Olav Kleiv, snart 80 år, har laga sykkelgard i Åmotsdal.

Olavs turistattraksjon i Åmotsdal: – Det er mange som filmar og styrar på 

Nærare 40 syklar prydar vegen opp til huset til Olav Kleiv. Og det er mange som svingar innom for å beundre kunstverka hans.

Publisert Sist oppdatert

– Her sit eg sommar og vinter. 

VTB er på besøk hos Olav Kleiv i Åmotsdal. Me sit i «Saras telt» og pratar.

– Namnet på teltet er berre eitt av mine mange påfunn, smiler han.

Nokre minuttar tidlegare har me spasert opp vegen til huset hans, som er ramma inn av ein imponerande «sykkelgard». 

Ein skigard varar vel ikkje evig ...

– Nei, det gjer ikkje ein sykkelgard heller, repliserer Olav kjapt. 

Han smiler og legg til; 

– Syklane rustar ikkje når eg lakkerer dei. Men kjeda rustar. Eg kan reparere dei, men det er eg ikkje interessert i.

Her ser du berre litt av den imponerande «sykkelgarden» til Olav.

– Eg måtte finne på noko

Han er utdanna sveisar, og jobba hos Skien Rustfri Industri i 22 år, til han gjekk av med pensjon då han var 72 år. Før det jobba han for Polly fabrikkar i 20 år.

– Eg burde ikkje ha slutta då eg var 72, eg burde ha jobba til eg blei 90. 

Kunne du ikkje det?

– Eg tenkte eg måtte ta det meir med ro, men så blei det for kjedeleg. Eg måtte finne på noko – eg måtte vere kreativ.

Det er ikkje alle som har ei glas-postkasse, men det har Olav Kleiv.

Skjønt kreativ har han alltid vore. Då han jobba som reparatør og maskinist til sjøs, laga han bilete til dei som jobba om bord, ved å sveise nøklar og liknande saman til kunst.

– Så hang dei det på veggane.

Heime i Åmotsdal har han laga mange blomsterskulpturar opp gjennom åra. Sveisaren er ekspert på rustfritt, og dei ulike kunstverka i hagen er sveisa med stor presisjon.

– Alt her er rustfritt, syrefast og i aluminium. Akkurat nå driv eg og lakkerar «porselens-klåtur,» seier Olav.

????

– Dei gamle telefonlinene gjekk igjennom desse, veit du.

(Journalisten visste ikkje det.)

Olav seier at han har system i rotet sitt.

Alle slags fargar

– Dei første syklane fekk eg to år før eg pensjonerte meg. Så har folk kome med fleire syklar etter kvart. Nå nærmar det seg 40.

Det er ikkje mogleg å køyre forbi huset til Olav utan å legge merke til den fargerike sykkelgarden ved huset hans.

– Det svingar 20–30 bilar oppom kvar dag heile sommaren. Dei lurer ofte på om dei har kome til museet. Eg hugsar godt ei dame i burka som sette seg oppå ein sykkel og fekk mannen til å filme. Det er i grunnen mange som filmar og styrar på, og det er heilt greitt det, seier han.

Men selje syklar eller anna kunst han har laga, det vil han ikkje.

– Nei, det er ikkje aktuelt. Men det er mange som har spurt.

Det er fullt av ting og tang og ikkje minst lakkboksar i alle slags fargar i Saras telt.

– Eg synest alle fargar er fine, til og med svart. Eg likar svarte hus òg eg, men det er ikkje mange som er einige med meg i det.

Olav seier han har system i rotet sitt i teltet, og at han stortrivst heime i Åmotsdal, ikkje langt frå der han voks opp.

Men du som har vore så mykje ute og reist, kunne det ikkje vore moro å ha budd ein anna plass òg?

– Nei, eg kan ikkje tenke meg ut av landet, det kjem ikkje på tale. Eg har sigla over heile verda, det held for meg.

Powered by Labrador CMS