Slik såg det ut då elva Glåma braut seg gjennom demninga ved Braskereidfoss kraftverk under ekstremvêret «Hans». Foto: Cornelius Poppe / NTB / NPK

Fleire milliardar kroner til vêr- og terrorsikring av vassmagasin

Vassmagasina i landet skal rustast opp. Meir enn 8,5 milliardar kroner blir lagde i potten for å sikra dei mot potensiell terror og ekstremvêr.

– No bygger me to flunkande nye steinfyllingsdammar med asfaltkjernar. I stor grad er det for å tilfredsstilla det framtidige sikkerheitskravet, seier prosjektleiar Arne Sandvold i Statkraft til NRK.

Onsdag kollapsa delar av demninga på Braskereidfoss kraftverk i Våler som følgje av ekstremvêret «Hans». No pålegg Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) Statkraft å oppgradera 76 damprosjekt. Prosjektet kostar meir enn 8,5 milliardar kroner, ifølgje kanalen. Bakgrunnen er klimaendringar, ekstremvêr og eit auka terrortrusselbilde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blant dei største prosjekta er Mår-fjellet i Tinn, Trollheim i Rindal/Surnadal, Nesjødammen i Tydal og Kjela i Vinje.

(©NPK)

Låg vasstand i Rosskreppfjorden, eit magasin i ein innsjø i Sirdal og Valle kommunar i Agder. Illustrasjonsfoto: Ørn E. Borgen / NTB / NPK
Høgspentmaster og kraftleidningar på Rjukan. Illustrasjonsfoto: Ørn E. Borgen / NTB / NPK