LVK: Formannskapet i Vinje vil ut mellombels melde seg ut av LVK fram til det vert betre innsyn i økonomien til interesseorganisasjonen. (Ilustrasjonsfoto)

– Eg kan ikkje lenger halde for nasen og akseptere den manglande openheita om pengebruken i organisasjonen

Ordførar i Vinje Jon Rikard Kleven (Sp), fekk eit knapt fleirtal i formannskapet med seg på å ta ein pause frå medlemskapen i Landssamanslutninga av vasskraftkommunar (LVK). – Eg kan ikkje lenger halde for nasen og akseptere den manglande openheita om pengebruken i organisasjonen, sa Kleven.

Det vidare medlemskapen i LVK vart diskutert i formannskapet torsdag, og skal vidare til handsaming i kommunestyret.

Ordføraren kom med framlegg om å setje medlemskapen på pause inntil det vert meir openheit omkring bruken av pengane som medlemmene betalar inn.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vinje kommune var tidlegare ueinige i å auke medlemskontingenten av den grunn at ein sjølv som landsstyremedlem ikkje får innsyn i kva pengane vert brukt til når ein tek kontakt med sekretariatet. Ein har også prøvd å få meir openheit, men ikkje blitt høyrd, sa Kleven.

Ordførar: Jon Rikard Kleven

Nils Ole Lien (Sp) var einig i kritikken om manglande openheit, men meinte at LVK var ein så viktig organisasjon for Vinje kommune at ein ikkje kan melde seg ut.

– LVK ligg i kommunens DNA, og det er ei alvorleg avgjerd å melde seg ut, sa han.

Bertin Bjåen (Ap) meinte også at ein burde verte verande i organisasjonen.

– Ein burde heller signalisere misnøya med manglande innsyn inn til sekretariatet, sa han.

Aslak Ofte meinte at ein organisasjon som baserte seg på offentlege medlemmer burde vise meier innsyn.

Baiba Sheine (SV) syntest det var for skummelt å melde seg ut.

– Eg vert forskrekka av å høyre om det manglande innsynet, men for meg blir det for skummelt å ikkje vere medlem i LVK, sa ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arne Skogheim lufta tanken om å setje medlemspengane inn på ein sperra konto fram til krava om innsyn var betra.

– Me er i 2020 og kan ikkje ha det slik at ein ikkje får innsyn i kva pengane går til. Eg ynskjer å gå for ordføraren sitt framlegg om å setje medlemskapen på pause, sa han.

Rådmann Jan Myrekrok meinte det ville vere vanskeleg å vere medlem utan å betale kontingenten, og at kommunen risikerte å bli ekskludert.

Ane Killingtveit gjekk også inn for å pause medlemskapen.

Eit fleirtal på fire mot tre gjekk inn for å ta ein pause frå LVK.

Nådde ikkje fram

I saka kjem det fram at bakgrunnen for saka var at LVK ønskte å endre vedtektene for å kunne auke kontingentinntektene. Formannskapet stilte seg samrøystes bak framlegget til rådmannen om å motsetje seg ei endring av kontingentgrunnlaget, og heller sjå på utgiftssida til organisasjonen. Vinje kommune, og eit fåtal andre kommunar, nådde ikkje fram med sine argument overfor fleirtalet av dei 160 medlemmene på det ekstraordinære landsmøtet som fylgde.

I etterkant av det ekstraordinære landsmøtet har det gått fleire førespurnader frå Telemark sitt landsstyremedlem Jarand Felland til LVK, om innsyn i organisasjonen sin økonomiforvalting og faktureringsrutiner, utan at dette har vore tilfredsstillande svart ut frå organisasjonen si side, skriv rådmannen i saka til formannskapet.

Eitt av fleire initiativ, som etterkvart førte til at organisasjonen blei stifta, kom frå Vinje med Ingvald Godal som sentral pådrivar. Kommunen har hatt fleire andre markante tillitsvalde i organisasjonen. Olav Nystog som medlem av landsstyret frå Telemark 1992-96, Rune Lødøen som medlem av landsstyret frå Telemark 1996-2003, Børre Rønningen som 10-årig leiar frå 2003, og sist Gry Åsne Aksvik som har leia Eigedomsskatteutvalet frå oppstart i 2013, kjem det fram i saksutgreiinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rådmannen meiner det samla sett vil vere i kommunens interesse å halde fram med medlemskapen, og heller arbeide for kursendringar.

Les også
Kjenner seg ikkje att i kritikken