Vinje skulegard: – Det er ikkje så ofte eg tenker eg ville vore elev att, men det tenker eg nesten her
– Det kan bli litt for mange firkantar i skulen, seier lærar Dag Larsen. – Firkanta dør, firkanta pult, firkanta bøker, firkanta PC, og så hender det du får dra ei bogen line i kunst og handverk ein sjeldan gong.
Nå som gamle Rauland prestegard har blitt til Vinje skulegard, får vaksne og ungar moglegheit til å reise bort frå den firkanta skulekvardagen. Her får dei samle seg rundt langbordet i stova eller rundt bålpanna ute. Her får dei fôre dyr, hente egg, bygge gapahuk, kløyve ved. Her får dei ete sjølvdyrka, sjølvhausta og sjølvlaga mat.
Framleis er skulegarden i startgropa, og dei faste elevgruppene skal i gang etter haustferien, men Dag og nokre elevar har tjuvstarta. I vår fekk dei materialar frå Øyfjell sag og høvleri og bygde kasser til hagen, og nå bognar dei av både graslauk, bær og grønsaker. Dag sikrar seg ein jordbærstikling.
– Dette er jo jordbærplanter etter sjølvaste prestefrua Gunn, gliser han.
Grunnpoteten
Litt for seg sjølv står ei kasse som er heilt spesiell. I den sette Dag og hans kollega Irja Godal grunnpoteten for Vinje skulegard på kvelden den 28. mars, same dag som dei hadde vore på intervju for å få jobbe her.
– Det må vere det tidlegast sette jordeplet i Rauland nokosinne, ler han.
At Vinje har fått på plass ein skulegard synest han er heilt fantastisk.
– Det er ikkje så ofte eg tenker eg ville vore elev att, men det tenker eg nesten her. At Irja kom med denne ideen og at dette har blitt til i mi tid som lærar i Vinje, det er heilt utruleg. Det er det største som har skjedd i mitt liv som lærar. Og så at det skjedde så fort.
– Litt for fort, nesten, ler Ruben Kleppan.
For det er bare halvtanna år sidan Allstad (tidlegare Opplysningsvesenets fond, red. merk) bestemte seg for at prestegarden skulle bli skulegard. Ei stifting blei oppretta og denne sette i gang med å rekruttere vertskap til skulegarden. Dei fekk napp hos Ruben og kona Mirjam, som selde huset sitt i Tønsberg og flytta til Vinje for å drive skulegard. Enn så lenge bur dei på to soverom i hovudhuset medan Allstad set i stand kårhuset dei skal bu i.
Med folk på garden att, vaknar den sakte til liv. Ekorn og småfuglar dukkar opp i det store lerketreet på tunet. I den vêrbitne låven er ein verkstad i ferd med å ta form. Inne i hovudhuset luktar det nymåla nesten over alt. Og hagen me står i, som berre var ospekratt, er rydda slik at dei frodige ripsbuskane får breie seg ut kring kassene med urter, bær og grønsaker.
– Kjempegode rips, seier Ruben og puttar ein neve med raude bær i munnen.
– Eg skal få med meg nokre elevar hit for å plukke, smiler Dag og hiver innpå ein neve han òg.
– Hamsterhjulet er ikkje så gøy
Ruben jobbar fulltid med skulegarden, medan Mirjam har ei 20 prosent gruppeleiarstilling på garden og ei 50 prosent stilling på Rauland skule. Ho er pedagogisk leiar og har vakse opp på gard med kyr.
– Då eg flytta heimanfrå sa eg at eg aldri skulle bu på gard igjen, ler ho.
– Men me er jo ikkje her for å starte gard.
Mirjam har alltid vore oppteken av å hjelpe elevane å finne seg sjølv.
– Men det er krevjande å sjå alle i eit rom med 30. Det er tungt å gå ut av rommet og vite at det er fem, seks, sju ein ikkje har rokke å hjelpe. Og då tenker eg ikkje berre på det faglege, men det å ha tid til å sjå dei som menneske, seier Mirjam.
Skulegarden gjev henne tida og moglegheitene til å sjå den einskilde som ho har sakna i skulen.
– Det å få jobbe her er ein draum som går i oppfylling.
Ruben har jobba med bygg, anlegg og ungdom, både som lærar på vidaregåande skule og i bedrifter der han har hatt ansvaret for lærlingar.
– Det handlar om å gje folk livsmeistring, seier han.
– Eg har hatt 40-åringar som ikkje veit opp og ned på ein tommestokk. Inst inne er det jo litt trist. Men det er godt likevel, og dess tidlegare folk kan lære slikt, dess betre.
Dermed tok han og Mirjam det store valet og flytta til Vinje.
– Me har to ungar som me har gjeve det beste me har. Dei er ute av reiret no, og då har me lyst til å gjere noko meir, seier Ruben.
– Me er laga slik at me ønskjer å vere med på noko samfunnsnyttig. Me vil vere med på noko som gjer at dagane våre betyr noko i ein større samanheng. Hamsterhjulet er ikkje så gøy.
