Det er mange merkelappar som kan passe til Arne.

Smørberar. Slåttekar. Skihoppar. Spelemann. Lærar. Bonde. Kultursjef. Kulturberar.

Men sjølv om han har gjeve ut sju bøker, vil han helst ikkje bli kalla forfattar.

Nedskrivaren

– Det er moro å skrive. Eg tenkjer med gru korleis det skulle bli viss det ikkje var noko å skrive om lenger, seier Arne.T. Aabø. 

Publisert Sist oppdatert

Video: Katten, bjørki, Arne og eit dikt.

Når Arne blir spurd om å skrive noko, svarar han at han skal sjå om det kjem til han. 

– Kjem det til meg, skriv eg det ned.

Som oftast kjem orda velviljuge til nedskrivaren, som også kan godtaka å bli omtala som skribent. Me sit i skrivestova på Midtveit, bureisingsbruket som foreldra til Arne bygde i Støylsdalen på slutten av 40-talet.  

Idyll på Midtveit
Bjønnevakdagen på primstaven til Arne og Torunn.

Han og kona Torunn har vore oppe sidan 7-tida i dag, og som vanleg har dei starta dagen med sin eigen vesle «andakt» med primstav og dagbok. Det er 22. mai og endeleg eit mildt drag i lufta. Ein lagleg dag å vakne på for bamsefar – for i dag er det Bjønnevak.

Etter å ha sjekka primstaven, les dei om dagen i dag for 30 år sidan i dagboka til Arne. Det var ein meir ulagleg dag å vakne for bjønnen 22. mai 1996, med så mykje snø på Stavalihei at brøytebilen gjekk.

– Det er koseleg å lesa kva me gjorde den gongen. Står det at me hadde besøk av nokon, så ringer me dei, smiler Torunn.

Set stemninga: Torunn og Arne startar dagen med å lese 30 år gamle dagboknotat, og står det at dei hadde besøk eller trefte nokon, så ringer dei til dei.

Full tank for eit dikt

Arne har skrive dagbok heilt sidan 1985, men dette er for ei fotnote å rekne i tekstproduksjonen hans. Dei fyrste dikta skreiv han allereie i 7-årsalderen, ikkje lenge etter familien hadde flytt frå forpaktarlivet på Nigard Askje til det nyreiste, sjølveigde bruket på Midtveit.

Sine sju fyrste skuleår gjekk Arne på Smørklepp skule, der norsk og historie var sjølvskrivne favorittfag. Arne var elles ein av dei få som syntest stil éin gong i månaden var for sjeldan.

Elevar sit ved pultar i eit klasserom medan læraren står framme.
Smørklepp s kule 1956/57. Den skriveklare karen midt på fyrste rad er Arne.

Då han vart eldre vart det inntekter av skrivinga. Han minnest godt diktet han fekk på prent i Jol i Telemark i 1965 – det fekk den då 21 år gamle skribenten heile 30 kroner for.

– Det heldt akkurat til ein bensintank på folkevogna.

 

Etterrakst

Sju bøker har Arne gjeve ut, og den ferskaste er frå i år. Etterrakst har han kalla den. Nett som kjering og ungar gjekk etter på slåttemarka om kveldane før i tida for å rake saman grasstråa som låg att etter høyinga, har Arne gått over tekstane sine, samla dei som ikkje er gjevne ut tidlegare og sett dei saman til i ei siste bok.

Tre turistbrosjyrar ligg på eit trebord.
«Etterrakst» på toppen av eit knippe andre Arne T. Aabø-bøker.

På framsida av boka er eit bilete av bjørka ute i tunet på Midtveit. Denne møter me i ein av tekstane, som handlar om den gongen Arne var berre gutungen og ville ha seg ei fiskestong. 

Det var på nære nippet at han tok det som den gongen berre var ein bjørkerisling, men i siste augeblink gjekk det opp for han kor fin den vesle bjørki var. Han fann heller ei raun borti jordekanten å spikke fiskestong av, og bjørki fekk stå. 

På bokomslaget er det vaksne treet frodig og grønt, men det har skjedd noko sidan ho vart fotografert.

