Torodd Aase kunne halde fram som lensmann til han var 70 år, men meinte tida no var inne for å sleppe yngre krefter til.
Torodd Aase kunne halde fram som lensmann til han var 70 år, men meinte tida no var inne for å sleppe yngre krefter til.

Siste dag i uniform

Når 2015 blir til 2016 er ikkje lenger Torodd Aase (65) lensmann i Seljord.

– Eg er ikkje heilt ferdig enno, smiler han og ser bort på kontorpulten.

Det er langt frå rotete. Men slik eit kontor ser ut etter å ha samla papir gjennom eit langt yrkesliv. Torodd Aase har meir enn 40 år bak seg i politiet og kring 25 år som lensmann i Seljord. I morgon er han pensjonist. Eller i alle fall nesten. Han har sagt ja til å vera driftsleiar for lensmannskontora i Vest- og Midt-Telemark også dei fyrste dagane av 2016, til ein erstattar er på plass. Kontoret i Seljord og tittelen lensmann overtek Else Krogseth Eilefstjønn frå nyttår.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om Torodd har fått rydda ferdig då.

Ville hjelpe

Med ein far som var lensmann fekk Torodd tidleg kallenamnet «Vesle-lensmannen» på skulen. Vegen kan frå utsida sjå ut som han var staka ut tidleg. Og Torodd innrømmer at han ikkje vurderte så mange alternativ. Anten skulle han bli politi eller så skulle han jobbe i biltilsynet. Det var ikkje fyrst og fremst spenninga som gjorde at valet fall på same yrket som faren. Torodd blei politi fordi han ville hjelpe folk.

– I seinare tid ser eg også at ein jobb innanfor barnevernet kunne vore eit passande alternativ. Det er for mange kvinner i barnevernet. Eller … Det er bra det altså, men det burde vore fleire menn. Det kan ikkje bli nok barnevern, seier Aase.

I morgon er Torodd Aase pensjonert politi og lensmann. – Eg har aldri grua meg til å gå på jobb, og kjem til å sakne kollegaene, seier han.
I morgon er Torodd Aase pensjonert politi og lensmann. – Eg har aldri grua meg til å gå på jobb, og kjem til å sakne kollegaene, seier han.
Kristian Thorvaldsen, Torodd Aase, Wilbers, Else Krogseth Eilefstjønn, Vegard Sundsli og Jørgen Lauvland.
Kristian Thorvaldsen, Torodd Aase, Wilbers, Else Krogseth Eilefstjønn, Vegard Sundsli og Jørgen Lauvland.

Fekk blomar frå båe

Han var innom lensmannskontoret i Tokke som ufaglært eit par somrar. Han har vore innom kontor i Bø, Rjukan, Nissedal, Notodden, Lunner og Kristiansand. Sidan 1978 har kontoret i Seljord vore arbeidsplassen hans. Men det var ikkje høve for far og son å jobbe på same lensmannskontoret og Sveinung Aase gjekk – som planlagt – av med pensjon kort tid etter at sonen byrja på kontoret.

– Det har vore ei kjempefin reise med lite konfliktar, seier han om tida på lensmannskontoret.

På slutten av 80-talet blei Torodd Aase mellombels lensmann i Seljord. Våren 1991 blei han fast tilsett.«Gratulerer, Torodd», var tittelen på 1. sida i VTB. «Det var dette me håpa på,» uttala kollegaene til lokalavisa.

– Eg hugsar folk kom bort til meg og sa det var så bra å få ein ung lensmann. Skal sei tida går, humrar han.

«Kontoret med det gode hjartelag», blei dei kalla i Seljord, ifylgje den same framsida i VTB frå 1991. Dei gjorde det på sin måte og var meir opptekne av sunn fornuft enn å fylgje paragrafane slavisk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me hadde konfliktråd lenge før det kom noko som heitte konfliktråd, seier han.

– Er det framleis kontoret med det gode hjartelag?

– Det er det sikkert ulike meiningar om, men me er opptekne av å yte service. Som andre offentlege kontor skal me vera der for publikum, svarar Aase.

På lensmannskontoret får dei i løpet av eit år mange blomar og gåver for at dei strekkjer seg litt ekstra. Som eit eksempel: Ein nabokrangel om ein veg for nokre år sidan enda med at båe partane kom med blomehelsing til kontoret som takk for hjelpa.

