Hanne Nyland starta førre veke ny frisørsalong i Kviteseid. I stolen sit Lene Riis.
Hanne Nyland starta førre veke ny frisørsalong i Kviteseid. I stolen sit Lene Riis.

Opnar med saks og kam på heimebane

Hanne Nyland (25) opna førre veke dørene til frisørsalongen ho lenge har drøymt om å etablere.

Friseringa var i gang då VTB stakk innom Hanne Nyland frå Kviteseid onsdag førre veke. Etter ei tid heime med to barn er ho på plass att med saks og kam, denne gongen i nyoppussa lokale og eiga verksemd i heimbygda.

– Eg starta som lærling hos Kamillas hårstudio i Seljord og arbeidde der i fem år, fortel ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sidan i fjor haust har 25-åringen arbeidd med planane om å starte eigen salong i lokala som ein gong husa skobutikken til Eilefsen i Kviteseid sentrum.

– Det passa godt å starte for seg sjølv sidan frisørsalongen eg jobba i blei avvikla i Seljord. Dette er noko eg har hatt lyst til heilt sidan eg starta som frisør, smiler Nyland.

Hannes hårpleie vil halde ope tysdag, onsdag og torsdag.

– Eg vil også halde ope på laurdagar etter avtale, og vurderer å ha ein drop-in-dag. Men eg må prøve meg litt fram. Det er mykje nytt ein må setje seg inn i når ein startar eiga verksemd, fortel frisøren.

Hanne håpar kundane vil finne vegen til salongen, og ho fortel at ho tar oppdrag på alt frå barn til damer og herrar med klypp, farge, bryn eller permanent.

– Eg ser også føre meg å ta oppdrag med sminke og hudpleie etterkvart, fortel den nye frisøren i Kviteseidbyen.