To menn ryddar gras med ryddesag ved vatnet.
Jan Erik Landegård (33) og Tor Vetle Kovajord Olsnes (21) rakar plassen der det etter kvart skal settast opp endå ein bålplass.

Inviterte bygda til dugnad

Mange møtte opp då Babu inviterte til dugnad på Tangane på Dalen. 

Publisert

Etter ti år i bedrifta Babu har Harald Utigard (53) bruka mykje tid her nede på Tangane. Ikkje fordi han likar å kikke ut over den nydelege utsikta, ei heller for å ta seg ein matbit på ein av benkane. 

Nei, Harald vil helst jobbe. 

Likevel, i dag håpar han å få litt hjelp. 

Person går med hund mellom tre i ein solfylt skog.
Harald Utigard slår graset på Tangane mange gongar kvar einaste sumar. Draumen er ein robotklippar, slik at han kan bruke meir tid på andre arbeidsoppgåver.

Inviterte til dugnad

For å gjere området klart til sumaren inviterte Babu alle i bygda til å bidra med ein skikkeleg arbeidsøkt.

– Eg håpar nokon som brukar Tangane meir enn oss blir med, seier Harald mens han festar ei ny snor i kantklipparen. 

Tre personar ryddar på strandkanten ved eit vatn.
May Anette Sollie trillar båra medan Elin Solheim og Frauke Wiens rakar kvist og kvast frå stranda.

Det tar ikkje lange tida før han får ønsket sitt oppfylt. Snart 80 år gamle Frauke Wiens jobbar som frivillig på helsesenteret og når det ikkje er bingo tar ho ofte med ein bebuar i rullestol på ein trilletur ned langs vatnet. 

– Eg synest me skal hjelpe Babu-folket for dei er så flinke. Me bruker stiane mykje i frivilligsentralen og då er det viktig å bidra også her, seier ho. 

Tener ikkje noko

Etter at Babu overtok vedlikehaldet her ute på Tangane, peikar fleire på at dei merkar ein stor forskjell. 

Ein av dei er Bjørn Vindal (62).

To personar trenar med stavar i ei skoglysning.
Bjørn Vindal (62) samla saman drivved nede ved vatnet, slik at det ser litt ryddigare ut.

– Det har blitt mykje hyggelegare å vere her nå enn for nokre år sidan. Det er moro og hjelpe Babu-gjengen, dei er jo så fantastisk flinke, rosar han. 

Alt gjengen på Babu gjer, gjer dei heilt gratis. No har dei laga nye solstolar som snart skal bli sett opp på den nye bålplassen

– Me har bruka ein del pengar som me har fått gjennom panteinnsamling på ulike prosjekt i bygda. Me i Babu skal jo spreie glede, seier avdelingsleiar på Åheim, May Anette Sollie. 

At bedrifta Babu, som er nært knytt til Åheim bufellesskap, tar på seg så mange synlege oppdrag på Dalen bidrar til at bebuarane og resten av bygdefolket kjenner kvarandre ekstra godt.
Powered by Labrador CMS