Emilie er pårørande på DPS: – Eit slag i magen
Emilie Schäffer forstår ikkje at sjukehuset vil legge ned døgnposten på Seljord DPS. – Dette er menneske som treng verdigheit, seier ho.
– Den pleia og omsorga me har fått på Seljord DPS; ja, me er ordentleg imponert!
Emilie Schäffer er pårørande. Ho er også politikar, har vore ordførarkandidat for Skien Høgre, vararepresentant for Telemark Høgre på Stortinget, og sit nå i Skien kommunestyre og i fylkestinget. Ho har fulgd DPS-saka i Seljord, og seier det går innpå ho at sjukehuset ønsker å legge ned avdelinga.
– Dette er eit slag i magen! Det å byggje ned sengeplassar når behovet blir større; eg skjønar det ikkje.
– Treng pusterommet
Emilie er verje for eit menneske med kronisk psykisk sjukdom. Hen blei først lagt inn i Grenland, men så sendt vidare til Seljord.
– Me fekk sjå ei stor betring i hens helse, og blei nesten lei oss då hen blei skrive ut i Seljord. Dei var så dyktige på døgnposten, og fellesskapet var så flott.
Emilie er bekymra for det ho kallar «svingdørpasientar».
– I Seljord har dei tid til å ta seg av dei som treng det. Nokon er så sjuke at dei faktisk treng det pusterommet dei kan tilby der oppe.
Ho bekreftar det som fleire tilsette har sett ord på; det er mange pasientar frå Grenland som set ekstra pris på å kome til ei grøn lunge i Seljord.
– Me blei veldig positivt overraska over roa me fann der oppe. Dei tilsette var eineståande.
– Håper på løysing
– I denne saka stussar eg over grunngjevinga for å legge ned avdelinga, seier Høgre-politikaren.
– Eg skal ikkje spekulere for mykje, men eg håper ikkje det er vikarierande argument for å legge ned. Eg håper dei finn ei løysing!
Ho innrømmer at ho først var litt skeptisk til at pasienten ho kjenner så godt skulle dra frå Grenland til Seljord.
– Men så blei me overtydd, og hen kom seg raskt ut av tilstanden hen var i. Sjuke menneske reiser frå øvre Telemark til sjukehuset i Grenland. Då kan me også reise oppover.
Ho ønsker å appellere til sjukehusstyret som skal avgjere saka på onsdag:
– Det har vore lovnader i mange år om at tilbodet til psykisk sjuke skal bli betre. Dette er ei gruppe som ikkje sjølve klarer å snakke si sak. Eg ber om at sjukehuset tar til fornuft. Dette er menneske som treng verdigheit. Det er ikkje verdigheit om dei ikkje får den plassen dei fortener.