Øystein Tveit er veldig fornøgd med at kontora på kommunehuset i Kviteseid er fulle i haust.
Øystein Tveit er veldig fornøgd med at kontora på kommunehuset i Kviteseid er fulle i haust.

Stillingskabalen har gått opp

I Kviteseid har to kontor stått tome den siste tida – det eine i nokre månadar og det andre i over eitt år. No er båe kontorstolane fylte att.

– Det er nesten alltid ei eller anna stilling som må fyllast i ein kommune, men akkurat no står det veldig bra til her, seier Kviteseid-rådmann Øystein Tveit.

I Kviteseid har dei i over eitt år mangla kommunalsjef for samfunnsutvikling og teknisk drift, ei stilling som no er fylt av Olav Kjetil Greivstad frå Fyresdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han startar i stillinga i løpet av august, og med det er stoda på tilsette i Kviteseid-staben er no så godt som full.

– Det er mogleg me har nokre ledige småstillingar innanfor helse i Kviteseid, men det har eg ikkje heilt oversikt over. Me er relativt oppegåande når det kjem til bemanning om dagen, seier Tveit.

Ny kommunalsjef for skule og barnehage

1. august gjekk Sigrunn Kvamme frå Kviteseid inn i eit vikariat som kommunalsjef i eining for skule og barnehage. Ho har vore skulesjef for Brunkeberg oppvekstsenter sidan 2013.

Medan ho no skal opphalde seg nede på kommunehuset det komande året, tek Hilde Berntsen over stillinga som skulesjef i Brunkeberg.

– Det er godt å vite at alt er på plass no, seier rådmannen fornøgd.