Raimond Kåsene med bilete av storebror Rudolf.

Raimond hyllar storebroren – gitaristen utan fingrar

12 år gamal blei Rudolf Kåsene sjuk. Han måtte amputere alle fingrane. Det stoppa han ikkje frå å halde fram med sin store lidenskap; å spela gitar. Nå vil broren Raimond fortelje historia om storebroren. 

Publisert Sist oppdatert

Det er snart 30 år sidan Rudolf Kåsene (1973-1996) frå Seljord tok sitt eige liv berre 23 år gamal. 

– Eg hugsar alt. Det var heilt forferdeleg.

Raimond blir stille når han tenker tilbake på tida han mista broren sin. Nå vil han heidre Rudolf med å løfte fram gløymde låtar, og fortelje historia om korleis storebroren trassa alle odds for å spele gitar.

Blacky og Bjørnstadbui

Rudolf og Raimond var eldst i ein syskenflokk på fire som vaks opp nedanfor Sundsbarm kraftverk i Seljord. Faren blir av Raimond skildra som ein slags mekanikarfigur i bygda, noko som førte til stadige besøk av ymse folk.

Ein av desse var «Blacky», som fekk stor betydning i oppveksten. Blacky var kallenamnet til tyskaren Jürgen Dachert – mannen med det svarte, ville håret. Han hadde flytta til Vrådal for å jobbe som hotellmusikar, og etablerte seinare musikkforretning i Bjørnstadbui i Kviteseid sentrum.

– Eg trur eg var rundt 11 år, og Rudolf 12, då me byrja å interessere oss for musikk gjennom Blacky. Rudolf blei heilt hekta, fortel Raimond.

Foreldra støtta interessa og hjelpte gutane med å få tak i instrument. Blacky hadde både mykje utstyr og mange historier. Men før Rudolf rakk å kome ordentleg i gang med rockedraumen, skjedde det utenkelege.

Alvorleg sjuk

Tolv år gamal blei Rudolf sengeliggjande med høg feber. Det viste seg å vere hjernehinnebetennelse, ein sjukdom som kan utvikle seg raskt og vera livstrugande. Kroppen reagerte med blodforgifting, og Rudolf overlevde berre så vidt. Prisen var likevel høg. For å berge livet måtte legane amputere alle fingrane på begge hender.

Ein skulle tru draumen om å spele instrument blei knust, men Rudolf let seg ikkje knekke. Kort tid etter fekk han sin fyrste blå V-gitar, men utan fingrar var det frustrerande vanskeleg. Han prøvde andre instrument. Raimond ler litt når han minnest korleis broren teipa trommestikkene fast til handstumpane.

Det fungerte dårleg. Rudolf kasta stikkene frå seg og vende tilbake til gitaren.

Blacky blei ein viktig pådrivar. Som ung hadde han spelt med sigøynarar i grenseområda mellom Tyskland og Frankrike, og han hadde møtt jazzgitaristen Django Reinhardt (1910–1953). Reinhardt lærte seg å spele med berre to fungerande fingrar etter ein brann i 1928. Med dette som døme trudde Blacky på Rudolf – trass i at seljordingen hadde endå dårlegare føresetnader – med berre restane av to tomlar og knokeledd att.

Å lære seg gitaren var tungt og tidkrevjande. Raimond hugsar godt pågangsmotet til storebroren. 

– Det var heilt utruleg korleis han bestemte seg for at dette skulle han klare. Med Blacky si hjelp skjedde det nærast eit mirakel. Han spelte betre enn mange med fingrar. Mykje betre, seier Raimond. 

Gruppa The Gallow birds blei stifta i 1989 av trioen Jurgen Düchart (alias Blacky), Rudolf «Rudy» Kåsene og Raimond Reino Kåsene. Dei spela saman i om lag tre år på lokale, restaurantar, hotell og kroer. Blacky dreiv også musikkforretning i Bjørnstadbui i Kviteseidbyen i fleire år.
The Gallow birds med Jürgen Dachert, alias Blacky (t.v.), Rudolf Kåsene og Raimond Kåsene. Her poserer dei framfor musikkforretninga til Blacky i Kviteseidbyen. – Me hadde over 40 spelejobbar på 3,5 år, fortel Raimond.

