Gerd Danbolt Svalastog viser fram det gamle eldhuset. – Ferie er å gjere noko anna enn du gjer til vanleg, meiner ho.
Gerd Danbolt Svalastog viser fram det gamle eldhuset. – Ferie er å gjere noko anna enn du gjer til vanleg, meiner ho.

Transparent glede

– Porselensleire er utruleg fascinerande å arbeide med. Det har det i seg å bli gjennomskinneleg, seier keramikar Gerd Danbolt Svalastog.

Det er ein av desse vinterdagane der skydekket er tynt nok til å sleppe sola gjennom. Snøfnugga ser ut som dei aldri skal lande og det er 15 minus. I det ein ser skiltet til Mogane står Haukelifjell der framfor deg. Rett opp. Då er du snart framme i Grungedal og Svalastog, der keramikaren Gerd Danbolt Svalastog held til. Her har ho budd i 28 år, fostra opp fem ungar og drive overnattingsstad, produsert utallige keramikkarbeid og drive gardsbruk saman med mannen sin.

Det dreier seg om leire

Våningshuset på Svalastog i Grungedal er frå 1600-talet. I følgje Rikard Berge kunne namnet tyde skysstasjon eller overnattingsstad. Til saman, med støylar og det gamle telemarkstunet, held gardsbruket og overnattingsstaden godt og vel tjuge bygningar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gerd kjem eigentleg frå Gjøvik og er utdanna lærar.

– Men som så mange som har den utdanninga, har eg funne anna å gjere, ler ho. Ein lett ironisk lått, før ho viser rundt på garden.

– Eg er sjølvlært som keramikar, fortel ho.

– Eg fekk smaken på det då eg gjekk på husflidskule i Lillehammer, og lærte det grunnleggande. Resten har eg funne ut av sjølv. «Learning by doing». Det er litt sånn eg er.

I ei lita tømre ved innkjørselen til tunet bognar det av keramikk. Det er koppar og kar, englar, øyredobbar og veggobjekt. Klåre fargar og reine former. I ei hylle ligg ein stabel med bøker. Bodil Nordjorde nytta Gerd sine fat og servise i illustrasjonane i kokeboka si om jolemat.

Godt gøymd

Svalastog – keramikk, overnatting og aktivitetar – er ein del av pilotprosjektet «Godt gjemt» som blei starta i fjor. Så langt har åtte produsentar og næringsdrivande gått saman om å lage ein felles profil gjennom nettverksbygging. Svalastog er førebels den bedrifta som ligg lengst mot vest.

– Vi må lære oss å vere meir stolt av det som finst rundt oss, nært oss, meiner Gerd Danbolt Svalastog.

– Eg har ein del hyttefolk som er betre kjend her enn eg, men fyrstegongsbesøkande turistar veit ikkje om alle «perlene». Då er det viktig av vi tar oss tid til å fortelje. Det er så mykje spennande å sjå og gjere, vi må gjere folk nyfikene. Vi må vere litt stolte av det som skjer i nærmiljøet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gerd Danbolt Svalastog blir ivrig. Sjølv har ho smykka ut både symjehallen i Attføringssenteret på Rauland og symjehallen i den nye Raulandshallen, i tillegg til at ho har delteke på ei rekkje utstillingar over heile austlandsområdet. Som turistvert er ho inderleg opptatt av å få vist fram attraksjonar og anna ein ikkje må gå glipp av i Vest-Telemark.

– Ein gong sendte eg nokre danskar til Smørklepp, Vinje biletgalleri. Det sprutregna, men dei hadde gått gjennom skogen og kom attende våte og lukkelege. Dei hadde fått oppleve både Henrik Sørensen og Harald Kihle sine arbeid, og sett Aanundgårdsnuten som Sørensen så ofte let seg inspirere av. Vi må seie i frå om alle «perlene» som finst. Når folk først har kome hit, må vi by på gode opplevingar, men vi må òg gjere dei merksame på at dei ikkje har løyst billett til eit opplevingssenter. Så dei må finne fram sjølve, gjere ein innsats. Då blir bonusen større.

