Saumar: Ehssan Issa saumar. Bak står ordførar Beate Marie Dahl Eide og Anne Marie Smeland frå frivilligsentralen.

Skreddaren Ehssan saumar smitteverndrakter til helsepersonellet i Seljord

Snart er 75 frakkar klare til bruk for helsepersonell og reinhaldarar i Seljord.

Ehssan Issa har hjelp frå Seljord frivilligsentral til å få frakkane klare.

– Eg er glad for å kunne bidra, seier Ehssan når VTB er innom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det har vore krevjande å få tak i nok stoff, men Ehssan, Anne Marie Smeland på frivilligsentralen og Per Atle Einan i flyktningtenesta meiner å ha kontroll, sjølv om det er lite att av det gule stoffet.

Det blir produsert 10–12 frakkar i døgnet, og dei meiner at 75 frakkar skal vera klare til bruk for helsepersonell i løpet av få dagar. Den lokale husflidsverksemda Atelier Aase leverer stoff til produksjonen.

Frakkane skal kunne brukast om att etter å kokvask.

Ehssan Issa har 20 års røynsle med nål og tråd frå Damaskus i Syria. I 2018 etablerte han skreddarverkstad på Brøløs i Seljord saman med Eva Grøntoft Dybdahl.

Ordførar Beate Marie Dahl Eide seier at koronasituasjonen har vist at kommunane er sårbare, men at ein etter krisa kan lære seg å i større grad nytte seg av lokale ressursar.

Per Atle Einan, Anne Marie Smeland og Ehssan Issa.