På Lierskogen: Anne Kristin Kleiv saknar skiløypene i Høydalsmo, og skal feire med mann og gutane Kristian og Håkon heime på Lierskogen.

Ei annleis påske - helsingar frå vesttelar som ikkje kjem heim til tradisjonell påske

Utflytta vesttelar som er vande med å koma heim til påske må halde seg der dei bur. Nokon kommunar har forbod mot innreise, andre har sterke oppmodingar om ikkje å koma heim.

Anne Kristin Kleiv

Alder: 36 år

Bur på Lierskogen

Artikkelen held fram under annonsen.

Spørsmål:

1. Korleis skulle påska vore?

2. Korleis blir påska?

3. Nokon du vil helse til heime?

1. Me plar å feire fyrste del av påska med svigerfamilien min på hytta deira og siste del av påska i Høydalsmo sammen med min familie. For meg er det ingenting som slår dei fine skiløypene i Høydalsmo! Så det kjem til å bli eit stort sakn for meg i år.

2. Påska blir heime på Lierskogen sammen med mann og barn. Her har me heldigvis skog og mark rett uttanfor døra og kjempeflotte turmoglegheitar. Snøen er borte her, så ei påske uten snø og ski blir litt rart. Men me satsar på finvêr og mange fine turar til fots med god avstand til andre!

3. Eg vil helse til pappa, mamma og Geir, besta på Rauland og resten av familien og gode venner der heime.

Oslopåske: Ingebjørg Aasta Erikstein-Midtbø.

Ingebjørg Aasta Erikstein-Midtbø

Alder: 29

Bur: Tonsenhagen i Oslo

Spørsmål

1. Korleis skulle påska vore?

2. Korleis blir påska?

3. Kven vil helse til heime?

1. Planen var å kome seg så fort som mogleg heim til mor og far på Dalen da lærarferien sette i gang. Gleda meg til skiturar på Skafsåheia og den tradisjonelle palmesundagen på Møsstrond. Eit innslag av hytte til hyttetur med vener og besøk hos svigerfamilie i Bø og ski på Lifjell var også på planen. Tradisjonen tru hadde det nok blitt ein tur til feriehuset på List siste del.

Artikkelen held fram under annonsen.

2. Heldigvis har me skogen like utanfor her me bur, men det blir dårleg med fjell og snø denne påska. Nå er me heller på leiting etter område utan folk i Oslomarka. Me har ein stor ambisjon om å sova ute og forhåpentlegvis få til ein dagstur ut av Oslo-gryta. Alt skjer sjølvsagt i to meters avstand til alle andre.

3. Eg vil helse til familien min bak murane heime i Tokke, mor, far og veslesyster Sibylla som er heldige og har innpass i kommunen.

I London: Aslak Ringhus

Aslak Ringhus

Alder: 26

Bur: London

Spørsmål

1. Korleis skulle påska vore?

2. Korleis blir påska?

3. Kven vil helse til heime?

1. Tradisjonell påske er sjølvsagt heime i Vinje, med ei raus dose natur og det utruleg prestisjetunge påskehopprennet i Bøgrend. Om isen på Vinjevatn hadde vore solid nok hadde det fort blitt litt pilking også.

2. Påska i år blir nok utelukkande feira i huset i London då heile Storbritannia er under portforbod fram til over påske. Me har heldigvis hage som får greitt med sol, så det spørs om det blir litt lammekjøt på grillen og husmeisterskap i dart.

3. Forutan familie og vener vil eg gjerne helse til alle som arbeider i helsevesenet og i andre kritiske funksjonar og takke for den framifrå jobben dei gjer.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Oslo: Line Omland Eilevstjønn.

Line Omland Eilevstjønn

Alder: 27

Bur: i Oslo

Spørsmål

1. Korleis skulle påska vore?

2. Korleis blir påska?

3. Kven vil helse til heime?

1. I år som alle år tidlegare skulle eg ha reist heim til vene Vinje og hatt det triveleg med vener og familie. Eg skulle deltatt i (sett på) det tradisjonsrike påskehopprennet på Nord-Aarhus i Bøgrend, eg skulle vore på hyttetur med mi kjære Guro Marie og eg skulle klemt på ein etter kvart rimeleg stor gjeng med bonusnevøar. Og så skulle eg ha ete påskelam som eg mistenker at min far hadde valt å grille utandørs i år.

2. Den blir nok fin i år òg! Eg blir i Oslo saman med kollektiv-sambuarane mine. Me skal bake, eta god mat, sjå seriar og quizze kvarandre. Skjærtorsdag skal gjengen som vanlegvis ville vore på påskehopprenn samlast digitalt. Det blir triveleg.

3. Eg vil gjerne helse til mamma, pappa, besta, bestefar, Marte, Ingrid, Magnar, Guro, Olai, Marit, Emil, Håkon, Cecilie, Johannes, Guro Marie, Eirin, Anita og Vetle. Elskar dikkøn! I tillegg vil eg helse til administrasjonen i Vinje kommune som gjer ein framifrå jobb med smittevern. God påske alle saman.

I Oslo: Elisabeth Rue.

Elisabeth Rue

Alder: 27år

Bur i Oslo

Artikkelen held fram under annonsen.

Spørsmål

1. Korleis skulle påska vore?

2. Korleis blir påska?

3. Kven vil helse til heime?

1. Aller helst skulle eg gjerne hatt fri slik at eg kunne vore heime i Flatdal, fått overfylt påskeegg frå mamma og vore i lag med heile familien. At eg skal jobbe, har eg vore førebudd på lenge, så påska er eg innstilt på å feire i Oslo. Eg skal ha fri veka etter påske, og då hadde eg tenkt meg heim. Men det får bli ein annan gong.

2. Påska blir tilbrakt på jobb på Radiumhospitalet i lag med gode kollegaer, og påskeegget fekk eg av mamma i posten i dag - like fullt som alltid!

3. Eg vil helse til heile familien, særleg mine tanteborn; Erle og Trym, Anne, Magnus og Aksel. Håpar det ikkje blir altfor lenge til me kan sjåast igjen!

På Hamar: Lene Lauve

Lene Lauve

Alder: 31 år

Bur på Hamar

Spørsmål

1. Korleis skulle påska vore?

2. Korleis blir påska?

3. Kven vil helse til heime?

1. Den tradisjonelle påska skulle eg ha hatt fotballfri deretter vore heime med familie og venner i Kviteseid, Seljord, Fyresdal og Bø. Og ikkje minst ha vore med tanteungen min, me sjåast snart Øivind.

Artikkelen held fram under annonsen.

2. Påska i år bli på Hamar, der me endeleg kan ha litt organisert fotball men med strenge restriksjonar, ellers bli det ski og fjellturar med hengekøya i sekken og delvis jobb på Sport1.

3. Eg vil gjerne helse til alle kjente og kjære heime i Telemark, eg saknar dikkon!

God påske!