Kathrine Kinn (33) har flytta til garden Tytegrav i Ordal.
I dei gamle, fine husa langs Ordalsvegen, finn ho ro saman med sonen Såmund, geiter, sauer, hund og katt.
– Eg gler meg til å kome ut her kvar einaste dag, seier ho.
Kathrine (33) fann redninga i hoggestabben
Ho er utdanna sosiolog, og har vore mjølkebonde i Flatdal. Så tok livet ein sving og ho kjøpte seg gard i Kviteseid. Nå satsar Kathrine Kinn på sauer og geiter – pluss litt til.
Det ligg ei snill bikkje og vaktar døra. «Kom inn!» høyrest innanifrå, og Kathrine Kinn kjem smilande imot oss i ei koseleg gamal kjøkenstove.
– Eg sit mykje her framfor peisen, seier ho, og peikar mot ein raud og grå godstol.
Ein får lyst til å trekke føtene oppunder seg i sofaen og bli sitjande i stova til Kathrine heile dagen. Ho har klart å få det så heimekoseleg på garden Tytegrav i Ordal at folk kjem langvegsfrå for å slappe av der.
– Det er mykje folk innom. Eg har eit stort hus med mange soverom. Tytegrav har blitt eit samlingspunkt, det er veldig fint!
Frå mjølkekyr til mjølkegeiter
Sist me snakka med Kathrine var ho mjølkebonde på Rørtveit gard i Flatdal, i lag med eksmannen Gunleik. Før det igjen var ho sosiolog i Oslo med ein gardsdraum i magen. Og for å gjere ei lang historie kort; på Rørtveit fekk ho lære å drifte gard med kyr, sau, gris og eple i fem år. Ho og Gunleik fekk sonen Såmund, som nå er fire år. Etter at paret skilte seg i 2024 kjende Kathrine ganske fort;
– Det var ikkje spørsmål om eg skulle fortsette å vere bonde. Eg ønska meg ein ny gard.
Ho sette inn ein annonse i VTB, og ein gardeigar i Ordal i Kviteseid tok kontakt.
– Eg fekk kjøpe Tytegrav til takst, 4 millionar kroner. Eg hadde ikkje så mykje eigenkapital, så eg var glad for å sleppe bodrunde.
Kathrine er stolt eigar av ein gard på 1 633 dekar.
Tytegrav er fordelt på to teigar, ein på kvar side av Ordalsvegen.
Kathrine byggjer nå opp garden, stein for stein, planke for planke.
Då ho tok over eigedomen, som er på totalt 1 633 dekar, starta ho på ei bratt læringskurve – endå ein gong.
– Det var viktig å bevise for meg sjølv at eg klarte å drive gard på eiga hand, smiler ho.
I tillegg til våningshus er det eldhus, låve, stabbur, stall og vedskjul på Tytegrav. Det var nye tak på alle hus, låven var lafta ned og sett opp att, og stabburet var restaurert før Kathrine kom til gards.
– Eg gjekk bort frå tanken om å drive med kyr i første omgang og bygde om fjøset med plass til 30 mjølkegeiter. Eg har også plass til seks geiter i den gamle hestestallen, fortel ho.
I tillegg til å passe på seks sauer, ti geiter og tolv kje feller ho tre, høgg ved og snikrar på bygningar.
Det strålar i augo hennar når ho seier;
– Eg gler meg til å kome ut her kvar einaste dag!
Det tok likevel litt tid før ho kom dit.
Eit kalibreringsår
– Eg isolerte meg litt etter skilsmissa, eg hadde ikkje sosialt overskot. Då eg kom hit i november i fjor var det heilt mørkt på garden. Eg starta det nye livet med hovudlykt. Den største overgangen var faktisk mørket, fortel ho, og kikar ut på solljoset som denne dagen brer seg utover garden.
Ho sette pris på at garden låg litt avsides.
– Her kunne eg prosessere, og om eg felte ei tåre så var det ingen som såg det. Eg fekk ein ny hobby. Det er mykje terapi i ein hoggestabbe. Der kunne eg tenke, reflektere, finne ut kva slags tempo eg ville leve i, korleis eg ville forvalte morsrolla, og korleis eg ville drive garden. Hoggestabben blei redninga mi. Eg sov også så godt fordi eg var fysisk sliten då eg la meg.
Ho klarte å snu sorga over det ho reiste frå i Flatdal til takksemd over alt ho hadde fått lære.
– Det blei eit kalibreringsår. Ein rekk å tenke skikkeleg mange, lange tankar ved ein hoggestabbe, smiler ho, og gjev katten litt kos.
Kathrine er forfattar, skribent, foredragshaldar og aktiv i sosiale medium.
– Eg skulle vore utan mykje av bagasjen min, men nå har eg handla, feila, erfart, lært og landa. Eg er takknemleg for at eg får byggje opp livet mitt på nytt basert på det dei siste åra har lært meg, på godt og vondt. Det å tore å vere sårbar i sosiale medium har også vore ein nøkkel. Det er mange som kontaktar meg med liknande livserfaringar og gode råd på vegen.
Kathrine på veg over tunet til hoggestabben.
– Ein rekk å tenke skikkeleg mange, lange tankar ved ein hoggestabbe.
– Eg er takknemleg for at eg får byggje opp livet mitt på nytt.
Rom for leik og moro
Sosiologen frå Oslo som ville vere mjølkebonde stortrivst nå som geite- og sauebonde. Ho har fått jobb som politisk rådgjevar i Norsk bonde- og småbrukarlag, noko som passar ekstra bra når ein engasjerer seg så for bøndene som Kathrine gjer.
– Det er fint å bu på bygda, tett på dei som kjenner kvar skoen trykker. Takka vera korona er det mykje møteverksemd digitalt. Når eg drar til Oslo under jordbruksforhandlingane, bur vener av meg her og passar på garden. Då får dei leve ut gardsdraumen ein periode.
Kursen vidare er staka ut.
– Planen er eit heilt reint sauefjøs, eit heilt reint geitefjøs – og eit ysteri her på Tytegrav. Eg vil gjerne kunne leve av garden. Med ysting er planen ein heiltidsarbeidsplass.
Så er ho også tydeleg på at sonen Såmund har førsteprioritet.
– Ein kan ikkje ha ein så fin plass utan at det er rom for leik og moro, smiler ho på veg over det snødekte tunet.
Me kjenner kulda bite i kinna, men bonden seier ho er blitt herda og ikkje kjenner kulde på same måte som før. Ho fortel også at foreldra har flytta etter ho til Telemark, og at ho har fått mykje hjelp av dei på garden.
– Her i Ordal er det også mange godt jorda folk som er praktiske. I mars i fjor skjøna eg at eg måtte begynne å spørje om hjelp. Ein nabo sa til meg; det er slik me blir kjend her.
Kathrine har gjeve bort jaktrettar i byte mot hjelp på garden. Ein sambygding har til dømes gjeve ho grunnkurs i felling av tre og vedlikehald av motorsag.
Me høyrer at det undervegs på ferda i Telemark har snike seg inn eitt og anna dialektord.
– Og veit du; det gav veldig meining å lese «Ferdaminne» av Aasmund Olavsson Vinje då eg reiste rundt i ulike fjellbygder som ung avløysar. Eg kunne kjenne meg att, seier Kathrine.
Den gong var ho på vandring. Nå står ho støtt i eiget tun og deler stadig av erfaringar frå bygda og livet ho sjølv har vald.