Kommunerevisjon har konkludert: – LVK er ein lite open organisasjon

Vestfold og Telemark kommunerevisjon (VTR) er sterkt kritisk til fleire sider ved organisasjonen Landssamanslutninga av vasskraftkommunar (LVK). LVK svarar ved å gå til åtak mot revisjonen.

Kommunerevisjonen har nå levert rapporten sin etter å ha gjennomført forvaltningsrevisjon av LVK på oppdrag frå kontrollutvalet i Tokke kommune. Oppgåva var å undersøke om LVK har ei tenleg administrativ organisering og i kva grad økonomistyringa og rapporteringa samsvarar med gjeldande krav og tilrådingar.

Les også:

Artikkelen held fram under annonsen.

LVK informerte kommunestyret i Vinje.

Går til åtak

Før den endelege rapporten vart ferdigstilt, kom LVK med ikkje mindre enn to høyringssvar på til saman 10 tettskrivne sider som søkte å tilbakevise kritikken som kom i rapporten frå revisorane. Her hevdar LVK at det revisorane har konkludert med når det gjeld manglande openheit, innsyn, organisasjonsform og habilitet, er feil. Dei skuldar revisorane for å kome med «udokumenterte påstander uten forankring i faktiske forhold». Dei hevdar også at reglane om forvaltningsrevisjon i kommunelova ikkje kan nyttast på ein interesseorganisasjon som LVK. Dei hevdar vidare at Vestfold og Telemark kommunerevisjon heller ikkje har kompetanse til å vurdere om LVK har ei tenleg organisering og stiller spørsmål om VTR er uavhengig og om forvaltningsrevisjon av ein organisasjon som LVK er i tråd med retningsliner frå Norges Kommunerevisjonsforbund.

Tilbakeviser

VTR slår fast at dei har gjort vurderingar av både eigen kompetanse og uavhengigheit. Vurderingane er dokumentert internt og kan bli kontrollert av Kommunerevisorforbundet. VTR opplyser også at det i rettleiingsmateriell frå Kommunerevisorforbundet er lagt til grunn at «kommunen ved kontrollutvalet etter omstenda både kan og bør gjere forvaltningsrevisjon også i organisasjonsformer der kontrollutvalet ikkje har innsynsrett, til dømes foreiningar, og at ein i slike tilfelle må bygge på avtalt innsyn, samtykke til innsyn eller opne kjelder».

Innsynsnektinga

LVK nekta å gje kommunerevisjonen innsyn. Resultatet er at revisjonen ikkje kan uttale seg om LVK har ei tenleg administrativ organisering. Men revisjonen uttalar at ein kan sjå både ulemper og fordelar ved den organiseringa ein har valt. LVK har valt å ha eit sekretariat i eit advokatfirma med ein av partnarane der som dagleg leiar. Firmaet utfører både administrative og juridiske oppdrag for LVK. Det finst ingen offentleg tilgjengelege opplysningar om korleis utgiftene fordeler seg mellom juridiske oppdrag og administrative oppdrag.

Revisorane meiner å kunne slå fast at LVK betalar vel 10 millionar kroner i året til advokatfirmaet, Lund & co, noko som utgjer om lag 20 prosent av omsetninga i advokatfirmaet.

– Lite open organisasjon

«LVK framstår som ein lite open organisasjon. Vi er undrande til at dokument som i utgangspunktet er offentlege når dei kjem til handsaming i medlemskommunane ikkje er offentlege hos LVK. Likevel bør det faktum at verksemda er finansiert av offentlege midlar, og at formålet er å ivareta medlemskommunane sine interesser, telje med når ein vurderer korleis ein vil praktisere innsyn i verksemda til organisasjonen» heiter det i rapporten frå kommunerevisjonen.

Overskridingar

Revisorane meiner at LVK har ein budsjettpraksis som gjev stor fridom til styre, arbeidsutval og eventuelt sekretariatet når det gjeld forvaltning og bruk av pengar. Det gjev stor fleksibilitet men avgrensa høve for medlemskommunane til å styre og kontrollere korleis midlane vert brukt. Revisjonen peikar på at pengebruken både i 2017 og 2018 var høgare enn det var budsjettert med. I 2017 var overskridinga 2,3 millionar og i 2018 0,7 millionar.

LVK hevdar i eit tilsvar at dette er feil, men revisorane står på sitt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Habilitet

Revisorane slår fast at LVK ikkje har skriftlege habilitetsreglar og meiner organisasjonen burde få habilitetsreglar inn i vedtektene. «Slike reglar vil bidra til å sikre at saksutgreiing og avgjerder ikkje vert gjort av nokon som har direkte eller indirekte personleg interesse av utfallet av saka, eller der det ligg føre tilhøve som er eigna til å svekke tilliten til saksutgreiing og avgjerder».

Vil skilje oppgåvene

Revisorane uttalar at val av organisasjonsform har verknad både for kvalitet og kostnad. Dei meiner organisasjonsforma LVK har valt har gjeve kontinuitet over lang tid. På den andre sida meiner dei det normalt vil «vere krevjande for politisk valde representantar å ha fullgod oversikt over oppdrag og leveransar, til dømes behov for kontraktsoppfølging. Ei organisering som skil bestillaroppdraget frå leverandør. Vil normalt sikre kjøp av rett kompetanse og til rett pris. Vi kan ikkje sjå at dette omsynet er godt ivaretatt ved den organiseringa som LVK har valt», heiter det i rapporten.

Godtgjersler

Leiaren i LVK har ei løn frå LVK på om lag ein million kroner. I tillegg betaler LVK tenestepensjon på drygt 30.000 kroner.

Revisorane kritiserer at LVK ikkje legg ut opplysningar om godtgjersle til andre tillitsvalde i LVK og peikar på at KS, Kommunenes interesseorganisasjon, legg ut tilsvarande opplysninga rope på nettsidene sine.

Til dette svarar LVK at opplysningar om godtgjersle ligg på nettet, tilgjengeleg for alle styremedlemer.

Men her har berre styremedlemene tilgang.

Rapporten frå Vestfold og Telemark Revisjon IKS skal opp på møte i kontrollutvalet i Tokke 28. mai.

Les også
Vil ha konkurranse om advokatoppdrag for LVK
Les også
LVK nektar å bli kikka i korta
Les også
– Eg kan ikkje lenger halde for nasen og akseptere den manglande openheita om pengebruken i organisasjonen