Steinraset på E134 i Etne
Krevjande å få oversikt over fjellsida
Statens vegvesen treng både måndag og tysdag til arbeid i terrenget i samband med skredet ved E134 Fjæra i Etne.
Losneområdet ligger 400 høgdemeter over havet i ei bratt fjellside. Det er krevjande å etablere tilkomst med tau frå toppen av fjellet og ned til losneområdet. Det opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding måndag ettermiddag.
– Tilkomsten med tau er frå om lag 100 meter over losnestaden. Å få etablert den er eit arbeid som er krevjande og som må gjerast i tråd med det viktigaste prinsippet for Statens vegvesen, nemleg sikkerheit, seier avdelingsdirektør Svenn Finden.
– Når me har trygg tilkomst til losneområdet, får me oversikt slik at me kan planlegge vidare tiltak, legg Finden til.
Skredet skuldast langvarig forvitring og destabilisering av fjellet.
Det er framleis usikkert når vegen kan opne. Onsdag er framleis sett som tidspunkt for ny vurdering.
Det er omfattande skadar på vegen. Statens vegvesen vil opna vegen så snart det er trygt, truleg med styrt trafikkavvikling.
Noko av reparasjonane på vegen kan truleg takast i løpet av kort tid. Noko må takast på et seinare tidspunkt.
Omkøyringsveg er etablert på rv. 13. Ferja Hjelmeland – Nesvik går døgnet rundt dei to neste nettene.