Privatpersonen Knut Oddvar Nes (t.v.) og styremedlem Torfinn Sanden i Naturvernforbundet i Telemark kjempar for at Torvmyrane ikkje blir industritomt, og ser gjerne at det blir ein miljørevisjon av området.
Privatpersonen Knut Oddvar Nes (t.v.) og styremedlem Torfinn Sanden i Naturvernforbundet i Telemark kjempar for at Torvmyrane ikkje blir industritomt, og ser gjerne at det blir ein miljørevisjon av området.

Reagerer på næringsplanar i myrområde

Fleire nissedølar reagerer kraftig på at Torvmyrane i Treungen skal opparbeidast til næringsaktivitet. Folk ynsker å samle inn pengar for å få ein miljørevisjon av området som i 30 år har vore regulert til industri.

I april sa fleirtalet i Nissedal formannskap ja til at Kjell Asbjørn Solberg AS får kjøpe ti mål kommunal industritomt på Sundsmoen i Treungen. Vidare skal ytterlegare 20 mål av omsøkt byggjeområde vere reservert firmaet dei neste ti åra. Arealet ligg på Torvmyrane og prisen er ei krone kvadratmeteren.

Saka om å ha industri på Torvmyrane har skapt reaksjonar blant dei som vil la naturområdet vere urørt. Privatpersonen Knut Oddvar Nes og styremedlem Torfinn Sanden i Naturvernforbundet i Telemark, båe nissedølar, er svært misfornøgde med at Torvmyrane skal bli industritomt. Dei meiner kommunen heller må tenke nytt når det gjeld næringstomter i Nissedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil ha miljørevisjon

– Torvmyrane ligg i eit turområde der det også er tenkt å ha ein universell sti. Ein burde aldri ha regulert ei myr til industriområde. Den unike naturen i Nissedal blir viktigare og viktigare. Når det har vore ein så urimeleg og usmakeleg prosess i saka, reagerer eg. Einaste argument hos formannskapet som vedtok salet er at det ligg føre ein godkjent reguleringsplan. Kommunen burde hatt sett i gang miljørevisjon av området ved sist rullering av reguleringsplanen. Då kunne ein fått fram alt på bordet og til dømes sett om det er raudlista artar der, seier Nes.

– Demokrati i praksis er å køyre fulle prosessar. Eit hovudproblem i saka om sal av området på Torvmyrane er at plankontoret og formannskapet ikkje vektar alle argument på ein like god måte. Kommunen har manglande vilje til å ta naturvernomsyna inn på lik linje med anna, seier Sanden om behandlinga av eit naturområde han meiner er vanskeleg å få meir sentrumsnært.

Sanden ynskjer også at det hadde kome miljørevisjon av arealet, slik som endringsforslaget til Sp som blei nedstemt då formannskapet vedtok salet. Nes har blitt kontakta av folk som vil bidra med pengar for å gjennomføre revisjonen.

Engasjement

Nes og Sanden er engasjerte i naturvern, og har blitt kontakta av fleire i Treungen som meiner Torvmyrane må liggje urørt.

– Nesten dagleg kontaktar folk meg for å snakke om kva ein kan gjere for å berge Torvmyrane, og mange er engasjert i dette. Folk tør ikkje sjølve å engasjere seg offentleg i saka. Om ein bryr seg om naturen blir ein stempla som næringsfiendtleg, seier Nes.

I mange år har Sandens arbeid på naturens vegne blitt stempla.

– Eg blir kalla motstandar av alt. I denne saka kallar folk oss næringsfiendtlege, men det handlar ikkje om det. Klart me må ha arbeidsplassar, men endå viktigare er det med ei slik lomme som Torvmyrane. Det er flott at folk har engasjement for å berge myra, seier han.

Andre alternativ

Både Nes og Sanden er kjent med at det er andre alternativ der ein kan ha industritomt, mellom anna på eit opparbeidd areal på Sundsmoen som Treungenfestivalen brukar til campingplass under arrangementet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Solberg AS har gjort det dei har lov til å gjere ­– å kjøpe arealet, men har andre alternativ. Firmaet får kjøpe ti mål på Torvmyrane, med opsjon på 20 mål i tillegg. Eit så stort behov ser ikkje eg ut frå teikningane til Solberg, seier Nes.

Både han og Sanden undrar på om firmaet har ein heilt annan agenda for Torvmyrane, og om kvifor det er så viktig for Solberg å få akkurat 30 mål med myr.

– Skal dei vinne ut myrtorv? Det er eit produkt fleire miljøorganisasjonar jobbar for at skal bli forbode å ta ut frå myrar, slike område som nasjonalt mynde har byrja å restaurere. Eg forstår kvifor Solberg kjøper arealet om han skal ha det til myrtorv. Prisen kommunen skal ha for industritomta er ei krone kvadratmeteren, og for myrtorv får seljaren 400 kroner kubikkmeteren, seier Nes.

Avsporing

Han og Sanden har fått med seg at Solberg-firmaet har fått anonyme brev.

– Anonyme brev som er sendt til Solberg øydelegg for saka, er dei samde om.

VTB skreiv for litt sidan om dei anonyme breva som Solberg fekk, der nokon bad han å tenkje på saka ein gong til og ikkje etablere seg der verksemda ynsker. Ordføraren sa mellom anna dette om breva: «Eg blir heilt matt, og føler nesten det ligg trugsmål i breva. Her bør nokon gå i skammekroken. Éi fjær har blitt til fem høns. Å la det gå utover Solberg er heilt ynkeleg. Er ein ueinig i ei sak må ein kontakte politikarane. Ved å selje areal til Solberg har politikarane lagt til rette for meir utvikling av selskapet. Når jantelova slår til, skaper det i alle fall ingen vekst».

– Dette har ingen ting med jantelova å gjere, og uttala frå ordføraren er respektlaus, seier Nes og Sanden.

Dei avsluttar med fylgjande:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ei avsporing å bruke arbeidsplassar som eit argument for å byggje ned Torvmyrane, slik Solberg og ordføraren gjer. Ingen er imot arbeidsplassar, og i denne saka kan ein få begge delar. La Torvmyrane framleis vere det sentrumsnære friluftsområdet og eit viktig område for biologisk mangfald som det er. Samtidig kan Solberg få alternativt areal til næringsbehovet han har skissert i søknaden sin. Slik saka står nå er det opp til Solberg om han takkar ja til alternativt næringsareal, og at kommunen har vilje til å sjå heilskapleg på saka.