Unge kjøper bruka: For eit par-tre år sidan kjøpte heile kompisgjengar med unge menn kvar sin nye laussnøskuter, fortel Vegard Bråstøyl på Vinje Motorsenter.

Ser ei tydeleg endring i skuterkaupa: – Ungdomen kjøper bruka 

For to–tre år sidan kjøpte fleire unge nye snøskuterar. – Då hadde me heile kompisgjengar som kjøpte kvar sin nye laussnøskuter. Det skjer ikkje lenger, seier Vegard Bråstøyl på Vinje motorsenter. – Ungdomen kjøper bruka.

Publisert Sist oppdatert

Unge menn i Vinje, Tokke og Fyresdal skil seg ut med høg usikra gjeld, og då VTB spurde nokre unge menn kva dei trur desse pengane går til var svaret eintydig: Køyretøy – og særleg snøskuter.

Ein av dei som veit litt om skuterkaupa til vesttelane er Vegard Bråstøyl. Han starta opp Vinje Motorsenter i 2017, og fortel at snøskutersalet auka raskt dei fyrste åra. Sidan har det lege stabilt høgt, og unge menn har vore godt representerte blant kundane heile vegen.

Det som har endra seg i det siste er kva dei vil ha.Tidlegare var det ganske vanleg at ungdomane kjøpte seg nye mountainskuterar, altså lange, smale skuterar til å køyre i laussnøen med. Nå er den typiske nyskuterkunden som kjøper laussnøskuter ein kar på 40–50 år, medan ungdomen kjøper bruka.

Ein faktor som kan ha litt å seie for dei yngre er prisen på nye skuterar, for dei siste åra har nyprisen på toppmodellane stige kring 100 000 kroner. Samstundes er Bråstøyl usikker på om dette har så mykje å seie for dei som er tidleg i 20-åra. 

– Er du 22 år, har eit greitt arbeid og bur heime så betyr det nok ikkje så mykje om snøskuteren kostar 200 000 eller 300 000. Då er det verre for dei som er 30 år, nyetablerte og med ferske huslån.

– Det kan vere eit triks, det, å dra kredittkortet

Uansett om skuteren er ny eller bruka, så må den betalast. Kjøpet kan finansierast med lån med sikkerheit i skuteren, altså sikra gjeld, og Bråstøyl formidlar ein del slik finansiering. Men han har også kundar som dreg kredittkortet når dei kjøper ein skuter til 150 000 eller 200 000 kroner.

– Det kan vere eit triks, det, å dra kredittkortet slik at ein tener opp bonuspoeng og så reise heim og løyse det inn. Det er ikkje så vanleg at unge kundar nyttar dette trikset, men det skjer, fortel Bråstøyl.

Om det kanskje ikkje er sjølve skuterkjøpet som fører til brorparten av den usikra gjelda blant unge menn, så kan det vere kostnadar etterpå. 

Ein ting er dei løpande utgiftene til bensin og olje, og det kan nok også fort gå ein del tusenlappar til standsmessige klede, støvlar, hanskar og hjelm. Men når stadig fleire unge kjøper brukt vil dei også få stadig større utgifter til reparasjonar og vedlikehald. 

– Til gamlare den er, til meir kostar det, det er det ikkje tvil om, slår Bråstøyl fast.

Få unge vaksne kjøper ATV og UTV

Bråstøyl sel også firhjulingar, sekshjulingar og UTVar (overbygde firhjulingar), men trur ikkje dette har noko innverknad på pengebruken til dei mellom 18 og 30 år, sidan dei knapt er representerte i kundegruppa til desse køyretøya.

Firhjuling og sekshjuling har ei vaksnare kundegruppe, ofte folk over 40 som har desse køyretøya som supplement til andre køyretøy, til dømes traktor.UTV har ei yngre kundegruppe. 

Dei som vil dette er gjerne 16- og 17-åringar som bruker UTV som alternativ til bil – og då er det som oftast foreldra som kjøper køyretøyet.

Powered by Labrador CMS