Kvinne sakna etter treningstur
Held fram søket i dag.
Status 05.40: Det er søkt etter kvinna i heile natt. 25 personar har vore aktive i søket. Politiet har fått hjelp frå Folkehjelpen, Norsk Alpin redningsgruppe, Norske redningshunder og Røde Kors. Sarqueen har også vore med i søk når vêret tillet det.
– Det er krevjande forhold å søke i, då det er ein del snø og periodevis dårleg vêr. Me held fram søket framover på dagtid, opplyser politiet klokka 05.43 måndag.
Oppdatering 21.56 (sundag): Det blir søkt for fullt etter den sakna kvinna. Det er 50–60 mannskap i søk på bakken. Søkeområdet skildrast som krevjande, det er bratt, glatt og snø i lufta. Grunna vêrforhold på staden har dronesøk avgrensa effekt per nå. Det er oppretta eit luftromsrestriksjonsområde i søkeområdet grunna bruk av dronar i søk. Det planleggast for å søke for fullt gjennom natta.
Ved 13.50-tida søndag blei det sett i gang ein leiteaksjon etter ei sakna kvinne i 40-åra. Det melde politiet klokka 16.31.
Kvinna har ikkje kome tilbake etter ein treningstur. Bilen til den sakna kvinna er lokalisert til ein parkeringsplass i nærleiken av Ravnejuv i Tokke.
Organiserte frivillige søksmannskap tilknytt FORF, eitt redningshelikopter og naudetatar er på veg, melde politiet.
Den sakna er truleg iført treningstøy. Ho er ikkje observert sidan klokka 10.20 då ho drog frå bustaden sin i Skien.
– Det er snøbyer, dårleg sikt og snø på bakken i søkeområdet, opplyste politiet.
Klokka 17.30 melde politiet: Eit redningshelikopter har gjennomført eit grovsøk av søkeområdet. På grunn av reduksjon i sikt har det måtte avbryte vidare søk. Det blir jobba med søk på bakken med frivillig organisert søkemannskap tilknytt FORF. Delar av søkeområdet er bratt og eit søkslag tilknytt Norsk Aplin redningsgruppe (NARG) er kalla ut.