The Gallow birds

I 1989 utgjorde Blacky og Kåsene-brørne bandet The Gallow Birds. Trommeslagar Raimond var 14 år, gitarist Rudolf 15. Blacky spelte bass og var utstyrs­entusiast, ofte på reisefot med orgel, synthar og store forsterkarar. Trioen spelte alt frå gammal countrypop til dansbare valsar og klassiske rockelåtar.

Rudolf Kåsene var klar for å delta på talentiaden i Kviteseid.
Rudolf Kåsene var klar for å delta på talentiaden i Kviteseid.

Rudolf var eit særleg talent, både som gitarist og songar. Raimond meiner likevel at Blacky heldt han litt tilbake. 

– Han ynskte å vere frontfiguren, seier Raimond.

Løysinga blei å dele rollene mellom seg, men Blacky var og blei musikalsk leiar. Han var ein perfeksjonist – det kunne alltid bli betre. 

Avisutklipp med svartkvit bandfoto og artikkel om konsert.
I 1992 kom Rudolf Kåsene inn som ny gitarist og vokalist i Drangedalsbandet Fairytales. Her saman med Per Olav Tveit (bak til venstre), Svein Arne «Bass» Eilefskås, Rudolf Kåsene og Josef Bastnes.

– Likevel gjekk det greitt. Me var takksame for at han ordna med både utstyr og spelejobbar, så det var naturleg at han var sjefen.

Bandet hadde mange jobbar, både lokalt og lenger borte. Betalinga låg ofte på rundt tusen kroner per oppdrag, somme gonger meir. 

– På 90-talet var ikkje det dårleg, seier Raimond.

Hjarte av edelt metall

Vegen gjekk vidare til musikklina i Skien for Rudolf. 

I arkiva til VTB finst fleire oppslag om Rudolf. I 1991 deltok han mellom anna på ein talentiade i Kviteseid og blei omtala som «dyktig gitarist utan fingrar». I tillegg til veslebror som trommis hadde den då 18 år gamle Rudolf med seg Kristian Lie på bass og Helge Naper på gitar. På biletet i lokalavisa står ein nonsjalant Rudolf med armane i kross. «Eg brukar vel ikkje nokon spesiell teknikk, anna enn at eg brukar handflatene svært aktivt», sa han.

Rudolf gjekk vidare inn i rockebandet Fairytales frå Drangedal ei tid, der han kom inn som gitarist og vokalist med eigne låtar godt blanda med deira materiale. 

– Han var veldig morosam. Kanskje ofte usakleg morosam, men heilt ekte i musikken. Han var glad i folk. Eit hjarte av edelt metall, minnest Raimond. 

Raimond Kåsene ynskjer å heidre storebror Rudolf, og jobbar nå med å gje ut musikken til broren.

Gjev gamle låtar nytt liv

I dag brukar Raimond mykje tid på å hente fram att låtane til broren. Med utgangspunkt i The Gallow Birds speler han no trommer i trioen The Raimones i Seljord.

Rett før jol spelte dei inn fleire låtar i heimestudio, mellom anna «Synke ned» og  «Hake med alt» som Rudolf hadde med seg frå tida som vokalist i Fairytales. Songen «Jeg folder mine hender» som Rudolf skreiv blir også med. Sju innspelte songar vil kome på ein heimelaga CD.

Raimond syng refrenget til ein av broren sine låtar. 

Jeg folder mine hender små, i takk og bønn til deg

Og håper ingen andre får det like vondt som meg

Når smerten går på nerva, faller jeg forderva

Når skal det så si stopp? Når skal det så bli nok.



Powered by Labrador CMS