Kunne blitt tre gode podkastar
I tillegg til Mirjam er det tilsett fire andre gruppeleiarar som skal jobbe på skulegarden kvar onsdag. Dei jobbane var det mange som ønskte seg. Heile tretten søkjarar var inne til gruppeintervju, og det var ei morosam oppleving, synest Ingebjørg Austjore.
– Korleis samtala gjekk, og alle henta tankar og refleksjonar ut av kvarandre – det hadde vore tre gode podkastar, ler ho.
– Etterpå tenkte eg berre «Herremin, kor mange fantastiske menneske det er i Vinje oppvekst».
Ingebjørg er oppvaksen på mjølkegard, er til dagleg lærar på Edland skule, og kom gjennom nålauget og fekk bli gruppeleiar på skulegarden. Ho trur dette blir ein stad der elevane kjenner seg meiningsfulle
– Her kjenner du at du gjer ein forskjell. Du gjev dyra mat. Hentar grønsaker. Et mat du har laga sjølv.
Ingebjørg har alltid likt å ta med seg undervisninga ut, og har til dømes har hatt med elevar i geitefjøset.
– Og når du ser den tøffaste guten sitje att i bingen med eit kje... Det gjer noko med deg når du ser at eleven ikkje vil gå derifrå.
– Ja, det er fantastisk å sjå ungar i samspel med dyra, nikkar gruppeleiar nummer to, Anja Borgersen. Ho er til dagleg barnehagelærar, men er i tillegg sauebonde og har ofte hatt med barnegrupper heim på garden.
– Då ser ein korleis dei som vanlegvis er stille og usynlege blir meir frampå. Korleis dei som gjer mykje rart til vanleg blir heilt annleis. Korleis empatien kjem fram hos dei ein ikkje ser den så mykje hos elles.
Nok tid, og nok vaksne
Den to siste gruppeleiarane er Dag, som me alt har møtt, og Irja Godal, som er oppteken med lokalpolitikarplikter når VTB er på besøk. Både Irja og Dag jobbar på Rauland skule og brenn for praktisk læring.
– Det er viktig å ha tid nok til at ting kan gå litt sakte nokon gonger, seier Dag.
Det er det som oftast ikkje tid til i den tradisjonelle skulen, der timeplanen er grunnmuren som styrer dagen. Då må ein ofte avslutte ting før ein eigentleg skulle, og praktisk undervisning kan bli ei blanda oppleving dersom elevgruppa er for stor.
– Det går ei smertegrense på ti elevar når eg har verkstadgrupper, seier Dag.
For mange elevar opplevast skuledagen dessutan som eit lappeteppe av fag og faglærarar, der kvar lærar kjem inn førebudd på sitt fag og ventar at eleven er tilsvarande førebudd og læringsklar – medan realiteten er at førre time eller ein krangel i friminuttet er det som opptek tankane. For å få denne typen skuledag til å flyte blir lærarar gjerne kursa i å få til gode overgangar – for dei er det mange av.
Men på skulegarden blir dagane heilt annleis. På onsdagane framover vil dei vere tolv ungar og fem vaksne i sving, og dagen vil ha naturlege bolkar som vert delt inn av måltida. I tillegg vil dei ta imot klassegrupper andre dagar i veka, og målet er at alle elevar i Vinjeskulen får vere på skulegarden i løpet av skuleåret.
Men planane stoppar ikkje med det.
Arven etter prestegarden
I gamle dagar var prestegarden eit nav i bygda. Den var opplæringsstad, helsestasjon og politikammer. Det var her ein samla seg i både sorg og glede. Denne arva ønskjer skulegarden å vidareføre.
– Me vil vere ein stad for bygda, seier Mirjam.
Dei er alt i kontakt med Rehabiliterings-senteret Air om eit mogleg samarbeid, og ønskjer pensjonistlag og andre frivillige organisasjonar hjarteleg velkomne til å ha møte, aktivitetar og samkome her.
– Eg har sett eit gamalt bilete som er teke her på tampen av krigen, då alle skjøna at nå er det ferdig. Der er det heilt fullt på tunet, seier Ruben.
– Det biletet har me lyst til å gjenskape.
Grunnpotet-avlinga
Nå samlar dei fem engasjerte vaksne seg kring kassa med grunnpoteten. Det er tid for å ta den opp.
– Du får gjere det, du som var med på sette den, seier Ruben til Dag.
– Tenk viss det ikkje har blitt noko. Dei risa ser stusslege ut, svarar Dag. Han glyttar litt engsteleg bort på pressefotografen som står klar.
– Du har ikkje ein diger potet i bakhand, berre i tilfelle? kviskrar han til Ruben.
Men så set han i gang å grave, og smilet blir breiare og breiare ettersom den eine gylne mandelpoteten etter den andre landar på graset ved kassa. Ruben hjelper også til, og til slutt har alle dei vaksne hendene fulle. Etter litt intensiv plussing er fasiten klar.
- 39 fine mandelpoteter, seier Ruben.
– Det lovar godt for skulegarden.