Ungdomsskuleelevane og lærarane kosa seg i skisenteret på Rauland.

Samla ungdommane på Rauland

Fredag blei alle ungdomsskuleelevane i Vest-Telemark samla til felles skidag og konsert med E-76. 

Publisert

Det har blitt ein fin tradisjon at alle elevar i ungdomsskulen i Vest-Telemark blir invitert til felles skidag.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Rauland Skisenter og Vinje kommune, og målet er å gje ungdommane ein felles aktivitetsdag med mykje energi, meistring og gode opplevingar i bakken.

Fredag leverte også vêret med blå himmel og sol, og skidagen blei runda av med konsert frå E-76. 

Alle ungdomsskuleelevar i Vest-Telemark blei invitert til skidag i Rauland fredag.
E-76 spela for ungdommane på Rauland.
Powered by Labrador CMS