Vil ha ned talet på ulykker: Sigrid Dahl er politistasjonssjef i Midt- og Vest-Telemark. – Me i politiet er veldig glade for dei satsingane som kjem, seier ho.

Meiner ulykkestala er for høge. – Me er opptekne av å vere ute når det er størst risiko for at det skjer noko

Førebygging av ulykker var tema då ungdomsråda i Vest-Telemark var samla i Vrådal. Målet er at ingen skal bli hardt skadd eller miste livet.

Sigrid Dahl, politistasjonssjef i Midt- og Vest-Telemark innleia samlinga. Ho fortel at det minst har vore ei dødsulykke i trafikken i Vest-Telemark kvart år.

– Det er for mykje, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tragiske ulykker med ungdom involvert var utgangspunktet for at ho utfordra kommunane i Vest-Telemark til å utarbeide ein felles plan for å førebyggje ulykker. Visjonen er at ingen skal bli hardt skadd eller miste livet ved bruk av motoriserte køyretøy.

Samling for ungdomsråda i regionen: Representantar for alle ungdomsråda i Vest-Telemark var samla på Straand hotell i Vrådal. På biletet er også nokon av dei som arbeider med ungdom i kommunane.

Politiet meiner at risikoen er for stor

Dahl meiner risikoen for ulykker er for høg.

– Det er for stor sjanse for at ungdom her blir skada eller drepen i trafikken, seier ho.

Og det er ikkje berre biltrafikken politistasjonssjefen uroer seg for. Ungdom køyrer også UTV, ATV, mopedbil, traktor, båt og vasskuter. Og det er ikkje alle som er like flinke til å bruke tryggleiksutstyr som bilbelte, hjelm og redningsvest.

Sidan dei unge flyttar seg mykje på tvers av kommunegrensene meiner ho det er viktig at fleire kommunar samarbeider om det førebyggjande arbeidet. Ho er glad for dei tiltaka som blir sett i verk og meiner at heile poenget med nullvisjonsplanen er å halde fokus på temaet over tid.

Dahl fortel at ungdom har gitt tilbakemelding om at dei ynskjer meir synleg politi.

– Me er opptekne av å vere ute når det er størst risiko for at det skjer noko, seier ho og fortel om kontrollar i helger, på kveldar og nettar.

– Men det kjem aldri til å vere nok politi til å dekke heile distriktet til ein kvar tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dahl meiner derfor det er viktig at ein i det førebyggjande arbeidet også fokuserer på korleis ein skal sette ungdom i stand til å ta gode val og gjere gode vurderingar på eiga hand.

Fryktar det er meir uvettig køyring

Med på samlinga var også fleire av dei som arbeider med ungdom i kommunane. Hilde Martini Momrak er kontakt for ungdomsrådet i Fyresdal og Merethe Reinskås er SLT-kontakt i Tokke. I tillegg har dei to engasjert seg i arbeidsgruppa «Tak vare på kvarandre — Me har ingen fleire å miste».

Momrak og Reinskås meiner det er viktig at kommunane jobbar aktivt med førebyggjande arbeid. Dei meiner nå at utviklinga går feil veg. Dei får tilbakemeldingar frå ungdom om at det både er fyllekøyring og uvettig køyring på vegane.

Ann Elisabeth Dale, som er politikontakt i Fyresdal, er også kjent med bekymringane rundt rus- og risikokøyring i Vest-Telemarkkommunen.

– Me vil prøve å vere i Fyresdal og ha litt kontrollar framover, seier ho.

SLT-kontakten i Tokke meiner at ein i det førebyggjande arbeidet også må snakke om rus og bruken av alkohol blant unge.

– Til lenger ein klarar å utsette alkoholdebuten, til tryggare er det. Når ungdommen blir eldre er dei betre i stand til å ta vare på seg sjølve, seier Reinskås.

Må ha med bygdeungdommen

Med på samlinga var også Trygg Trafikk. Brita Straume er regionleiar for organisasjonen i Telemark og fortel at dei har ein visjon om null drepne i trafikken, og ei målsetting om å halvere talet på omkomne innan 2030. For å nå det målet meiner ho det er viktig å ha med bygdeungdomen. Ho ser mellom anna at dei har andre utfordringar med transport enn ungdom i byen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei kan jo ikkje berre sette seg på trikken, seier ho.

Møtte ungdommen: Brita Straume frå Trygg Trafikk meiner det er viktig å jobbe førebyggjande, og kanskje særleg med kulturen blant ungdom på bygda.

Trygg Trafikk Telemark jobbar nå for å få til eit prosjekt som rettar seg mot ungdom og trafikktryggleik i fylket. I dette arbeidet meiner Straume det er viktig at ein tenker breitt og at ein involverer dei unge. Ho håper også at valfag i trafikk skal bli innført på alle skulane i regionen.

– Me må auke kunnskapen og kompetansen hos ungdom slik at dei kan ta gode val, seier ho.

Visjonen: Null drepne og skadde ved bruk av motoriserte køyretøy i Vest-Telemark.

Vest-Telemark har opplevd fleire alvorlege ulykker, både på vatn, på heia og etter vegen. På eit møte i Vest-Telemarkrådet i november 2020, utfordra politiet politikarane: Lat oss samlast om ein visjon om null drepne og skadde ved bruk av motoriserte køyretøy i Vest-Telemark!

Målet med nullvisjonsplanen er å samle Vest-Telemark som region kring ein felles visjon og nokre fellestiltak og ambisjonar.

Dei lokale SLT-koordinatorane er sentrale i arbeidet, og utgjer arbeidsgruppa for å koordinere det vidare arbeidet på regionalt nivå.

Vest-Telemarkrådet skal vera sekretariat for nullsvisjonsplanarbeidet og vera ansvarleg for koordinering og samhandling kommunane i mellom i dette arbeidet.

I planen er det skissert tre fellestiltak:

1. Bruke og utvikle haldningskampanjar retta mot ungdom og unge vaksne.

2. Regional skyssordning på kveld og helg -trygt heim.

3. Innføre ordninga «nullvisjon Vest-Telemark» etter modell frå Agder.

Visjonen er: Null drepne og skadde ved bruk av motoriserte køyretøy i Vest-Telemark.