Alvorleg trafikkulykke på Haukeli
E134 er stengt i begge retningar ved Vågslidtunellen. Luftambulanse er på veg.
Klokka 16.35 sundag melder politiet at naudetatane rykker ut etter fleire meldingar om ei alvorleg trafikkulykke inne i Vågslidtunellen på E134.
Det er store materielle skader og det framstår som ein person er fastklemt.
E134 er stengt i begge retningar.
Klokka 16.50 er naudetatane framme på staden.
Politiet Sør-Aust melder at det er ei alvorleg ulykke. To personar er fastklemt og det blir jobba med å frigjere dei.
Det er totalt tre personar involverte i ulykka.
E134 vil vere stengt ein lengre periode. VTS jobbar med omkøyringsveg.
Ulykkesgruppa frå Statens Vegvesen er på veg til staden. Luftambulanse er også på veg.
Politiet ber bilistar vere tålmodige, det er fleire ressursar på veg.
Kaos på gamlevegen ved tunellen
Preben Terland har hytte i Vågslid og skal heim til Stavanger sundag ettermiddag. Rundt klokka 17.15 var han i kontakt med Statens vegvesen.
– Dei sa det er kaos på gamlevegen over tunellen når ingen står og dirigerer. Dei ba oss vurdere å køyre Suleskarvegen.
Terland seier det er mykje vind og regn i fjellet, men ikkje så mykje trafikk foreløpig. Hytta hans ligg rundt seks kilometer frå Vågslidtunellen.
Litt etter klokka 17.30 melder Terland at tre luftambulanser er på veg og at eitt helikopter har landa. Det er nå rundt fem kilometer kø frå aust retning vest.
– Me kjem nok til å køyre Hovden-Suleskar, seier han.
Saka blir oppdatert.