Meir enn 1500 helikopter har fått lov til å lande i nasjonalparken i år
Tilsynsutvala for Hardangervidda har sagt ja til 1533 helikopterlandingar i nasjonalparken i år. To av tre turar kjem frå Vestland.
I ordskiftet om motorferdsel på Hardangervidda blir det ofte peika på at ein ikkje har oversikt på kor mykje det eigentleg blir køyrd og floge der, sidan det ikkje finst noko søkbart datasystem der dei ulike løyva og rapporteringane blir lagde inn.
For å få tal på bordet har VTB bede dei tre tilsynsutvala rundt vidda om innsyn i løyva dei har gjeve til landingar med helikopter og sjøfly i 2025. Dei fyrste tala me fekk på bordet var 333 flygeløyve, fordelt på 16 frå Buskerud, 29 frå Telemark og 288 frå Vestland.
1533 moglege helikopterlandingar
Kvart løyve kan innehalde meir enn éi landing i nasjonalparken, og frå Telemark fekk VTB med ein gong oversyn over kor mange turar det var på kvart løyve – der var totalen 436 landingar. Me bad dei to andre tilsynsutvala om innsyn i talet på landingar i deira løyve også, og frå Buskerud kom svaret ganske raskt. Der var totalen på 57 turar.
Frå Vestland tok det lenger tid. Sekretær Anne Gerd Nysveen i tilsynsutvalet i Vestland hadde ikkje kapasitet til å finne fram tala, og viste VTB til tilsynsutvalets postliste, der alle løyva ligg ute.
I snitt kunne 12 helikopter flyge inn i nasjonalparken, lande og flyge ut att kvar einaste dag frå 1. juli til 31. oktober.
Undervegs i gjennomgangen av postlista fann VTB fleire løyve enn i det fyrste oversynet, og det same gjorde Nysveen då ho seinare begynte å registrere rapporterte turar. Totalt tal på løyve frå tilsynsutvalet i Vestland viste seg å vere 307, altså 19 fleire enn fyrst oppgitt. Med løyva frå dei andre to tilsynsutvala er totalen då oppe i 352 flygeløyve i nasjonalparken for 2025.
Dei 307 løyva frå Vestland viste seg å innehalde moglegheit for 1040 helikopterlandingar i nasjonalparken. Inkludert dei to andre fylka blir det saman 1533 moglege helikopterlandingar. Dei aller fleste av løyva er tidsavgrensa innanfor perioden frå juli til oktober. Det betyr at i snitt kunne 12 helikopter flyge inn i nasjonalparken, lande og flyge ut att kvar einaste dag frå 1. juli til 31. oktober.
Elles kan det nemnast at det er løyvd meir flyging enn berre landingar – Mattilsynet har vedtak på eit visst tal timar dei kan fly. I 2025 fekk dei løyve til 26 flygetimar (10 timar i Buskerud, 10,5 timar i Vestland og 5,5 timar i Telemark).
Ei verneforskrift med mange unntak
Det er verneforskrifta for Hardangervidda nasjonalpark tilsynsutvala gjev løyve ut frå. Der er hovudregelen at motorferdsel skal «haldast på eit lågast mogleg nivå» og «berre nyttast når transporten er naudsynt».
I utgangspunktet er dermed all køyring i nasjonalparken forbode – inkludert helikopterlandingar, sjøflylandingar, snøskuterkøyring, båtkøyring, traktorkøyring, firhjulingkøyring og lågtflyging under 300 meter.
Men nokon har automatisk unntak frå forbodet.
Forbodet gjeld ikkje for militæret, politiet, redningsmannskap og brannmannskap når desse er på oppdrag.
Og heller ikkje for dei som driv med oppsyn, skjøtsel og forvalting.
Øvingar må dei likevel søke om – Haukeli og Vinje Røde Kors fekk nyleg nei til kjentmannsøving i nasjonalparken.
I tillegg er det er mogleg å gjere mange fleire unntak frå forbodet mot motorferdsle ifølge forskrifta. Vurderinga av om det er «naudsynt» å gje løyve gjer tilsynsutvala ved å vege ulempene opp mot behovet, og dei har også lokale retningsliner eller kriterium som dei bruker når dei vurderer søknadane.
Forskrifta seier at fiskarar og jegerar som fyller visse kriterium kan få flyge inn med utstyr og ut att med fiskefangst og felt vilt.
Bønder kan flyge med beitedyr, og hytteeigarar med brensel, materialar og turisthytteutstyr.
Forskarar kan også få flygeløyve, og det same kan eldre og uføre som har ei «særleg tilknyting».
186 turar til«eldre og uføre»
Det er stor forskjell mellom fylka når det gjeld unntak frå motorferdsleforbodet. I Telemark og Buskerud er det meste av flybehovet knytt til jakt og fiske, og det er Telemark som står for hovudvekta av helikoptertrafikken frå aust. Her fekk alle søkarane unntatt éin innvilga alle turane dei bad om. Den som fekk reduksjon var til gjengjeld den største søkaren – Maarfjell sameige. Dei ville ha 144 landingar, men fekk «berre» løyve til 100.
Det er mykje jakt- og fisketrafikk frå Vestland også, men dei har i tillegg andre kategoriar som ligg høgt. I Vestland går halvparten av landingane – 502 – til tre kategoriar som knapt finst på austsida; turisthyttedrift, frakt/tilsyn med beitedyr og eldre og uføre med særleg tilknyting. Sistnemnde kategori har fått løyve til 186 landingar i 2025. Det betyr at landingane til eldre og uføre utgjer nær ein femdel av alle landingane som Vestland har gjeve løyve til.
I retningslinene til tilsynsutvalet i Vestland står det kor mange landingar dei ulike unntaka som verneforskrifta opnar for kan få. Til dømes kan jegerar og fiskarar som fyller visse kriterium få inntil to landingar, gamle og uføre kan få inntil fire landingar, bønder med beitedyr inntil fem landingar og turisthyttedrivarar inntil ti.
Dei fleste søkjarane har fått tildelt det maksimale talet turar som er mogleg, men det er ikkje alle som nyttar alle dei løyvde landingane. Rapporteringa for Vestland i år syner til dømes at «berre» 636 av dei 1040 moglege landingane frå den kanten blei nytta. Det utgjer fem helikopter frå Vestland og inn i nasjonalparken kvar einaste dag frå 1. juli til 31. oktober, dersom me fordelar flyginga jamt ut over dei fire månadane der dei fleste av løyva gjeld.