290.000 permitterte og arbeidsledige mistar feriepengar

Nye tal frå Arbeids- og sosialdepartementet viser at 290.000 permitterte og arbeidsledige får mindre feriepengar neste sommar.

«Det anslås på usikkert grunnlag at dersom reglene for feriepenger av dagpenger for utbetaling i 2021 ble videreført i 2022, ville om lag 290.000 personer fått rett på feriepenger i 2022», skriv Arbeids- og sosialdepartementet som svar på spørsmål om statsbudsjettet, ifølgje NRK.

Dei som får dagpengar, har ikkje krav på å tene opp feriepengar på same måte som folk som er i jobb, men under koronakrisa kom likevel ei mellombels ordning på plass.

Artikkelen held fram under annonsen.

I forslaget Solberg-regjeringa har til statsbudsjett for neste år, vart det foreslått å stramme inn på ordninga. Ifølgje tala frå Arbeids- og sosialdepartementet vil rundt 190.000 personar som har fått dagpengar i mindre enn 25 veker i år, ikkje få rett til feriepengar neste år med innstrammingane. Resten av dei vil få redusert utbetalinga si av ulike årsaker.

Ap og Sp har ikkje foreslått å reversere innstrammingane i tilleggsforslaget sitt til statsbudsjettet. SV har foreslått feriepengar i det alternative budsjettet sitt, men har sagt at dei ikkje vil ta det opp i budsjettforhandlingane med mindre Ap og Sp gjer det og kjem med forslag til finansiering.

Det kostar 1,6 milliardar kroner å rette opp kutta.

(©NPK)