Varsling onsdag klokka 12.

I dag ular det i telefonar og tyfonar

Klokka 12 i dag testar Sivilforsvaret sine tyfonar i heile Noreg. Samtidig sender politiet ut test av naudvarsel på mobil.

Publisert Sist oppdatert

Onsdag 14. januar klokka 12 er det felles nasjonal varslingsprøve. Politiet sender ut test av naudvarsel på mobil og sivilforsvaret testar tyfonar med signalet «viktig melding – søk informasjon».

– Sivilforsvaret testar sirener for varsling av befolkninga ved uønskte hendingar to gonger i året. Vanlegvis klokka 12.00 andre onsdag i januar og juni. 

Det seier Geir Strand, sivilforsvarsadjutant i Sivilforsvaret i Telemark. Han fortel at det er 1250 sireneanlegg rundt i landet. I Telemark er det berre tyfonar i Skien, Porsgrunn og Bamble.

Kva med oss lengre opp i fylket?

– Ja, det kan ein jo meine noko om, at ein kanskje bør ha fleire tyfonar. Det er nokon lengre oppe som tek slike avgjersler.

Kvifor test?

Naudvarsel på mobil blir testa for heile befolkninga, både for å gjere folk kjende med korleis det opplevast å få eit naudvarsel, og for å sikre at systemet fungerer slik det skal.

I ein reell situasjon inneheld eit naudvarsel informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjere for å verne deg sjølv.

Testing av tyfonane blir gjort for å avdekkje tekniske feil og for å gjere befolkninga kjend med lyden og signalet. Signalet som blir testa under varslingsprøvane heiter «Viktig melding – søk informasjon» og består av tre seriar med tuting, med eitt minutt opphald mellom seriane. Dersom du høyrer dette signalet, betyr det i praksis at du skal søkje informasjon.

 Informasjon om kva som skjer og korleis du skal forhalde deg, blir gitt gjennom ulike medium, til dømes radio, TV, styresmaktene sine nettsider og sosiale medium.

Fordelen med tyfonar er at ein ikkje er avhengig av nett, forklarar Strand.

– Det er akustisk varsling som når alle i høyrbar avstand.

Test av naudvarsel på mobil skjer oftare, men i dag altså samtidig med test av tyfonar. Mobiltelefonar i heile landet vil vibrere og spele av eit høgt lydsignal, samtidig som tyfonane ular klokka 12.

Les meir om varsling av befolkninga her.

Powered by Labrador CMS