Nytt frieri frå flyplassen
For to år sidan sa Vinje kommune ja til å bruke fem millionar på å bli medeigar i Notodden flyplass – men så ombestemte dei seg. Nå er friaren attende.
Før formannskapsmøtet i Vinje blei klubba i gang førre torsdag fekk Notodden flyplass sleppe til med nok eit frieri.
– Me har jo hatt ei historie med at me vil inn og støtte litt, og så har me ombestemt oss. Men det er uansett interessant å vite litt, for me er jo ein kommune med pendlarar og me er ein reiselivskommune, sa ordførar Jon Rikard Kleven (Sp), før han gav ordet til lufthamnsjef Dag Flåterud.
– Det er to år sidan eg stod her og hadde ein ganske lik presentasjon. Mykje har skjedd, men det som ikkje har skjedd er nytt terminalbygg, sa Flåterud.
– Og utan det hjelper det ikkje med ny rullebane og så bortetter.
Treng toll
Notodden har ei teknisk godkjenning som storflyplass som varar fram til 2029. Dei kan handtere fly med 40-50 seter i dag, men målet er å kunne ta imot dobbelt så store fly, og at dei også kan koma frå utlandet og lande direkte på Notodden flyplass. Det er her det nye terminalbygget til 21 millionar kroner kjem inn i biletet, for ein funksjon det skal innehalde er toll. Det er ein føresetnad for å ta imot utanlandsflygingar.
Førre gong Vinje sa ja til å gå inn på eigarsida til flyplassen med fem millionar, sa også Tinn kommune ja til det same. Tinn sine pengar ligg framleis i potten, og nå håpar Flåterud at Vinje kan vere klar for å ombestemme seg og seie ja att. Han understrekar at Tuven er eit attraktivt område med etterspørsel etter fleire næringsbygg. Dermed vil kommunen få att pengane om det skulle vise seg at flyplassen ikkje er liv laga.
– Det bygget, idet det er sett opp, vil uansett ha ein høgare verdi enn byggekostnadane. Viss ein i framtida ser at dette ikkje går og må selje bygget, så får ein att pengane sine, sa Flåterud.
Men liv laga trur han flyplassen er, for ifølge ei kartlegging gjort av Telemarkforskning er det 170 000 potensielle flykundar i regionen som soknar naturleg til Notodden.
I tillegg til desse kjem anleggsarbeidarane, som Vest-Telemark har mange av. Desse har ikkje vore så lett å fange opp i kartlegginga, men Flåterud får stadig telefonar frå firma som har tilsette i Vest-Telemark.
– Dei lurer på om me flyg ruter, for når dei skal legge inn anbod er dei avhengig av å få sine tilsette over på vestlandet, forklarte han.
Direkte til Liverpool
Bertin Bjåen (Ap) lura på om det kunne vere aktuelt å få flygingar til Liverpool.
– Det er eit døme på prosjekt ein kunne tatt opp att dersom ein fekk eit terminalbygg på plass, svarte Flåterud.
– Eg heiar veldig på flyplassen, og hadde ein hatt direkteflyging til Liverpool så er det fleire enn formannskapsmedlem Bjåen som blir glade, sa Kleven.
– Eg trur om lag ein prosent av Noregs befolkning er med i den norske supporterklubben, og mange av dei vil heilt sikkert heller fly Notodden–Liverpool.
Pengespørsmålet var ikkje til politisk handsaming i dette møtet, men truleg kjem det ein søknad frå flyplassen ganske snart.