Brannsjef: Torbjørn Lia, Vest-Telemark brannvesen IKS, minner om bålforbodet og oppmodar vesttelane til å melde frå til Sør-Aust 110 sitt servicenummer dersom dei skal fyre under trygge omstende.

Torbjørn ber vesttelane bruke hovudet. – Bommar du, må du ta konsekvensane

Det seier brannsjef i Vest-Telemark Torbjørn Lia. Han minner om bålforbodet som gjeld frå 15. april til 15. september.

– Sit du på Haukelifjell med snø på alle kantar, skal du sjølvsagt få lov til å fyre bål, for forskrifta seier at det er mogleg å fyre dersom du brukar hovudet, forklarar brannsjef i Vest-Telemark brannvesen IKS, Torbjørn Lia.

Det generelle forbodet mot open eld i skogsmark gjeld frå 15. april til 15. september, og omfattar også bruk av eingongsgrill og bålpanner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men Lia seier det er mogleg å grille på område langt unna skog og utmark, som i hagar og på faste grill- og bålplassar der dette er lagt til rette for.

– Men då gjeld aktsomheitsplikta som omfattar at du må vere forsiktig, ansvarsfull og bålet må vere fullstendig sløkt før du reiser frå det, seier Lia.

Ring og meld frå

Brannsjefen seier at han og mange andre i dei lokale brannvesena har blitt kontakta av mange denne våren med spørsmål om dei kan brenne bål, og for å melde frå om at dei skal gjere det.

– Skal du brenne hageavfall i eigen hage, og er sikker på at dette er trygt, må du melde frå til servicenummeret hos 110-sentralen i Sør-Aust. Nummeret er 33 31 41 10, ikkje ring oss lokalt men syt for at sentralen får beskjed. Det er betre å varsle før og vere på den lovlege sida, for du må vite at det er du som sit med ansvaret dersom noko skjer, oppmodar Lia.

Dersom 110-sentralen er varsla om at det vil bli brent bål, kan ein hindre at andre varslar om røyk eller flammar, og brannvesenet blir kalla ut.

– Melder du ikkje frå, og utrykkinga kjem, kan du måtte betale dette sjølv. Ved grov uforstand kan ein også risikere å bli meld til politiet.

– Har nokon fått bøter for at brannvesenet har blitt kalla ut til kontrollerte bål?

– Ja, eg veit nokon kommunar har gjort dette, men er ikkje sikker på storleiken på bota.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fylg med om det er tørt

Sommaren 2018 var det svært tørt, og Lia minnest at brannvesenet blei varsla om veldig mange avstandsmeldingar. Mange utanlandske turistar hadde ikkje fått med seg fyringsforbodet.

– Det kan bli svært kostbart dersom brannvesenet blir kalla ut på falsk alarm. Kjem meldinga inn må brannvesenet rykke ut. Som eit døme kan det koste 10-12 000 kroner dersom 16 mann og 2-3 bilar blir kalla ut på med overtidsbetaling, seier Lia.

Han oppmodar difor alle til å vere heilt sikre denne sommaren dersom ein skal tenne eld, og har ein fyra må ein vere heilt sikker på at det er sløkt.

– Glør kan ligge lenge i bakken og ulme, kjem det litt vind kan ein brann blusse opp, og få store følger. Det er ikkje så tørt enno, men det kan bli det, så det er lurt å fylgje med på skogbrannindeksen til Meteorologisk institutt i tida som kjem.

– Tar folk for mange sjansar når det gjeld eld?

– Folk er stort sett fornuftige og gode til å vurdere om det er trygt, dei fleste vil ikkje ta sjansar. Og det er veldig bra at dei tar kontakt og spør når dei er usikre, meiner Lia.

Tips til trygg bålbrenning

Ta omsyn til skogbrannfare og vindtilhøve.

Det er bestandig den som brenner bål som har ansvaret for branntryggleiken.

Det bør vere ein vaksen, edru person som er ansvarleg for bålet.

Bålet må vere i god avstand frå bygg og vegetasjon.

Det er ikkje lov å brenne bål på svaberg.

Bålet må ikkje vere større enn at du har kontroll på det, og kan sløkke det ved behov.

Ha eigna sløkkemiddel lett tilgjengeleg.

Det er forbod mot å brenne plast, bygningsmateriale og anna søppel.

Når du reiser frå bålplassen skal bålet vere heilt slokna.

Kjelde: sikkerhverdag.no

Brann i terreng: I 2023 fekk Kviteseid brannvesen heldigvis raskt kontroll på lyngbrannen i åssida av Skurvåsen ned mot Kviteseidvatnet. Det er ein bålplass i det om lag 30x30 meter store området som brann, og brannen starta truleg av glør som ulma opp i vinden etter eit tidlegare bål.
Skogbrann: Sommaren 2023 starta det å brenne i skogen ved Eikom i Nissedal kommune. Det var svært tørt i skogen då torevêr og lynnedslag starta skogbrannen.