- Det er eit spennande prosjekt, og det blir interessant å sjå kva verknad vikarbanken får, sa Tokke-ordførar Jarand Felland.
- Det er eit spennande prosjekt, og det blir interessant å sjå kva verknad vikarbanken får, sa Tokke-ordførar Jarand Felland.

Oppretta to faste stillingar i vikarbank

Dei siste åra har sjukefråværet i helse- og omsorgsetaten i Tokke vore svært høgt. No har etaten teke grep, og eitt av dei er å tilsetje fast sjukepleiar og helsefagarbeidar i eigen vikarbank.

Både administrasjonsutvalet og formannskapet i Tokke sa ja til å opprette stillingane i ein vikarbank. Men dei vil at det skal vere eit prøveprosjekt som varer i eitt år.

Einingsleiar, Ann Wraa, skriv i saksutgreiinga at det høge sjukefråværet ikkje er bra for organisasjonen, og at det er med på å skape dårleg arbeidsmiljø. Ho peikar også på at sjukefråværet senkar kvaliteten og servicen på tenestene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nye oppdagingar gjennom «Nytt blikk»

Gjennom arbeidet med «Nytt blikk» har eininga, slik VTB tidlegare har skrive om, jobba for færre små stillingsbrøkar. Eininga har også erfart at ved å ha fast personale aukar kvaliteten på både arbeidsmiljø og tenestene.

Dermed handsama og vedtok formannskapet å opprette to faste stillingar, ein sjukeleiar og ein helsefagarbeidar, i vikarbank for helse- og omsorgsetaten.

Prøveprosjekt

Utgiftene til desse stillingane er rekna til å vere 1,1 millionar kroner årleg, og finansieringa skjer gjennom sjukelønsrefusjon og over vikarbudsjettet i eininga. Einingssjefen skal rapportere direkte til helse og sosialutvalet.

– Formannskapet ynskte at ordninga skal vere eit prøveprosjekt i fyrste omgang, og bad derfor om at vikarbanken blir oppretta for eitt år, men at dei som blir tilsette blir fast tilsette, sa Tokke-ordførar Jarand Felland (Sp).

Etatsjef Ann Wraa skriv i saksdokumenta at sjukefråværet i 2017 har gjort at etaten har bruka om lag 2,7 millionar kroner på å leige sjukevikarar, men at dei også har fått 3,5 millionar kroner i refundert sjukeløn.

Les meir om «Nytt blikk» her.