Ny leiar: Pål Kårbø (t.v.) og Roald Aga Haug. Foto: Privat

Pål Kårbø blir ny leiar i E134 Haukelivegen AS

Tidlegare fylkesvaraordførar i Hordaland, Pål Kårbø (47), er tilsett som ny dagleg leiar i selskapet E134 Haukelivegen AS.

Etter at ha motteke 24 søknader til stillinga vedtok styret på sitt ordinære møte 29. januar å tilsette Pål Kårbø i stillinga. Han erstattar Børge Skårdal når han går av med pensjon.

– Vi hadde mange gode søkjarar med ulik kompetanse, som ønskte å arbeide for selskapet. Dette syner at E134 over Haukeli har stor støtte, og er den føretrekte traseen mellom aust og vest her i Sør Noreg, uttaler styreleiar Roald Aga Haug i ei pressemelding.

Pål Kårbø er utdanna siviløkonom og busett i Alver kommune. Han har 24 års erfaring frå politisk arbeid, hovudsakleg på fylkesnivået, men også frå kommunestyret i heimkommunen, og ein periode som 1. varamedlem for Hordaland KrF på Stortinget. Kårbø sitt politiske engasjement har hovudsakleg vore innan næring og samferdsel, og han har styreerfaring frå ein rekke selskap som Bybanen AS, Sunnhordland lufthavn AS og Grieghallen AS. Kårbø har også i lange periodar vore styreleiar og arbeidande styreleiar i ulike vegselskap som til dømes Sunnhordland Bru – og tunnelselskap AS, Bømlo Vegselskap AS og Nordhordlandspakken AS.

– Eg trur styret vektla erfaringa mi både som pådrivar for fleire vegprosjekt, og som aktiv politisk deltakar i høyringsarbeidet over fleire NTP – periodar, seier Kårbø i pressemeldinga.

– No ser eg fram til å framsnakka og presentere dei ulike prosjekta til E 134 Haukelivegen inn mot Storting, Regjering og hjå dei ulike lokale og regionale eigarane til selskapet, seier han vidare.

Selskapet har mange gode og samfunslønsame prosjekt som må vera langt framme i prioriteringane på komande NTP for 2022–33.

– Eg og resten av styret ser fram til å samarbeide med Kårbø frametter, og vårt felles mål er å scora mange gode samferdselspolitiske mål i åra som kjem, avsluttar ein nøgd styreleiar og ordførar i Ullensvang kommune, Roald Aga Haug.

Pål Kårbø startar arbeidet for selskapet straks. Bytet av dagleg leiar skjer i nær framtid når det formelle er på plass.

Les også
24 har søkt på jobben som ny leiar i E134 Haukelivegen AS
Les også
Vegforkjempar takkar av etter 18 år