Nå opnar vegen i Eidsborgberget – men berre delvis dei neste vekene

Sidan 13. april har vegen i Eidsborgberget vore heilt stengt. Laurdag 30. mai opnar vegen, men vegen bli berre open delar av døgnet i vekene framover. 

Publisert Sist oppdatert


I helga – laurdag 30. og sundag 31. blir vegen heilt open. 

Frå veke 25, altså den veka som startar på 15. juni, vil arbeidet bli avslutta på torsdagar kl 16.30 og ha heilt ope fredagar, laurdagar og sondagar framover.

I tillegg blir helgene heilt opne for dei som vil køyre fylkesveg 450 mellom Eidsborg og Dalen. Også på fredagar opnar vegen klokka 14.30 og den blir då open heilt fram til måndag klokka 08.30. 

Dei fire vekene i juli – veke 28, 29, 30 og 31 blir vegen heilt open, melder Tokke kommune på sine heimesider

VTB melde fyrst at vegen opnar i dag fredag 29. mai, dette er feil. Feilen vart retta opp så snart VTB vart klar over dette. 

Powered by Labrador CMS