Ordføraren: – Djupt tragisk

Kviteseid-ordførar Bjørn Nordskog seier kommunen fylgjer opp dei tilsette som har vore involvert i arbeidet knytt til brannen i Kviteseid sundag, der ein mann i 30-åra omkom.

– Det er djupt tragisk, seier ordførar i Kviteseid, Bjørn Nordskog, om brannen i ein bustad på Flatin i Kviteseid sundag morgon, der ein mann i 30-åra mista livet.

Les også
Mann funnen død etter brann i bustadhus

Politiet har det øvste ansvaret for responsen etter brannen, men Nordskog fortel at kommunen bistår der dei kan. Kriseteamet er kopla på, og Kviteseid kyrkje vil halde ope sundag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kommunen har også ansvar for å fylgje opp dei tilsette som har vore involverte i arbeidet knytt til brannen. Dette har me byrja med i dag, og skal sjølvsagt halde fram med dette i dagane som kjem, seier ordføraren, og opplyser at kommunen vil vurdere situasjonen fortløpande.

– Me tek det dag for dag.

Les også
Opnar kyrkja i kveld etter den fatale brannen

– Eit bygg som toler sorg

Prostidiakon Eilev Erikstein er på veg til Kviteseid for å bistå kriseteamet når han snakkar med VTB.

– Slike hendingar blir veldig synlege på ein så liten stad, i eit så lite lokalsamfunn, seier han.

– For dei som er råka, er dette mykje å ta innover seg på kort tid, og ein vil ha ein sorgprosess dei neste dagane fram til gravferda, held han fram.

Han håpar lokalsamfunnet kan finne «eit lite pusterom» i den opne kyrkja sundag kveld.

– Eg trur det er veldig viktig ha ein stad der folk kan koma å sitje. Når det er unge personar involvert er det ekstra viktig at ein har trygge, vaksne personar som toler å stå i ein slik vanskeleg situasjon. Både kyrkja og kriseteamet vil begge vera representerte, for å synleggjere heile dette hjelpeapparatet, forklarar Erikstein.

Han understrekar at det ikkje er lagt opp til noko liturgisk program sundag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ingen ord eller andakt. Det er heller ikkje ei minnestund, då den omkomne ikkje er identifisert, men det er ei markering av kor viktig det einskilde mennesket er, fortel Erikstein.

– Kyrkja eignar seg godt for stille samling – det er eit rom som toler å huse sorg, avsluttar han.