Tungtransportsjåføren: Helge Linnerud har køyrd frå Haugesund til austlandet i 15 år, og tar den tida han treng for å kome trygt fram.

Langtransportsjåfør Helge har aldri kvidd seg for å køyre om Flatdal

– Der kjøper eg nemleg middag på Joker.

Langtransportsjåfør Helge Linnerud har parkert på trailerkvileplassen i Høydalsmo. Her skal han stå i dei 45 minuttane kvile han er pålagt.

Spiser i bilen: Tungtransportsjåfør Linnerud køyrer ein bil som veg 46 tonn denne dagen. Då er det ein del drivstoff å spare på å køyre gjennom Mælefjell framfor å køyre opp Åsebrekkun i Flatdal.

Trur dei er smarte

– Det er så mange som trur at dei er dumme i Biltilsynet, og overprøver reglane. Og når dei blir tatt for å bryte reglane, då er Biltilsynet dumme då!

Artikkelen held fram under annonsen.

Linderud ler godt av kollegaene som trur dei er smarte, og som blir tatt.

Før Linnerud blei tungtransportsjåfør i heimlandet, var han i forsvaret i Midtausten i FN-styrkane, og han har jobba i Afrika i noko som heitte ERD-prosjektet, The emergency desk project, som var blant dei som hjelpte med å få mat og forsyningar inn i Eritrea etter borgarkrig og hungerkatastrofe på slutten av 1980-talet.

– Eg organiserte transport og var logistikk-koordinator, fortel han.

– Så var eg i Libanon til 1999, før eg byrja køyre tungtransport i Noreg.

No har han køyrd langtransport i Noreg i 20 år. I 15 av desse har ruta gått over fjellet frå Haugesund til Austlandet.

46 tonn

Han ryddar plass til bladfyken som klatrar dei fire trinna opp til førarhuset før ho fortel om då ho var ung og haika med trailerane mellom Bergen og Ålesund.

– Bilane er blitt ein del høgare sidan då. Før var det to trinn opp, så blei det tre. Om du skal ha flatt golv, slik det er i denne, er det fire trinn, forklarar den erfarne sjåføren.

I dei to store konteinarane han har på slep, er det elektroavfall.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det skal ikkje til Afrika, seier han med glimt i auga og fortel at den store doningen me sit i har motor til å trekke 76 tonn, men at i Noreg er det berre lov å ha 50 tonn last på bilar av den storleiken Linnerud eig. Tømmertransport har ei vektgrense på 60 tonn.

– No veg eg nok 46 tonn, fortel Linnerud.

Les også
Bjørnar køyrer E134 frå Notodden til Brunkeberg kvar dag. Tunnelen er som ei jolegåve for postmannen

Gidd ikkje

Linnerud køyrer til Austlandet frå Haugesund ein gong i veka.

– Tidlegare var det både to og fire gonger. No køyrer eg E134 austover og Hemsedal tilbake, for då skal eg til Sogn.

– Kvifor stoppa du her i dag, om du skal ha middag på Joker i Flatdal?

– Eg kom bak ein som køyrde så sakte, og det gadd eg ikkje. Eg bruka å stoppe her før, den tida dei hadde god heimelaga mat. Det har dei ikkje lenger. På Joker i Flatdal kan ein handle god mat i varmdisken til ein tredel av prisen og både betre og sunnare mat. Det er Joker i Flatdal eller Spar i Edland for meg. Der har dei også parkeringsplass for vogntog.

Litt står att

Med 15 års fartstid har Linnerud følgt tett med på vegutbygginga mellom aust og vest i landet. Han seier at han er veldig fornøgd med korleis det er blitt og er i ferd med å bli.

– No når dei held på å sprenger den stygge svingen ved Bøgrend, og har retta ut mykje mellom Åmot og Morgedal, pluss at det blir tunnel, så er det ikkje noko problem, men som sagt, eg har aldri meint at Flatdalsbakkane har vore noko å bekymre seg for. Det er einaste som står att, er strekninga etter ved Etne og Ølen. Det er litt av ein kroksti.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sparar diesel

Han vil liksom ikkje heilt seie at han ser fram til tunnelopninga 19. desember, og på spørsmål om tidssparing, seier han at det bryr han seg ikkje så mykje om.

