«Eg vil ikkje heite noko anna eg. Det er heilt greitt.»
«Eg vil ikkje heite noko anna eg. Det er heilt greitt.»

Tokke – Heimdal og Lofthus, 27 personar

Svein Olav Heimdal (61), Lårdal

Besteforeldra til Svein Olav budde i si tid i Heimdalskrysset i Lårdal, og tok like godt namnet Heimdal. Det er ei avgjersle Svein Olav i dag er fornøgd med.

– Eg vil ikkje heite noko anna eg. Det er heilt greitt, slår han fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men om han likevel måtte tatt eit anna namn, ville han fylgd gamle tradisjonar, og tatt gardsnamnet.

– Det er eit ikkje-spørsmål, men om eg måtte, ville eg ha heitt Raudekre, som er namnet på staden der eg bur, seier han.

Heimdalsnamnet er å finne fleire stader i kommunen, og ikkje alle er skyld kvarandre.

«Eg har ikkje høyrd om nokon andre som heiter Espen Lofthus, og det håpar eg ikkje heller – eg vil då vere unik».
«Eg har ikkje høyrd om nokon andre som heiter Espen Lofthus, og det håpar eg ikkje heller – eg vil då vere unik».

– Det kjem Heimdalar frå både Skafså og Dalen, eller «Møsasida» som me kallar det her i Lårdal. Det kan vera dei er skylde kvarandre, men me er ikkje i slekt med dei, forklarar Svein Olav.

Både han og broren har vore utfor misforståingar knytt til namna sine.

– Det er ein som heiter Stein Olav Heimdal på Dalen, og sjølv om det er ein bokstav som skil, har det vore litt forvirring der. I tillegg har bror min, Odd Gunnar, fått ein del post til ein Odd Gunnar Heimdal som har adresse i Oslo, humrar Svein Olav.

Espen Lofthus (18)

Tokke er einaste kommune i regionen der to namn tronar saman på popularitetstoppen, men Espen føler ikkje noko press for å skaffe Lofthusnamnet fleire berarar heilt endå.

– Eg trur ikkje eg skal forte meg med det, ler han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men det er artig at namnet lever vidare, og går gjennom generasjonane. Det er eit fint namn, og eg kan ikkje sei meg misnøgd, held Espen fram.

Om det finst fleire med namn Espen Lofthus, veit han ikkje.

– Det er i alle fall to ulike slekter som heiter Lofthus i Tokke, og eg kjenner berre til mine næraste. Eg har ikkje høyrd om nokon andre som heiter Espen Lofthus, og det håpar eg ikkje heller – eg vil då vere unik, humrar han.