Påskekrim på bui: «Dagleg leiar av Åmdals Verk daglegvare, Terje Stava, låg bakbunden med elektrikarstrips rundt handledda, bunden med taug på beina, bind for augo og han var besvima», kunne ein lese i fyrste del av påskekrimmen.

Nærbui med eigen påskekrim

– For å få litt blest om bui kåns her på Åmdals Verk har me skrive ein påskekrim. Den er ikkje veldig djup og intern, så alle kan nok klare å løyse gåta, trur forfattaren bak krimmen, Inger Synnøve Fles Lie.

Måndag blei fyrste del av årets påskekrim «Strips» på Åmdals Verk publisert på Facebook-sida til Åmdals Verk daglegvare.

Forfattaren bak krimmen, Inger Synnøve Fles Lie, fortel at det var dottera Karianne som fyrst kom med ideen om å lage ein lokal krim til påske.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lie, som sit i styret til nærbui, fortel at ho hadde lyst til å finne på noko moro og galskap i desse korona-tider. Ho ynskte å skape litt ekstra blest om bui, og slik kom krimmen på blokka. Det gler Lie å sjå at så mange alt no er engasjerte i å vere med på å finne løysinga på påskegåta.

– Krimmen starta måndag 6. april, og det vil kome nye hint og avsløringar kvar dag fram til fredag. Løysinga på gåta må bli sendt til oss innan laurdag føremiddag, og vinnaren får ein sekk med ulikt påskegodt, fortel Lie.

I del ein av «Strips» kan ein lese: Politiet fekk melding frå butikkmedarbeidar Åse Solli kl. 9.30, tretti minutt før bua opnar, at dagleg leiar Terje Stava låg bakbunden med elektrikarstrips rundt handledda, bunden med tau på beina, bind for augo og han var besvima. Åse fekk beskjed av politiet at ho måtte låse døra og ikkje seie noko til nokon. Ambulanse og politi kom raskt til. Ambulansepersonalet tok seg av Terje og la han i ambulansen, og køyrde til Notodden sjukehus. Politiet sikra åstaden. Kaffigjengen, som samlast på bua mellom kl. 10 og 11, kom. Dei er forskrekka over at dette kan skje på nærbutikken deira. «Æ det noen som har sett bil her då?», spør Harry. «Det va ingen her når eg kom», seier Stein Otto. «Eg såg eit par bilar som køyrde mot gamlebyen og ein mot samfunnshuset når eg måka», seier Reidar. Det kjem fleire folk til som skal handle denne føremiddagen. Politiet seier: «Terje har blitt overfallen. Bua må vera stengt denne føremiddagen slik at me kan sikre spor.»

Tysdag finn ein del to av påskemysteriet «Strips» på Facebook-sida til bui på Verket.