Frå og med 20. april er det igjen lov å overnatte på hytta si. Her frå Norefjell.Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix/ NPK

Hytteforbodet blir oppheva – men unødvendige fritidsreiser blir framleis rådd mot

Det omstridde hytteforbodet blir oppheva frå og med måndag 20. april, men regjeringa rår framleis mot alle unødvendige fritidsreiser.

Heilt sidan hytteforbodet vart innført 19. mars, har det skapt stor debatt i befolkninga. Mange har vore frustrerte over å ikkje kunne reise på påskefjellet slik som vanleg.

Tysdag stadfesta regjeringa at fleire av koronatiltaka delvis blir letta på, mellom dei hytteforbodet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Frå 20. april vil vi opne for at folk igjen kan få overnatte på hytta, men oppfordringa om å avgrense unødvendig fritidsreiser gjeld framleis, seier statsminister Erna Solberg (H).

– Vi må altså framleis halde bevegelsesmønstera våre avgrensa og smitten vår nede, seier ho.