Forsikringsskadar

Portrett av ein mann framfor ei digital avgangstavle.
Tabell med kommunar, tal på mottakarar og samla utbetalingar; Kviteseid er markert med raudt.
Arne Voll i Gjensidige.

Eit par opplevde at rådyra dei mata, ikkje berre var interesserte i maten. Dyra forsynte seg også av togbillettane som låg i rumpetaska

Paret fekk avslag på førespurnaden til forsikringsselskapet. 

Publisert

– Dei aller fleste har gode minne å sjå tilbake på etter sommarferien, men ikkje alle. Også i år har me hjelpt kundar som har opplevd alt frå sjukdom og tjuveri til ganske spesielle hendingar, seier kommunikasjonssjef Arne Voll i Gjensidige i ei pressemelding.

Kvar sommar får Gjensidige titusenvis av meldingar frå nordmenn på reise. Dei fleste gjeld sjukdom, tjuveri eller skade på eigedelar. Nokre saker skil seg likevel ut.

Blant dei meir spesielle skademeldingane i sommar finn me:

  • Ein mann på campingferie vakna med AirPods i munnen. Sjølv om øyreproppane ikkje var svelgde, hadde opphaldet i munnen gjeve dei fuktskadar. Avslag.

  • Eit feriepar opplevde at rådyra dei mata, ikkje berre var interesserte i maten. Dyra forsynte seg også av togbillettane som låg i rumpetaska. Avslag.

  • Ein norsk fjellturist braut foten på ferie i Afrika og måtte fraktast ned frå fjellet på eit muldyr. Innvilga.

  • Eit par bestemte seg for å bade nakne. Då grunneigaren oppdaga det, kasta han kleda deira ut i vatnet. Ein mobiltelefon blei øydelagd. Innvilga.

  • Ein dronepilot melde skade etter at dronen, etter det han opplyste, hamna i vatnet etter eit fugleangrep. Avslag.

  • Ein mann blei angripen av ei kråke og øydela kleda då han fall. Avslag.

– Me ser også mange avbestillingar og tilfelle der kundar har fått unødvendig omfattande behandling. Det skjer ofte når dei oppsøkjer lege utan å kontakte oss fyrst, seier Voll.

I sommar registrerte Gjensidige 410 reiseskadar frå Telemark. Til saman betalte selskapet ut 2,1 millionar kroner. Det svarar til fem skademeldingar kvar dag.

Frå Vest-Telemark har det i sommar kome 48 meldingar til forsikringsselskapet. Totalt har Gjensidige betalt ut 298 071 kroner til desse vesttelane. 

Gjennomsnittleg erstatning var rundt 5000 kroner per sak, men enkelte hendingar førte til utbetalingar på fleire titals tusen kroner.

– Dei fleste feriar går heldigvis heilt fint. Samstundes viser skademeldingane frå sommaren at små og store uhell kan oppstå når ein minst ventar det, og at røynda ofte er meir kreativ enn ein skulle tru, seier Voll.

Powered by Labrador CMS