Fabian (15) er juniorverdsmeister, men har ikkje sagt det til venene
15 år gamle Fabian Nystog frå Rauland blei juniorverdsmeister i snowskate i april, men tek det heile med stor ro. – Eg berre køyrer, eg.
Snowskate er ein sport langt frå dei største idrettsgreinene i Noreg, men Fabian har blitt hekta. Om vinteren er han i bakken så ofte han kan, som regel kvar helg og gjerne også på kveldskøyring.
– Eg likar å vera i bakken, og står for det meste på snowboard og snowskate. Om sommaren står eg på skateboard eller sparkesykkel.
– Du likar ting med brett eller hjul?
– Ja, ting som går fort, smiler han, og legg til at det er triksinga som er det morosamaste.
Snowskate kan forklarast som miks av snowboard og skateboard. Ein står laust på eit brett utan bindingar. På brettet er det små piggar som gir feste. Fabian forklarar at det gjer det meir krevjande enn snowboard, men om du har stått litt på snowboard vil du få det til.
Starta som 12-åring
I bakken får Fabian ofte kommentarar frå andre som synest det ser både nytt og tøft ut.
– Dei fleste har ikkje sett det før, seier han.
Det var bonusfaren Alex som introduserte familien for sporten i 2022. Då hadde Fabian allereie fleire år med snowboard bak seg.
– Eg har stått på snowboard sidan 1. klasse, seier han.
– Kva er det som gjer snowskate så moro?
– Det er det at du er laus. Og at ein kan gjera så mange forskjellige triks. Og så blir alle triksa vanskelegare enn på eit vanleg snowboard. Når du hoppar så må du ta tak i brettet til dømes.
Fabian håpar at fleire vil få auga opp for snowskate, og jobbar for at venene skal bli interessert.
– Eg prøvar å få dei over på snowboard fyrst, og så er snowskate neste mål, smiler han.
Høgdepunktet i sesongen
Saman med mora Gyry og bonusfaren er Fabian blant dei få som driv med snowskate i distriktet.
Gyry fortel at miljøet lokalt er lite, og at det er ein liten idrett, men at det finst større miljø andre stadar i landet.
– Her oppe er det eigentleg berre oss tre. Men når me er på VM, ser me at det er eit miljø. Det er ganske stort i Oslo/Tryvann, fortel ho.
Familien har delteke i verdsmeisterskapen tre av dei siste fire åra. Arrangementet blir halde i Hemsedal og samlar deltakarar frå fleire land, mellom anna USA, Tyskland, Austerrike, Sverige og Frankrike.
– Det er eit ekte VM, sjølv om det ikkje er så stort, smiler Gyry.
Ho er også svært ivrig på snowskate.
– Då Alex introduserte oss for det i 2022 lånte eg hans brett, og så blei eg biten av basillen, og kjøpte mitt eige. Så har det balla på seg, ler ho.
Under VM kom ho samla sett på ein andreplass i dameklassa.
– Det er jo veldig moro, seier ho, og legg til at ho køyrer meir på snowskate enn sonen, men at han likevel er mykje flinkare enn henne.
– Eg tenker nok meir konsekvensar, ler ho.
Gyry fortel at turane til Hemsedal er eit høgdepunkt i sesongen.
– Me tar det som ein tur og synest det er veldig moro. Det er noko me gjer saman, og så møter me folk i same miljø. I tillegg får ein adrenalin og får utfordra seg litt, så det er ein positiv effekt, seier ho.
Avslappa meister
Verdsmeisterskapen i snowskate består av fleire ulike greiner, mellom anna «Banked Slalom», «Chinese Downhill» og «Park Session». I sistnemnde konkurrerer alle klassar saman, og deltakarane stemmer fram den beste til å trikse.
Fabian har fleire gonger hevda seg heilt i toppen, også mot seniorane. Mellom anna har han hevda seg mot Terje Håkonsen.
For å bli god, meiner han det hjelper å ha erfaring med brett frå før, og å tore å prøve.
– Du må ha balanse og tore ting, særleg viss du vil trikse.
Under årets meisterskap imponerte han med triks som 360 shuv-it og boardslide.
– Eg prøver på nye ting. Eg veit ikkje om eg klarar det, men eg berre prøver og ser om det går, smiler han.
Trass i VM-tittel og gode resultat, er ikkje Fabian oppteken av å gjere eit stort nummer ut av det.
– Eg tenker ikkje så mykje over det eigentleg. Eg berre køyrer, eg, seier han.
Mora stadfestar inntrykket.
– Han er veldig avslappa til det. Han har ikkje blitt høg på pæra, seier ho og ler.
Fabian har ikkje ein gong fortalt venene sine at han har blitt verdsmeister. For han handlar det berre om å ha det moro.
– Eg driv med det fordi det er gøy. Eg har lyst til å halde fram med det som hobby, seier han, og fortel at han ikkje har ambisjonar om å satse stort.
Men Fabian blir lagt merke til, og har blitt omtala i Noregs største sportsmagasin Fri Flyt, som skriv at han utmerka seg med siger i Banked Slalom og med suveren parkkøyring. Familien blir også omtala som Noregs ivrigaste snowskatefamilie.
Fabian fortel at han likar når han verkeleg må jobbe for å få til eit triks han har lyst til å meistre.
– Eg blir eigentleg aldri lei, for det finst alltid noko nytt å prøve seg på. Eg likar å utfordre meg sjølv og bli betre, seier han.
Gyry fortel at Fabian aldri har vore interessert i organisert idrett som fotball eller langrenn.
– Då må ein ta eit val – anten drive med det du likar, eller vere med på det andre driv med, sjølv om det ikkje interesserer deg.
Valet til Fabian var ikkje vanskeleg. Det er dette som er hobbyen han vil halde på med.
– Eg trur og håpar eg kjem til å ha denne hobbyen heile livet, smiler han.