Kong Harald V
Min konge er død
Minneord
Me er eit folk i sorg. Både unge og eldre feller sine tårer. Me har lytta til media og lagt blomar på Slottsplassen. Uttrykt våre kjensler i kyrkjer og forsamlingshus. Skrive takk til kong Harald for storslegen teneste gjennom 35 år. Fylgt kongen på den siste reis frå Rikshospitalet til Den røde salong på Slottet. Me har sagt «Leve kongen» til Håkon VIII, som har tala til folket og fornya valspråket: Alt for Noreg.
Personleg står eg tilbake med sorg – og tenkjer på eit langt liv. Eg var jamgammal med kong Harald; min dato var 10. februar, hans var 21. februar 1937. Difor var me samtidig i det militære. Han vart kronprins i 1957 og kadett ved krigsskolen. Eg vart elev ved befals-skulen på Gimlemoen i Kristiansand same året. Såleis møttest me to og konkurrerte med kvarandre i militærløp nær Oslo midt i oktober 1957.
Det førte til at eg seinare brydde meg om livet hans – og komande kongsgjerning. Harald V vart min konge. Han utvikla ei sjeldan evne til å møte menneske; med sin lune humor og kjappe replikk gledde han mange. Han vart ein samlande og inkluderande person, som kunne vise tårer etter 22. juli; opptre med stort smil og engasjement ved idrettsstemner og ulike meisterskap, som for Therese Johaug i Oslo-VM 2011. Kongen brydde seg om alle, og gjorde det norske «Vi-et» større; ikkje minst med sin tale i Slottsparken 2016.
Mitt neste minne er knytt til heimstaden Bykle 1993. Kong Harald og dronning Sonja var på offisiell rundreise i Setesdal tidleg i mai. Besøket vart gjennomført i strålande vårvêr med store opplegg. Det begynte sør i dalen og enda i Bykle kommune tysdag 11. mai. Ved lunsjen på Bykle Gjestegard deltok mange, som fekk servert tradisjonell festmat, med kling, nepespa og mykje godt. I samband med gjestinga deltok far min, og det vart ei vandring til den gamle, rosemåla kyrkja frå 1620-åra. Han kunne vise til Kultran-garden, som låg like ved; der eg og fire sysken hadde vakse opp.
Dagen vart ei glede for far, Hallvard Olavson Mosdøl, som hadde vore kyrkjetenar der i 37 år.
Han kunne fortelje ei kultursoge til kongen, dronning Sonja og biskop Halvor Bergan: Heile kyrkjerommet er dekorert med tradisjonell rosemåling. Kunsten er utført av Aslak A. Wasshus frå Rauland og Knut Å. Byklum. Kyrkja er liten og har eit trev, men manglar lukka tårnrom. Difor må klokkaren stå nede, midt i kyrkjeskipet med tauet, når klokka skal ringje. Kyrkja sin preikestol er i gammal renessansestil frå midt på 1600-talet, og rommar ein døypefont frå 1600.
Så står eg i Kviteseid kyrkje. Dagen er blitt 29. august 2026. Ein kondolanse-protokoll ligg på bordet, for Kong Harald V døydde i går. Han vart 89 år gammal, og mange bilete rullar forbi. Eg må setje meg i kyrkjebenken og kjenne: Eg lever fortsatt. Difor må eg takke min konge, Harald V – som saman med dronning Sonja – har fullført eit makelaust livsverk, og seie:
«Dei ljose dagar og gode minne
me gøymer djupt i vårt hjarta inne,
dei er som stjerner i mørke natt
og legg i hugen sin gylne skatt».