Sakshandsamar: Kommunalsjef helse og omsorg, Beate Våge Lia, Seljord kommune
Tone Tveit
Har ikkje lukkast med å finne vikarar sjølve – ber om 3,2 millionar til vikarbyrå
Med tre av seks legar i kommunen i foreldrepermisjon, har det vore utfordrande for Seljord kommune å få tak i vikarar. Nå ser administrasjonen ingen anna utveg enn å nytte vikarbyrå for å sikre legedekninga.
I saka, som formannskapet får på bordet torsdag, skriv sakshandsamar, kommunalsjef for helse og omsorg Beate Våge Lia, om utfordringane knytt til å sikre nok vikarar.
– Frå november 2022 lykkast det å rekruttere ein legevikar på fastløn, og planen var at vikaren skulle dekke ein legeheimel fram til hausten 2023. Legevikaren fekk på nyåret tildelt LIS1 teneste ein annan stad i landet, og valde å avslutte i vikariatet i februar, opplyser kommunalsjefen.
– Frå mars 2023 fekk kommunen på plass ein ny legevikar med fastløn. Etter kort tid i tenesta valde legevikaren å avslutte kontrakt på grunn av tilbod om annan jobb på Sykehuset Telemark, held Våge Lia fram.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP