Flaggar i heile juni, og inviterer til to inkluderingsveker
Aksept, toleranse, mangfald og demokrati. Det er stikkord for inkluderingsarbeidet i Nissedal.
I Nissedal vaier regnbogeflagga nå på kommunale flaggstenger. Det skal dei gjere i heile juni. Ein av dei som er glad for at politikarane i Nissedal har bestemt at kommunen på denne måten vil fremme inkludering og mangfald er rektor Marius Vøllestad.
– Eg er jo homofil innvandrar, smiler han.
– Og stolt av begge delar, legg han kjapt til.
Når flagget går til topps på flaggstengene på skulane i kommunen første juni handlar det om meir enn rettane til homofile.
– Det handlar om å inkludere alle, seier Vøllestad.
Han meiner me treng mangfald, og at inkludering styrkar demokratiet.
Den viktige støtta
Rektoren i Nissedal vart fødd i Spania, i 1966. På den tida då diktatoren Francisco Franco regjerte i landet. Homofili var forbode med lov fram til 1978 i Spania.
Marius skjønte tidleg at han likte gutar, og som trettenåring forelska han seg i ein kamerat i klassen.
Mora, som var strengt religiøs, hadde nok sett nokre teikn. Fleire gonger hadde ho nemnt for Marius at ho gjerne skulle hatt ein homofil son. Då han kom heim og fortalde henne at han hadde fått sin fyrste kjærast, spurde ho: «Kva heiter han da?».
– Det gjorde det veldig enkelt for meg, seier Marius i dag, takksam for at han fekk så mykje støtte frå familien, og særleg mora, i ungdomsåra.
– Det var veldig, veldig viktig for meg.
Det var kjærleiken som førte han til Noreg. Det er 30 år sidan Marius gifta seg med ein odelsgut frå Vøllestad i Drangedal. I dag bur dei på garden. Spanjolen har tatt gardsnamnet til etternamn, og sidan 2020 har Vøllestad vore rektor på skulen i Treungen.
Han trivst i Noreg, og er glad for å sjå korleis samfunnet gradvis har opna seg. Samstundes er han uroa for utviklinga fleire stader i verda.
– Eg føler at pendelen er i ferd med å svinge litt tilbake. Me ser land, også nær oss, der det har blitt vanskelegare å leve ope som homofil.
Kan vere vanskeleg også i dag
Sjølv om me skriv 2026 trur rektoren det framleis kan vere vanskeleg for ungdom å stå fram som homofile, også i Noreg. Det synest han er trist. Som rektor er han oppteken av at ungdom skal oppleve å bli godtekne som dei er, og at dei skal godta seg sjølve som dei er.
– Det er veldig viktig, understrekar han.
Vøllestad håpar skulen ved å heise regnbogeflagget kan styrkje kjensla av at det er greitt å vere den ein er – om ein kjem frå eit anna land, har ei anna tru, eller ei anna legning. Derfor er han glad for at politikarane i Nissedal sa ja til å flagge i heile juni.
Rektor har også fått mail frå Utdanningsdirektoratet som oppmodar kommunane til å markere pride på skulane. Dei meiner det er ein måte å signalisere til barn og unge at dei høyrer til i fellesskapet, og at skulen skal vere ein trygg plass for alle.
Må vere stolte
Anne Tveit er kommunepolitikar og er ei av dei som har kjempa for at regnbogeflagget skal henge oppe på dei kommunale flaggstengene i heile juni.
«Stolt mamma» står det på jakka hennar. Ho er oppteken av det, at foreldre må vere stolte av borna sine.
Det var sonen hennar, Egil, som fortalde at dei i Kristiansand også hadde ei inkluderingsveke. Tveit lufta ideen for blant andre kultursjef Anne Espelid.
– Eg føreslo at me skulle ha ei inkluderingsveke, og nå har me enda opp med to, smiler ho.
Inkluderingsvekene vart innleia med flaggheising 1. juni. 13. juni blir det pride-parade og inkluderingsfest på ungdomshuset. Og innimellom desse datoane er det fleire aktivitetar både for ungar, ungdom og vaksne. Bak arrangementa står Nissedal kommune, frivilligsentralen, ungdomsrådet og ungdomslaget.
Tveit meiner det er moro med ein fargerik månad.
– Me må jo ha litt fest og moro, smiler ho.
– Det er vårt ansvar
Kultursjef Anne Espelid er stolt av at Nissedal kommune så tydeleg kommuniserer ut at dei vil vere ein inkluderande kommune, og fortel at dei som jobbar med barn og unge i kommunen jobbar målbevisst for større aksept og toleranse. At flagget heng oppe i heile juni er eit symbol på det, meiner ho.
– Men kvart år både gleder og gruar eg meg til å heise flagget, seier ho.
For med flagging kjem det også ofte diskusjonar. Det kan ta fyr på Facebook og andre sosiale medium. Det ynskjer ikkje kommunen å bidra til.
– Me gjer ikkje dette for å provosere. Me gjer det for å støtte dei som treng det, seier ho.
Vøllestad og Tveit nikkar.
– I år har det heldigvis vore stille, seier Espelid.
Ho meiner det er viktig å vere bevisste på historia.
Vøllestad understrekar at det å fremme mangfald og inkludering er grunnleggjande i eit demokrati.
– Det motsette er diktatur, der minoritetar ofte blir undertrykte, seier han.
Det er borna som seinare skal verne om demokratiske verdiar.
– Og det er vårt ansvar å fortelje at dette er skjørt, og at det er noko ein alltid må verne om, seier Espelid.