Det er spådommar om at det kan vere tomt for tog på Sørlandsbanen innan 10 år. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Sørlandsbanen taper mot motorvegen

Samferdsle-forskar meiner at Sørlandsbanen er i for dårleg stand og spår at det heile kan vere over innan 10 år.

Ifølgje den pensjonerte forskaren Anders Langeland ser framtida for Sørlandsbanen mørk ut. Han har forska på samferdsel og jernbane ved Universitetet i Stavanger i 20 år, skriv NRK Sørlandet.

Tal viser nemleg at togstrekninga mellom Stavanger og Oslo via Kristiansand har mista ein tredel av passasjerane sine over dei ti siste åra. For at togruta skal vere lønsam treng ho 1,5 millionar passasjerar årleg. I dag er talet på under halvparten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jernbanen er òg i for dårleg stand med ein snittfart på rundt 70 km/t, medan moderne tog gjerne går tre gonger så fort.

Avdelingsleiar Silvia Johann Olsen ved Transportøkonomisk institutt er einig i at togstrekninga har store utfordringar, mellom anna fordi det er mykje kortare reisetid med bil eller buss langs motorvegen på Sørlandskysten.

Det er likevel ikkje alle som er einige.

– Vi har sett ei positiv utvikling på passasjertala så langt i år, og det er sett i gang ei omfattande fornying av kontaktleidning på strekninga. Det er dessutan planlagd fornying av spor, arbeid med flaumsikring, drenering og fornying av tunnelar, seier statsekretær Cecilie Knibe Kroglund i Samferdselsdepartementet.

– Med andre ord blir det faktisk satsa på Sørlandsbanen, understrekar Kroglund.

(©NPK)