– Eg får av og til spørsmål om kvifor me kan vise til så gode resultat. Då svarar eg at «me trettar ikkje, men brukar tida på å jobbe», seier han med eit smil.

Meir siviliserte nå

Torodd Aase er stort sett fornøgd med vesttelane. Og han avviser at alt var betre før. Tvert om.

– Det var meir spetakkel før. Då både drakk og slost dei meir, seier den avtroppande lensmannen.

Han brukar dyrsku-helga som eit døme.

Artikkelen held fram under annonsen.

I «nyare tid» er 15–20 innom arresten i Dyrsku’n. I «gamle dagar» kunne det vera både 60 og 70 innom i løpet av dei tre dyrskudagane. Då måtte dei ha tre juristar på jobb som fortløpande skreiv ut bøter.

– Folk er meir siviliserte nå, men sjølvsagt er det større utfordringar med bruk av andre stoff enn alkohol, seier han.

Stiller opp for kvarandre

Ein svart flekk i det norske samfunnet er familievalden. Aase er frustrert over dei store mørketala i slike saker. Det kan vera ein son som bankar opp mora, ektemannen som slår kona, eller ektemannen som blir slått. Men det skjer. Og det er eit uverdig liv.

– Det er alt for få som melder frå. Slikt skal ein ikkje finne seg i. Sei ifrå, er oppmodinga frå lensmannen.

Gjennom meir enn 40 år som politimann har han opplevd mykje. Han har på nært hald sett tragediar – familiar i botnlaus sorg. Det kan vera saker med sakna personar, alvorlege ulykker eller sjølvmord. Det er tøft også for lensmannen i bygda.

– Men det gjev meg også noko. Det er godt å sjå alle rundt som stiller opp for dei som er ramma, seier han.

Måtte vente på kaka

Torodd har mange historier frå karrieren i politiet, men han er klar på at ikkje alle skal på trykk i lokalavisa. Han vil nødig henge ut nokon i avskjedsintervjuet. Men han hugsar i alle fall godt den ikkje heilt edru bonden som prøva å hale ut tida. Bonden hadde vore i ei trafikkulykke, men køyrd vidare. Politiet oppsøkte han heime.

– Dette var ein stor og kraftig kar. Me fekk ikkje kontakt med sambandet og einaste alternativet var å få han med oss friviljug. Fyrst sa han at han måtte i fjøset før han kunne bli med. Så skulle han spandere kaffi. Og ikkje nok med det, dette var før mikrobølgjeomnen kom, så me måtte jammen vente på at den frosne kaka skulle tine også. Han håpa han skulle bli edru før han blei med oss, humrar Aase.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein annan gong måtte han også konfiskere eit telefonapparat. Ein person var på tråden til lensmannen heile tida. Torodd såg ikkje noko anna val enn å reise heim til vedkomande å ta med seg telefonen.

– Han øydela beredskapen. Lina var oppteken heile tida. Politimeisteren godkjente aksjonen i ettertid og sa det var heilt rett.

Fødd optimist

Veka før jol kom meldinga om at hovudsetet i det nye politidistriktet Telemark, Buskerud og Vestfold hamnar i Tønsberg. Drammen var lenge ein favoritt, men verken Buskerud-kommunen eller grenlandsfolket som kjempa for Skien nådde fram med argumenta sine. «Uproblematisk», meiner Torodd Aase om avgjerda frå Politidirektoratet.

– For oss (vesttelane) har det ingen praktisk betydning, sjølv om det blir litt lengre avstand til makta. Men det er ikkje dei som er ute i gatene, seier han.

Han viser til at samanslåing av operasjonssentralane vil frigjere arbeidskraft til utearbeid.

– Så dette blir bra, også for distrikta?

– Ja, eg trur det blir bra. Men det vil ta litt tid, sånår det blir bra tør eg ikkje spå, seier Aase.

Han er optimist. Og det har han alltid vore. Sjølv når budsjetta ser som mørkast ut, er Torodd Aase optimist.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er fødd optimist. Det går jo stort sett bra, smiler han.

For han sjølv betydde avgjerda om hovudsetet for politidistriktet lite. Han kunne ha halde fram som lensmann til han var 70 år, men innsåg at det nå var på tide at yngre krefter overtok «roret».

