Slik var vêret ved Pepparstein på E134 klokka 22.28 onsdag kveld.
Skjermdump frå Statens vegvesen
Kolonne over Haukelifjell
Statens vegvesen melder om kolonnekøyring på E314 på grunn av uvêr onsdag kveld.
– Det er kolonne på strekninga Vågslidtunnelen - Svandalsflonatunnelen, begge vegar med usikker sluttid, melder Statens vegvesen klokka 22.04 onsdag kveld.
Korleis køyre i kolonne
Slik førebur du deg til turen
Ha lykt, slepetau og snøspade lett tilgjengeleg.
Det er lurt å ha med mat og varm drikke.
Ta med varme klede og vintersko.
Undervegs på turen
Bruk naudblink.
Har du tåkelys, bruk dei.
Pass på at du alltid kan sjå bilen framfor deg.
Hald jamnast mogleg fart og følg kolonnen.
Ikkje køyr ut av kolonnen eller prøv å snu.
Kjelde: vegvesen.no