Indine kom heim med to sylv frå Liverpool
Konkurransesvømmaren Natalie Indine Hansen frå Vrådal fekk med seg to sylv heim frå det internasjonale livredningsstemne i England..
I slutten av oktober reiste Natalie Indine Hansen (14) frå Vrådal til det internasjonale stemnet Rascals national lifesaving meet i England saman med sju andre yngre juniorsvømmarar på 14 og 15 år frå Noreg.
Indine fortel om ei vellukka konkurransehelg. Første konkurransedag persa ho på øvinga 100 meter hinder to gonger. Dette resulterte i at ho gjekk vidare til finalen der ho enda på ein 7 plass.
Linethrow-øvinga gjekk ikkje heilt som planlagt, fortel ho, men Indine hamna likevel på ein 2. plass i klassa. I denne øvinga innan livredning skal ein person kaste eit tau til ein lagkamerat som er 12 meter ute i vatnet, og som deretter skal bli trekt raskt tilbake til bassengkanten.
Meir fornøgd var 14-åringen etter ho sikra seg to sylvmedaljar og personleg rekord på 100 meter redning av dukke med svømmeføttar.
Det blei også to 4. plasseringar i klassa på 100 meter manikin tow der ein skal svømme ut og redde ei dukke i vatnet. På 50 meter manikin carry, der ein med ein spesiell teknikk ber ei dukke i vatnet, blei det igjen eit sylv på 200 meter superlifesaver.