Svalastog har fire uteleige-einingar og kan på det meste huse 25 gjester. Ein kan til dømes bu i gamle bygningar; eit eldhus og eit stabbur. Her må du hente vatn i bekken og gå på utedo.

– Får du gjester her om vinteren?

– Å ja, her kjem det att folk år etter år. Og dei kosar seg! Ferie er jo å gjere noko anna enn det du gjer til vanleg.

Dei to nye einingane har både vatn og innedo, og ligg i eit nyare hus, der også keramikkverkstaden til husfrua er.

Gjennomskinneleg

Keramikkverkstaden i fyrsteetasjen har varme i golvet. Dreieskiva står der blank og ventar på arbeidssame hender. Keramikaren Svalastog legg ein klump porselensleire på dreieplata.

– Det er viktig at leira er homogen, fortel ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– At ho har same konsistens over det heile.

Forma er som regel klar, men det skjer at ho set seg ned og lagar andre ting enn koppar og kar, og då får fantasien strøyme.

– Porselensleire er fascinerande og utfordrande å jobbe med, ho er så rein, og så har ho det i seg å bli gjennomskinneleg. Ho sintrar, smeltar saman. Porselensleire krympar med 14 prosent når du brenn ho. Og då har du plutseleg ikkje den tekoppen du trudde, ler ho.

Ho nyttar seg av fleire teknikkar for å få dei uttrykka ho vil ha. På ei hylle står ein ti-tolv lavendelfarga koppar til tørk før dei skal brennast.

– Eg har bruka ei blanding av fargar, glasur og leirsuppe for å fargelegge med før tinga er ferdig tørka. Då kan eg risse i dei om eg vil. Deretter råbrenn eg på over 1000 grader før eg glasserar innvendig og brenner i 1225 grader. Slik får ein ei ru overflate på utsida, porselenet blir litt røffare, samtidig som overflata er glatt og god til å drikke av. Dei der, med den blå fuglen på, er fyrst brent og så måla og glassert. Dei får eit meir tradisjonelt uttrykk.

Medan ho fortel, dreier og dreier ho fram ei skål. Men keramikk skal ikkje berre dreiast, det skal òg avdreiast. Det er når ein skal få avrunda kanten nedst og laga ei fordjuping i botnen slik at det berre blir ein ring att som koppen eller karet står på.

– Då er du sikker, i alle fall ganske sikker, på at han stå beint, ler Svalastog før ho viser veg til villsauene sine.

Sau under tak

På Svalastog held dei villsau, og dei sel både skinnet og kjøtet, som er økologisk. Bustaden deira er under eit tak som er halde oppe av steinveggar. Men villsauen føretrekkjer å vere ute, vinter som sommar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei klarar seg godt ute og er lettvinte dyr. Vi har hatt dei i fem år, og har berre hatt to feilstillingar på den tida, fortel Svalastog.

– Og dei gjev utruleg godt kjøt.

Saueflokken tel om lag 70 individ som kjem springande når nokon nærmar seg. Tjukke i pelsen, og ser ut til å vere både velfødde og nøgde i kuldegradene.

Berre eit nålestikk

Det er ikkje noko stille liv ho har valt seg, Gerd Danbolt Svalastog. Men matlaging for dei tilreisande har ho valt ikkje å stå for, kanskje med unntak av pilegrimar.

– Det er berre dei som ikkje bur her, som kan kome til å tru at det er langtekkeleg å bu her. Og Grungedal er trass alt berre eit nålestikk på kartet. Ein gong skreiv musikkbladet Puls om bygda: «Idet vi gira opp i tredje, var vi gjennom.» Slik kan det også opplevast. Men vi har nok å halde på med, vi som bur her.