– Men eg kjem til å bruke mindre diesel. Det er det eg er mest opptatt av. Slik sett har eg ingenting i mot å sleppe krokstien opp Flatdal. Der går det mykje diesel der.

Les også
Samferdselsministeren opnar Mælefjelltunnelen 19. desember

Linnerud eig bilen saman med broren.

– Me eig to bilar. Han køyrer den eine og eg køyrer den andre. Men han køyrer berre Hemsedal.

– Er det nokon heime som er bekymra når du er ute på langferd?

– Nei, eg er blitt så gamal at eg har god tid. Eg må vere i Løken i Aurskog torsdag eller fredag. Det er einaste timeplanen eg har. Er det dårleg føre, finn eg første parkeringsplass og trekkjer for gardinene. Då er eg ikkje med lenger.

Han fortel at om ein trailer køyrer ut, så kostar det som regel aldri mindre enn 150 000 kroner.

Utlendingane

– Mange har alt i orden, og det beste som er å få av utstyr, men det finst alltid svarte får. Og sjølv om mange av sjåførane er utlendingar, så var han var norsk, eigaren av bilen som fekk 22 500 kroner i bot for blanke sommardekk i november. Mange av dei bilane som blir køyrd av utanlandske sjåførar har norske eigarar, seier Lindrud.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ulempa er at dei utanlandske sjåførane ikkje vågar å seie nei. Slik som med Vlantana Noreg, der alle fekk arbeidskontrakt på 50 prosent, blei betala 50 prosent medan dei jobba 100 prosent og vel så det. Dei måtte skrive under oppseiinga si samstundes som dei skreiv kontrakt. Ifølgje Lastebil.no har eigarane av Vlantana innrømma alle forhold, inkludert dokumentforfalsking.

Idiotkøyring

– Det er forferdeleg mykje idiotkøyring. Det gjeld både store og små bilar. Medan eg ikkje ser over kulen på vegen framom meg og ein liten bil som ligg heilt oppi baken på min bil køyrer forbi, det er så gale og det kan fort gå gale.

Linnerud er oppgjeven av sjåførar som legg seg tett bak traileren.

– Eg ser ikkje den bilen som ligg bak meg om han køyrer for nært meg. I tillegg stoppar eg fort når eg bremsar, like fort som ein liten privatbil. Eg er tung veit du, og i kontakt med asfalten, lagar den tyngda mykje friksjon.

Linnerud testa at dette stemmer då han blei med på ei testbane i Kristiansand.

– Det var eg med stor, tung bil og han andre hadde ein liten polo. Poloen hadde lenger bremselengd enn vogntoget.

– Temmeleg skummelt for han som kjem bak?

– Om eg bremsar hardt, slår varslingslysa seg på. Men det kan jo vere lurt å ha litt avstand til meg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det kan vere skummelt å møte ein trailer. Me les om ulykker med tragisk utfall mest dagleg. Linnerud roar ikkje, han veit kva for krefter han sit på.

– Omslagsenergien til eit vogntog på 46 tonn er 2,2 millionar tonn, det er det som treff deg, seier han.

Beste vegen

I jakta på hovudveg frå aust til vest ser det til å vere vanskeleg å bestemme seg for styresmaktene.

– Kva for veg meiner du er best?

Les også
Mælefjelltunnelen blir den sjuande lengste i landet

– Om ein ikkje er vant med vegen, er Haukeli heilt forferdeleg. Hardangervidda alltid stengt. Hemsedal er stort sett open, eventuelt Fagernes som var stengt ein time i heile fjor. Største problemet med E134 er at om du kjem til Røldal og det er stengt, må du tilbake til Haugesund og køyre solkysten.

– Solkysten?

– Sørlandet.

Les også
850 000 timar bak holet i fjellet