Ho skrantar, og toppen ser ikkje ut til å få grøne lauv i år.

– Det er tre gamlingar her på garden. Eg, bjørki og katten, seier Arne.

– Eg er no berre fem år yngre enn deg, kjem det kjapt frå Torunn.

Her lærar Arne sonen Torbjørn å slå gras. Nå er det Torbjørn som driv garden.

Men helsa til Arne skrantar, nett som bjørki han har vekse opp saman med. 

Handa, som oftast er stø når han skriv, skjelv når han skal lyfte kaffikoppen. 

Beina, som lengtar etter å lange ut over vide moltemyrar, greier så vidt å bera han over tunet til bilen. 

Ryggen, som han gjerne skulle ha lent mot ein solvarm høyselvegg etter ein tur langs gamle stiar i Askjeheiane, toler minimalt med rørsle før smertene blir uuthaldelege.

Likevel er han nøgd med livet, og takksam for at han og Torunn framleis kan bu inne i enden av ein snirklete gardsveg, omgjeve av idyllen han vaks opp i. 

Det kan dei takke sonen Torbjørn for, som har teke over garden og bygd seg hus nokre diskoskast frå foreldra.



Granbar og av-knapp

I etterraksten sin tek Arne gjerne tak i store tema og hektar dei på noko heilt handfast. Fiskestongemnet handlar om ei oppvakning, ein hug til å ta vare på ting. 

Granbaret i kvart vegskilje då Arne som 11-åring var med i gravferda til grannen Sigrid handlar om ei tid med meir tid og mindre pengar. Ei tid der ei gravferd vara frå tidleg morgon til seine kvelden, og der granbaret langs vegen til kyrkja var ei siste helsing som alle grannar tok seg tid til å legge ut, og som ikkje kosta noko i kroner.

Når Arne droppar Hotel Cæsar for å besøke grannen Olav i Uppigard, blir me minna om å vere glad for alt framstega gjev oss – men også at ein lyt taka seg tid til å liva.

Arne og Torunn tek fram raka for fotografen, sjølv om det enno berre er fjorårsgras å rake på.

– Løyndomen er å ha tenkt ferdig før ein skriv, og ha eit munnleg og naturleg skriftspråk, seier skribenten.

Sjølvbygde skihopp og diskos frå åi

I det heile er det mykje anna enn språket som kunne ha godt av å vere mindre tungrodd og meir naturleg, meiner Arne. Barndommen, til dømes, har gått frå å vere fri, kreativ og uorganisert til å bli eit vaksenregissert, hektisk stressregime.

– Me bygde skihopp på veten, og om somrane dreiv me med friidrett, fortel Arne. Og «me», det var han, broren og gutane på grannegardane. Dei fann seg ei slegge og hekta på ein ståltråd – det gjorde nytten til sleggekast. Ei flat steinhelle frå åi var diskos – ein rund stein var kule.

– Me hadde høgdehopp med ein kónnstaur også, men det gjorde ikkje eg, for eg var redd for å få stauren i magen.

Seinare blei Arne krinsmeister i både langrenn og kombinert, og hoppa seg til både diplom og gullmerke i gubbelaget.

Fire Aabø-brør på gubberenn i Rauland 1987 – bak f.v. Olav, Gunnar, Arne og Jon. Framme til høgre står Arnes son Torbjørn, som var prøvehoppar saman med Arild.

Ustilt feleterror

På Midtveit hadde dei også ei Bjørn Kleppo-fele, og den tok Arne i bruk like tidleg som han var i gang med diktinga. Ikkje kunne han stille den, og ikkje hadde han nokon lærar – han spela etter det han høyrde på radioen.

– Det var nok ein terror å høyre på, vil eg tru.

Seinare i livet fekk han lære slåttar frå flinke spelemenn, og blei heidra med både spelemannspris og kulturpris. Etter kvart vart han sjølv ein som lærte bort slåttar og dømte på kappleikar, og han har han lagt merke til ei utvikling som gjer han uroa for framtida til folkemusikken.

– Er ein på ein kappleik nå, så spelar alle likt. Det er for standardisert, for skolert.

