjennest ikkje som eg har vore her så lenge.

Barne- og familieminister Lene Vågslid (40) står i døra til kontoret sitt i Barne- og familiedepartementet. Ho vekslar nokre ord med ein rådgjevar før ho ønsker VTB velkommen inn – til departements-champagne (vatn med kullsyre).

– Eg trivst kjempegodt her, seier ho.

Men bakom fine ord om kollegaer i departementet finst det også eit lite sakn etter Stortinget.

– Ein er del av eit mykje større politisk lag i kvardagen på Stortinget. Der er det folk overalt, her er eg meir åleine om ansvaret, fortel ho.

Vågslid har to statssekretærar, ein politisk rådgjevar og opp mot 200 byråkratar i Barne- og familiedepartementet.

– Men eg er mykje ute og representerer på eiga hand. Eg kan derfor sakne litt av det sosiale, vibrerande miljøet på Stortinget, seier ho, og kikkar ut av vindauget som vender mot det nyopna regjeringsbygget.

Lene Vågslid har vore stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet sidan 2010.

I 2025 blei vesttelen frå Dalen barne- og familieminister i regjeringa Støre.

– Gode Konge

Ho kan sjå over til Statsministerens kontor på den andre sida av gata. Måndagar er ho ofte på reise, onsdagar er ho i Stortinget i spørjetime eller møte, torsdagar er ho i regjeringskonferanse og fredag hos Kongen i statsråd.

– Det er ærbødig, tradisjonelt og mykje kutyme hos Kongen i statsråd. Det er lite «crazy» som kan skje der, seier Vågslid, og legg til at det er staseleg og trygt å vere på slottet.

Ho helsar på Konge og/eller Kronprins på ein litt annan måte enn sine kollegaer.

– Eg helsar «gode Konge» eller «gode Kronprins». Dei andre seier «Deres Majestet» eller «Deres Kongelige Høyhet». Det er litt unaturleg å seie Deres Majestet på mi dialekt, smiler ho.

Ho fortel at statsrådane presenterer saker for Kongen etter tur.

– Eg kan til dømes fortelje at eg har ei barnevernlovsak som skal opp i Stortinget. Så seier Kongen «ja vel» og så går me til neste sak. Så seier han «ja vel» etter den saka også, og slik fortset det rundt bordet.

Etter statsråd drar regjeringsmedlemmane til representasjonsbustaden for å ete lunsj.

– Der er det litt som klassens time. Me snakkar saman om heilt vanlege ting og har moglegheit til å drøfte saker i regjeringskollegiet, seier Vågslid, før me tar ein tur ut til kaffimaskina i departements-gangen.

Redningsbøyer

Å sikre barn og unge ein trygg, digital oppvekst er ei viktig sak for barne- og familieministeren. Ho har også ansvar for Barnevernet, og jobbar mykje med å førebyggje barne- og ungdomskriminalitet.

– Eg jobbar med mange, vanskelege saker, og kan ikkje berre seie «dette må me fikse». Då har eg sagt det på vegner av regjeringa, og då må ein ha pengar til det, og mandat.

– Kor mykje veg du orda dine?

– Mykje. Heile tida. Eg er vand til det frå Stortinget. Men eg må vere endå meir bevisst på det nå. Viss nokon møter meg og fortel om ei einskild sak, så møter dei ikkje Lene, men statsråden. Det kan vere ganske vondt å seie at eg ikkje kan snakke om ei sak.

Ho seier at ho reint menneskeleg trur at alle har lyst til å hjelpe alle heile tida, men at det er saksbehandlarar i direktoratet som behandlar saker, ikkje politikarar.

– Kva slags «triks» brukar du når det er vanskeleg å svare media på spørsmål?

– Eg har nokre redningsbøyer. Eg har i alle fall slutta å svare «før eg svarar på det, har eg berre lyst til å seie….». Eg veit at journalistar hatar det, folk blir irriterte og ein programleiar ser på deg med harde augo. Om eg ikkje kan svare, seier eg det som det er; eg kan ikkje svare akkurat nå, men skal sjekke det ut.

Men oftare prøvar Vågslid å svare med det som er det overordna målet.

– Eg har alltid ein tanke om kva som er min viktigaste bodskap. Når folk utfordrar meg på detaljerte ting, prøver eg heller å svare med kva som er hovudbodskapen, slik at det er det folk sit att med.

– Kor lei var runden etter valet, då Ap foreslo å kutte gratis ferjer og nedskriving av studielån?

