Kjempemoro: Kateket Henning Boklund med nokre av dei som snart skal bli konfirmerte og som synest det er kjempemoro å vere på leir i Fyresdal.

Fullt trykk frå morgon til kveld

Konfirmantane stortrivst med å vere i dagevis på Fyresdal kurs- og leirstad. Mange minne blir skapt på staden som dei unge gjerne vender tilbake til.

I ei juli-veke i sommar, frå sundag til torsdag, var 100 konfirmantar rundt 14 år gamle og 40 copilotar (tidlegare konfirmantar, nå 15–18 år gamle) frå Eidanger på samling ved Fyresdal kurs- og leirstad.

– Det er fjerde året me er her med ungdomar som skal bli konfirmerte i september når dei går i tiandeklasse. Det er også med 15 foreldre som gjer ein uvurderleg jobb. Alle storkosar seg på kurs- og leirstaden, seier Henning Boklund, kateket i Eidanger kyrkjelyd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Boklund fortel at på leiren går det unna kvar dag frå morgon til seine kveld.

– Slik skal det vere, slår han fast.

Les også
Ein av regionens mest besøkte turiststader

Hektisk aktivitet

Når VTB er innom er det hektisk aktivitet blant ungdomane. Det er i gang Mesterens mester-konkurranse med 12 ulike postar fordelt på inne og ute.

Anna som skjer på samlinga desse dagane er dans, synging, leikar, gå på tur, ha party, bønevandringar, ja rett og slett mykje forskjellig.

– Me gler oss til å gå tretoppvegen i Hamaren aktivitetspark om to dagar. Med det innslaget har Fyresdal slått på stortromma, seier Boklund.

Han avsluttar med desse orda:

– Ungdomane elskar å vere her. Ein ting copilotar snakkar om er å kome tilbake hit. Mange minne blir skapt på leiren i Fyresdal.