Avisoppslag med bilete av ein mann som spelar fiolin.
Spelemannsportrett i VTB av Arne i 1978, same år som han fekk Spelemannsprisen på Folkemusikkdagane i Porsgrunn.

Smørberar med eiga teig

Samstundes som leiken og spelet var fritt og sjølvstyrt i Arnes barndom, vaks han opp med verdiane og grensene til foreldra tett på livet. Slik var det også for Torunn.

– Tenk kor trygt og godt det var for oss, samanlikna med ungar no til dags, som har 10-15 ulike vaksne å forhalde seg til gjennom veka, seier Torunn.

Det å ta ansvar heime var sjølvsagt. Arne var til dømes alltid med i slåtten.

Då var det best å vere oppe før sola, for å gjere seg nytte av doggen.

Arne og broren Jon hadde si eiga teig dei slo, og eiga høyvogn.

Myggen var også i sitt ess før solrenninga, så det gjekk med mykje myggolje.

Ei anna oppgåve Arne hadde då han var gutunge var å levere smør til smørlaget nede i Lårdal. Med opp til 15 kilo i sekken la han i veg, på ski eller spark om veten og på sykkel om sommaren. Uansett om han løypte over til Heggtveit og tok bilvegen derifrå eller tok Støylsdalsvegen, var det ein tur på 14-15 kilometer. 

– Det var ekstra moro når eg kom med meir smør enn dei frå dei større gardane, humrar Arne.

Då smørlaget blei lagt ned, var det fløytespann han hadde i sekken. Det måtte bort til mjølkerampa ute på Støylsdalsvegen – over ein kilometer på snirklete sti. For veg fanst det ikkje til Midtveit då han var gut – den var det Arne som bygde då han overtok garden.

24 år – 33 elevar

Arne og Torunn Aabø nygifte

Men før han tok over Midtveit var Arne nokre år utanbygds. Etter realskulen på Kvitsund tok han lærarskulen på Notodden, og ein av dei fyrste lærarjobbane hans var på ein nystarta ungdomsskule i Valle i Setesdal.

Året var 1968, og Arne var 24 år – berre åtte år eldre enn dei 33 ungdomsskuleelevane i klassa han hadde ansvar for. Likevel opplevde han aldri at disiplin var eit problem.

– Om det var uro, var det nok at eg berre såg på dei, seier Arne.

I sitt fjerde år i Valle trefte han den nyutdanna lærarinna Torunn frå Vennesla, og allereie året etter gifta dei seg og sette kursen mot Telemark. 

Her var dei lærarar saman på små grendeskular i fleire år – fyrst på Fjone, og då dei tok over Midtveit i 1977 vart det Håtveit skule i øvre Lårdal – og til slutt på den samanslåtte Lårdal skule i nedre del av bygda.

Då Arne og Torunn starta som lærarar, var det framleis vanleg at barna vaks opp heime, slik dei sjølve hadde gjort, men utover 90-talet begynte dei fyrste barnehagekulla i skulen.

– Me merka godt når det fyrste kullet kom i skulen som hadde gått i barnehage. At det var mindre respekt for dei vaksne, mindre disiplin, seier Torunn.

Nyfiken på det som er gamalt

Då Arne var liten passa han alltid på å ha dynni på gløtt når han la seg, slik at han kunne høyre på at dei vaksne snakka om det som var gamalt. Historieinteressa hans har ført med seg mange oppdagingsreiser både i gamle kyrkjebøker og dokument og rundt om i skog og hei.

– Eg trur eg har vore på alle dei over 200 husmannsplassane i Lårdal, Høydalsmo og Eidsborg, seier Arne.

Han gav seg som lærar som 50-åring, og dei siste 12 åra i arbeidslivet var han kultursjef i Tokke og etter kvart også oppvekstsjef. 

Då han pensjonerte seg, var det i mange år ein jamn straum av telefonar til Midtveit frå folk som ville ha greie på ætti si.

– Dei som jobba på kommunen visste nok kvar det var svar å få, og bad folk ringe hit, smiler Torunn.

På Midtveit tek dei vare på gjenstandar som har historier knytt til seg. Denne fløytemugga, som Torunn måtte klatre litt for å finne fram, var ei gåve frå barndomsveninna til mor hans, Tone, som døydde berre 24 år gamal. Tone var elles dotter til Sigrid, som Arne tek oss med i gravferda til i Etterrakst.