– Det var ikkje artig i det heile tatt. Eg opplevde ei partileiing som la seg veldig flat. Eg skjønar at mange blei overraska, og det var viktig at ein fekk rydda opp.

Her leier Vågslid møte i Barne- og familiedepartementet.

Vågslid har to statssekretærar og ein politisk rådgjevar som jobbar tett saman med ho.

– Ikkje tenk på det

Ho blir køyrd til og frå jobb kvar dag i regjeringsbil. Sjåførane er ifølgje statsråden psykologar, debriefarar, vener og hamburgarpartnarar. 

– Me har vore på Shell Notodden, min favorittplass og kjøpt burgar. Hamburgar er framleis min «guilty pleasure in life», ler ho.

– Hender det at du klyp deg sjølv i armen for å sjekke om du er minister?

– Hm, eg blir ikkje heilt vand til at folk kallar meg statsråd. I starten tenkte eg; kan dei ikkje berre seie Lene? Men profesjonelt sett så er det viktig med ein avstand mellom politikarar og embetsverk. Det er fantastisk at me har det slik at embetsverket til ei kvar tid skal tene den sittande regjering. Dei har ei fagleg tyngde her, og eg kan ikkje finne på kva som helst, seier ho smilande.

– Blir statsråd Vågslid irritert?

– Det er lite frustrasjon. Me er eitt parti i regjering, og alle tek godt vare på kvarandre. Det treng ein uansett kva for jobb ein har. Viss eg til dømes har sagt noko dumt, så er det fint at nokon seier; ikkje tenk på det, du var så flink at. 

Ho ler, og seier at alle treng nokon som heiar. Ho fortel vidare at eit dårleg bilete kan øydeleggje ein dag for ho.

– Eg har mykje mimikk. Når ein tek bilete privat kan eg seie; nei, hu, det biletet kan me ikkje bruke. Men det privilegiumet har eg ikkje alltid i denne jobben. Ein gong ei avis bruka eit forferdeleg bilete av meg var eg veldig misfornøgd. Då var det godt at nokon sa; du, den saka var bra. Eg spurte; såg du ikkje biletet? Men personen hadde ikkje tenkt på biletet.

Balanserer jobb og fritid

Vågslid har ei dotter på 10 år og to bonusborn på 19 og 15 år, og seier at ho planlegg å halde på sambuaren, Arild Grande, som ho møtte på Stortinget.

Ho kan kjenne på sakn etter familie og vener heime på Dalen. Det er viktig å halde på dialekta, sjølv om ho har fått litt pepar for å snakke «utydeleg».

– Det er ei overdriving at folk ikkje skjønar kva eg seier. Eg fekk eit godt tips frå Anne Lognvik då eg kom til Stortinget i 2010; hugs å snakke seint og tydeleg. Og det prøver eg på. Eg får høyre det kvar dag, ja, kvar dag; du har så fin dialekt, fortel ministeren.

– Kva er det viktigaste du har tatt med deg heimanfrå til Oslo?

– At ein må vere seg sjølv og ikkje prøve å vere nokon andre. At ein skal vere fornøgd med det ein får til og tenke at det er godt nok. Og så har eg med meg distriktsperspektivet, og det er viktig.

Vågslid har bruka tid på å lære å meistre ein krevjande jobb. 

– Eg var sjølv utbrent for nokre år sidan. Eg kjenner mi eiga smertegrense. Eg synest eg får det ganske bra til nå, å balansere jobb og fritid, og vere heime når eg er heime. Eg prøver også å leggje bort telefonen når eg kan. Ein må skjøne når ein ikkje får gjort noko meir den dagen, seier ho.

– Til slutt; har statsråden eit underkommunisert talent som me ikkje kjenner til?

– Eg trur eg er relativt god til å synge og spele gitar. Eg har drive mykje med musikk, og på sommaravslutninga her i fjor spela eg piano og song nokre songar for heile embetsverket.

Sambuar Grande er utdanna kyrkjeorganist. Vågslid gjekk på musikkline på vidaregåande. Far, Oddmund Vågslid, er trommis i E76, så det er mykje musikk i familien.

– Eg prøver å få arven vidare over på ungane. «To kråker» og «Rusk i forgassaren» går veldig godt heime hos oss. Men E76 har mange vakre, undervurderte balladar, og den finaste er «Fjellet syng», seier barne- og familieministeren, før ho vinkar farvel til VTB, set seg i ein svart regjeringsbil og blir køyrd ut av byen – til ein stad der det er litt grønare enn i sentrum, og som kanskje minner ho om Vest-Telemark?



Powered by Labrador CMS