Opp til politikarane

Aase skulle gjerne hatt meir tilgjengeleg mannskap i Vest-Telemark. Dagens bemanning er lågare enn den var for fem–seks år sidan. Lensmannen har ikkje nok folk til at politiet kan ha beredskapsvakt i til dømes Tokke og Vinje. Han forstår at politimeister Rita Kilvær prioriterer dei mest alvorlege sakene, som regel i Grenland. Det gjer at beredskapen i Vest-Telemark blir nedprioritert, og Aase skulle gjerne sett at det var mogleg å gjera båe delar. Han meiner stortingspolitikarane kan vera meir aktive.

– Politikarane kan til dømes i statsbudsjettet leggje føringar og seie at beredskap på landet skal prioriterast, seier han.

Torodd Aase har fleire gonger uttala at det ikkje er behov for eitt lensmannskontor i kvar kommune i Vest-Telemark. Men han ser utfordringar i regionen, og trekkjer fram Fyresdal som døme på ein kommune det må takast ekstra omsyn til. Rett og slett på grunn av geografien.

– Politikarane må på banen. Alle kontora overlever ikkje, er han klar på. Det beste er å bli einige sjølve. Ein kan ikkje sitje og vente. Om ein ser på krava, så kan kontora i Tokke, Kviteseid og Seljord blir fjerna, forklarar han, og legg til at dei i Midt-Telemark har blitt einige om å slå saman kontora i Nome, Bø og Sauherad.

Aase ser det som naturleg med to store kontor i regionen, i Vinje og i Seljord/Kviteseid.

– Eg vil ikkje meine så mykje om det bør vera i Seljord eller Kviteseid. Det viktigaste er at det blir oppretthalde eitt kontor i ein av dei to kommunane, utdjupar han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva tenker du om debatten politi og våpen?

– Eg skulle ynskt me kunne hatt ei ordning med framskoten lagring (tilgang til våpen), men eg ser at samfunnet har endra seg. Sjølvsagt ynskjer eg fred på jord, men det skjer ikkje. Men eg meiner våpena i dag er alt for synlege. Det bør det bli gjort noko med, meiner han.

 Takkar kona

Dei siste åra har Torodd Aase hatt personalansvaret for sju kontor i Vest- og Midt-Telemark. Når han no blir pensjonist kjem han ikkje til å sakne det å få mannskapskabalen til å gå opp.

– Men eg kjem til å sakne det å gå på arbeid kvar dag og vera med alle dei gode kollegaene. Me har eit sterkt samhald, seier han.

– Eg har aldri trega på at eg blei politi, og har aldri grua meg til å gå på jobb, legg han til.

Den avtroppande lensmannen innsåg tidleg at jobben er «140 prosent stilling» og at han ikkje får avspasert dei «nokre og 1000 timane» han har til gode. Og han veit at den ukurante arbeidstida ikkje kunne blitt gjennomført utan støtte på heimebane.

– Ei snill og omsorgsfull kone er heilt avgjerande, seier Torodd.

Den snille og omsorgsfulle kona heiter Berit. Ho ser nok også fram til at ektemannen nå endeleg kan slå av mobilen.

– Med unntak av feriane har eg døgnet rundt måtta ha på telefonen. Eg har ikkje blitt plaga av det, men folk rundt meg meiner det ringer nok, seier han med eit smil.

– Kva skal du til med nå når du blir pensjonist?

– Eg har ikkje rukke det eg skulle i feriane, men diverse vedlikehald, vedhogst og måling varer ikkje evig. Eg kan heller ikkje på elgjakt heile året, og bilane er så gode nå at det er lite å reparere – men eg er ikkje redd for at eg blir sitjande i ro, seier han.

Han legg til at han ser fram til å få meir tid med dei sju barnebarna.

Aase trivst elles godt når han kan gå i bratte stigingar. I løpet av sommaren og hausten er han på fleire toppturar. Og han reknar med å bli endå meir aktiv når han blir pensjonist.

Han har opparbeidd seg eit solid nettverk i Seljord, men han ser det som ein fordel at han ikkje har slekt i kommunen. Torodd kjenner «alle» og «alle» kjenner Torodd.

– Det er ikkje noko problem. Alle har si rolle. Eg har inntrykk av at folk er veldig klar over rolla mi.

– Eg trur folk er nokolunde fornøgde med meg som lensmann når eg nå gjev meg før eg går ut på dato, avsluttar Torodd Aase med eit smil.