Med bakgrunn som skribent og norsklærar, er det ikkje overraskande at historieinteressa til Arne også femner om språket. På den eine sida finn han stor glede i å bruke det rike tilfanget av ord han vaks opp med, og frydar seg når han finn ut av eit namn eller ord som har vore eit mysterium.

Samstundes har han forsona seg med at mange av desse orda vil gå i gløymeboka. Kvifor skal ungane lære seg ord som stuttorv, breisle og når slåtten blir tatt av ein traktor? Kva bruk har dei for å snakke om felleskor, svans og berkespade når ei datastyrd hogstmaskin tek seg av timberskogen?

Ikkje eitt traktoregg

Skjerm og tastatur står klare.

Data er elles eit positivt lada ord for Arne, og borte på pulten her i skrivestova er det både skjerm og tastatur.

– Data er eg veldig glad i. Det er det beste eg har investert i.

Straumen er han også glad for. Han var 15 år då dei fekk straum på Midtveit, og minnest korleis han gjekk ovundrande rundt i huset og slo ljoset av og på, og av att på og på att – og kor himmelsk det var å sleppe parafinlampa.

I gardsdrifta har han vore litt meir konservativ. Traktoren er han glad for, både for si skuld og for hestens, men i dei 30 åra han og Torunn dreiv med oppal av kalvar på Midtveit, laga dei ikkje eitt einaste traktoregg. 

Arne med villsauane dei skaffa seg då barnebarnet ønskte seg lam.

Dei høya fyrst på traktorhengar, seinare på høysvans og silosvans, og til slutt med sjølvplukkande høyvogn. Og der er me attende til etterraksten – for ei sjølvplukkande høyvogn får naturlegvis ikkje med seg alt.

Me gjeng ut i tunet, der kvitveisen blømer og jorda så vidt har begynt å få eit grønskjær. Det er lenge til slåtten, og det er uansett Torbjørn som tek den. Likevel går Torunn inn i låven for å hente ei rake, medan Arne finn fram eit dikt om den siste sommaren han raka i slåttonni med mor si.



Siste sumaren

Mor, far, Arne og storebror Olav i slåtten.

Frå eg var smågut

hadde eg og mor

raka saman

i slåttonni

om sumarane.



Det hende at rivune våre

råka saman

umedvite.

Då sa mor jamt:

«Me kjem til å raka saman

neste sumar au.»

Ja, svara eg alltid.

Ingen sumar utan mor og slåttonni,

tenkte eg.

 

Siste sumaren

raka me au saman.

Men siste dagen i slåttonni

tenkte eg brått:

Arne i hagen på Midtveit med mor si, Hæge.

I år kom ikkje rivune våre saman.

Eg sa ingenting,

veit heller ikkje om mor

tenkte det same.

 

Fire månadar seinare

sat mor i godstolen sin

og kvilde etter middagen.

Ho bruka å gjere det.

Slik gjekk ho ut av tidi

utan ord til farvel

men med tusen gode minne

etter seg.





 I forordet til Etterrakst står det at dette truleg vert siste boka til Arne. «Hugen til å skrive er framleis stor, men eg kjenner på meg at eg no er inne i siste etappen av livsferdi mi. Med snart 82 år attom meg er det naturleg,» står det.

Men Arne kan røpe at det har skjedd ting sidan boka gjekk i trykken. Han fekk ein telefon om eit skriveoppdrag han rett og slett ikkje kunne seie nei til, og neste år kjem han med nok ei bok. Som med rivene som råkar borti kvarandre, gjer oppdraget von om at det blir eit «neste år» for Arne. Og kanskje for bjørki også.

– Eg håpar det, seier Arne og kikkar bort på den litt stusslege lauvdrakta til følgjevenen. 

– Men skulle ho gje tapt, så er det eit ungtre rett bak, klar til å ta over.

Arne T. Aabø ute på Midtveit. I bakgrunnen ser ein den gamle bjørki, og bak den att Arvtakaren.

 

Powered by Labrador CMS