Tapt barndom
Frykta følgene: «Siri» og «Per» var tre og åtte år gamle då administrasjonen prøvde å få eit vedtak på omsorgsovertaking av dei to. Men barnevernsnemnda, som bestod av lokale politikarar, sa nei. Meir enn 30 år seinare har lokale politikarar no vedtatt erstatningsansvar for dei to syskena. Dokumentet på biletet er henta frå barnevernsmappa til syskena.
Åshild Emma Solbjør
Kommunen erkjenner erstatningsansvar for både «Per» og «Siri»
VTB har tidlegare fortalt historiene til «Per» og «Siri», som kommunen let bli buande med mor si trass i dokumentasjon på omsorgssvikt og mistanke om at det gjekk føre seg seksuelle overgrep i heimen. No har kommunestyret vedtatt at dei erkjenner erstatningsansvar for syskena.
«Per» og «Siri» vaks opp i ein kommune i Vest-Telemark på 1980- og 90-talet. Dei heiter ikkje «Per» og «Siri», men VTB kallar dei dette av omsyn til familien deira. «Per» var åtte og «Siri» tre år då administrasjonen i kommunen fremja sak for å overta omsorga for dei to. Kommunen sat då med omfattande dokumentasjon på omsorgssvikt og hadde i tillegg grunn til å mistenke seksuelle overgrep.
Men lokalpolitikarane som sat i den lokale barnevernsnemnda sa nei til omsorgsovertaking.
Før dette var kommunen noko inne i heimen med til dømes husmorvikar, men etter at ho vann i omsorgsovertakingssaka sette mor til ungane ned foten for vidare tiltak i heimen. Fleire kommunalt tilsette har overfor VTB bekrefta at tilhøva i heimen etter vedtaket heldt fram med å vere like ille eller verre enn før, men at ein «låg lågt» for å oppretthalde best mogleg samarbeid med heimen.
«Per» og «Siri» har begge valt å sende erstatningskrav til kommunen. Desse vart fyrst handsama av barnevernssamarbeidet, som stilte seg avvisande til at kommunen hadde erstatningsansvar. Sakene deira vart tidlegare i år sendt til kommunen dei vaks opp i.
Verken VTB eller syskena har fått innsyn i saksutgreiingane og vurderingane til kommunen. Dette er grunngjeve med omsynet til kommunen sin forhandlingsposisjon. Innstillinga frå administrasjonen var at kommunen ikkje har erstatningsansvar, og at ein ikkje skulle utbetale noko erstatning.
Formannskapet i kommunen vedtok at kommunen ikkje har erstatningsansvar, men etter forslag frå ein av politikarane vedtok dei med ei røyst overvekt å tilby ei billigheitserstatning på 500 000 kroner til kvar av søskena.
Så kom erstatningssakene til kommunestyret. Handsaminga var lukka, men i protokollen kan ein lese at ein politikar kom med forslag om at kommunen tek på seg erstatningsansvar for begge syskena etter skadeerstatningslova § 2.1. Denne paragrafen handlar om arbeidsgjevaren, som i dette tilfellet er kommunen, sitt ansvar for skade deira tilsette har påført andre under utføringa av tilsette sitt arbeid for arbeidsgjevaren. Dei aller fleste i kommunestyret stemte for dette forslaget.
Vedtaka inneber ikkje konkrete pengesummar. Kommunen skal etter kvart ha eit møte med «Per», «Siri» og deira advokat der utmåling av erstatningssummane vert tema.
Erstatningssakene i kommunen
Sak 1: I 2018 vart den fyrste erstatninga utbetalt av kommunen. Den var på 1,45 millionar kroner, og gjaldt skade påført i barnevernets omsorg. Saka hadde fyrst blitt handsama av barnevernssamarbeidet, som tilrådde at kommunen utbetalte erstatning. Erstatningsvedtaket tok ikkje stilling til om kommunen hadde juridisk erstatningsansvar.
Sak 2 og 3, del 1: I 2021 fekk «Per» og «Siri» tilgang til barnevernsmappene sine og las kva kommunen hadde dokumentert om deira barndom. I 2022 sende dei via advokat førespurnad om korleis kommunen stilte seg til å ta erstatningsansvar for dei to. Førespurnaden deira vart handsama av barnevernssamarbeidet i Vest-Telemark. Svara, som kom i løpet av våren og forsommaren 2023, var negative.
Sak 4: Hausten 2023 vart nok ei erstatningssak for tapt barndom handsama av kommunen som «Per» og «Siri» vaks opp i. Denne saka var ikkje innom barneversamarbeidet fyrst. Kommunestyret vedtok ei erstatning på 1,65 millionar kroner i denne saka, etter innstilling om dette frå administrasjonen. Omgrepet «erstatningssum» vart nytta i saksutgreiinga, men det vart ikkje gjort vedtak om at kommunen tok på seg juridisk erstatningsansvar.
Sak 5: Våren 2024 vedtok kommunen å gje erstatning til fleire familiemedlemmar av personen som fekk tilkjent erstatning hausten 2023. Desse vart også handsama direkte i kommunen, utan å vere innom barnevernssamarbeidet. Familiemedlemmene fekk 1,3 millionar kvar. I vedtaket vart omgrepet «eingongserstatning» nytta, men heller ikkje her vart det vedtatt noko juridisk erstatningsansvar.
Sak 2 og 3, del 2: Så fekk kommunen oversendt sakene til «Per» og «Siri» frå barnevernssamarbeidet. Desse har no blitt handsama, og i desse sakene har kommunestyret for fyrste gong vedtatt juridisk erstatningsansvar. Vedtaket var motsett av innstillinga frå administrasjonen, som var at kommunen ikkje hadde erstatningsansvar og ikkje skulle gje noko erstatning.
Skadeerstatningslova § 2.1
Arbeidsgivers ansvar for arbeidstaker
Arbeidsgiver svarer for skade som voldes forsettlig eller uaktsomt under arbeidstakers utføring av arbeid eller verv for arbeidsgiveren, idet hensyn tas til om de krav skadelidte med rimelighet kan stille til virksomheten eller tjenesten, er tilsidesatt. Ansvaret omfatter ikke skade som skyldes at arbeidstakeren går utenfor det som er rimelig å regne med etter arten av virksomheten eller saksområdet og karakteren av arbeidet eller vervet.
Kjelde: Lovdata.no