Dagens jeger: – Kvitrima myrar, spenning, og gamle jakthistorier rundt bålet
Dagens jeger er Halvor Øygarden (40) frå Åsgrend.
1. Kor lenge har du jakta?
Eg har vore med på jakt sidan eg var 6 år, og tok sjølv jaktprøva då eg var 17.
2. Kva jaktar du?
Alt som kan jaktast på, inkludert ryper.
3. Kva er det beste med jakta?
Kvitrima myrar, spenninga, og gamle jakthistorier rundt bålet.
4. Kva er det mest utfordrande?
Å koma seg opp om morgonen, og vurdere om ein bør ha stilongs eller ikkje.
5. Fått noko dyr i år?
Ein sekstaggar og tre ryper.
6. Kva er ditt beste minne frå jakt?
Det må vera då eg skaut den fyrste elgen min. Det var stort. Kikkerten på rifla blei øydelagt kvelden før, så det var jo eigentleg eit dårleg utgangspunkt for å skyte. Men då elgen kom på min post, kunne eg ikkje la sjansen gå frå meg, så eg skaut den med ope sikte og trefte.