Torbjørn Moen (t.v.) og kusk Vidar Hop kan smile fornøgde etter to strake sigrar for T.M. Stjerna på Klosterskogen.
Torbjørn Moen (t.v.) og kusk Vidar Hop kan smile fornøgde etter to strake sigrar for T.M. Stjerna på Klosterskogen.

Nå har T.M. Stjerna to strake sigrar

Torbjørn Moen har fått att for å ha vore tolmodig med T.M. Stjerna.

– Eg visste ikkje heilt kva eg skulle gjera, men eg hadde bruka så mykje tid og krefter at det ville vore for gale å gje ho opp, seier Torbjørn Moen i Seljord.

Han har endeleg fått att for å ha trua på T.M. Stjerna – hoppa han kjøpte som to-åring i Lesja, og som han har temt og køyrt inn sjølv heime på Øverland i Seljord. Den no 8 år gamle hoppa vann i debuten på tråvbanen i 2014. Men etter det venta mange nedturar. Det blei stadige galoppar. Ekspertane sleit med å finne ut kva som var gale.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Til slutt konkluderte veterinær Ole Einar Sem på Riseng med at ho hadde ein beinsplint i hasen og måtte opererast, seier Moen.

Komplikasjonar

Han var skeptisk til operasjon. Derfor valte han heller å tenke langsiktig og få eit avkom etter T.M. Stjerna. Men heller ikkje her gjekk det som det skulle. Det oppstod komplikasjonar. Folen var daudfødd, medan mora også heldt på å stryke med. Men det gjekk bra med T.M. Stjerna. Og Torbjørn ville gje hoppa ein ny sjanse på tråvbanen. For kring eitt år sidan blei ho operert. I fjor haust var ho tilbake i løpsbanen. Før joletider tråva ho inn til ein fjerdeog ein tredjepremie. I mars i år blei det endå ein tredjepremie, før det verkeleg losna i april. I løpet av elleve dagar vann ho to løp på Klosterskogen travbane, båe med 14 000 kroner i fyrstepremie. Med Vidar Hop i sulkyen tråva ho i mål på vinnartida 1.29.4 over 1700 meter i det siste løpet ho vann på den siste dagen i april.

I løpet av elleve dagar i april kryssa T.M. Stjerna og kusk Vidar Hop målstreken fyrst to gonger.
I løpet av elleve dagar i april kryssa T.M. Stjerna og kusk Vidar Hop målstreken fyrst to gonger.

– Ho har berre blitt betre og betre. Eg har visst at det var tæl i henne, seier eigar og trenar Moen.

Han innrømmer nok at T.M. Stjerna neppe hadde fått fleire sjansar om han hadde hatt ho i trening hos andre. Det ville blitt for kostbart. Men det har gått prestisje i å få henne tilbake i tråvbanen. Derfor var det ein rørt Moen som såg hoppa krysse målstreken fyrst 19. april – tre og eit halvt år sidan den fyrste og den til då einaste sigeren.

Har fått gode tips

Torbjørn Moen bestemte seg for å kjøpe hest då han og familien fekk seg gard i 2004. Han hadde ein ridehest i ungdomen, no var meininga å ha dyr som kunne beite på jorda. Men han kjenner godt Kjell Vidar Braaten – hestetrenaren i Vefall Brekke. Det eine tok det andre, og snart hadde Moen hest som skulle gå løp.

– Eg har fått utruleg mange gode tips og råd frå kyndige hestefolk som Kjell Vidar (Braaten) og Asbjørn Lognvik. Elles har eg bruka sunn fornuft i treninga, seier ein beskjeden hestetrenar.

Artikkelen held fram under annonsen.

 

Gjelstad på landslaget

Måndag blei landslaget i telemark presentert. Blant utøvarane som er tatt ut er Kristian Lauvik Gjelstad frå Morgedal.

 

T.M. Stjerna

- Fødd 2010

- Ljos brun hoppe etter Åsajerven og Ola's Jahnna

- 23 startar – 3 sigrar, 1 andrepremie, 5 tredjepremiar.

- Rekord: 29,4 (autostart)

- Har køyrd inn 89 500 kroner

- Eigar og trenar: Torbjørn Moen, Seljord